Stronsay

Koordinatar: 59°06′N 2°35′W / 59.10°N 2.58°W / 59.10; -2.58
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stronsay
Geografi
Stronsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°06′N 2°35′W / 59.10°N 2.58°W / 59.10; -2.58
Øygruppe Orknøyane

Areal 32,75 km²

Høgaste punkt Burgh Hill (44 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Whitehall

Demografi
Folketal 343 (2001)
Folketettleik 10,5 /km²

Stronsay er ei øy i Orknøyane, nord for Skottland. Den største landsbyen på øya er Whitehall. Øya har litt over 300 innbyggjarar. Øya er 32,75 kvadratkilometer og det høgaste punktet på øya ligg 44 meter over havet.

Av attraksjonar på øya finn ein den naturlege bogen Vat of Kirbister og sjøfuglar som isterne.

Det går ferje frå Whitehall til KirkwallOrkney Mainland.

Det er ein skule på øya. Stronsay er fødestaden til forfattaren Douglas Sutherland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne to pilspissar av flint på øya i 2007, som ein trur er frå yngre steinalder eller tidleg mellomsteinalder for 10-12 000 år sidan. Dette kan vere dei eldste funna etter menneske så langt i heile Skottland.[1]

Øya er i dag jordbruksland, men på 1700- og 1800-talet var innhausting av tang og tare og sildekonservering store industriar med opp til 5000 tilsette. Folketalet var over tusen gjennom heile 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. I 1891 budde det 1275 innbyggjarar på øya.[2]

Stronsay-monsteret var ein mystisk, rotnande leivning etter ein sjøskapning som dreiv i land på øya i 1808. Kadaveret var 17 meter langt og hadde ein omkrins på 5 meter.[3] Dette skapte stor oppstand på øya. Enkelte hevda det var ein sjøorm, medan andre meinte det var kadaveret etter ein brugde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vat of Kirbister, på austsida av Stronsay

Som nesten alle øyane i Orknøyane, består Stronsay av gammal raud sandstein.[2] Øya er generelt flat.

Med eit areal på 33 kvadratkilometer er ho den sjuande største øya i Orknøyane. Dei omliggande øyane er Linga Holm, Papa Stronsay, Holm of Huip og Holms of Spurness. I nord ligg Sanday, i nordvest Eday, Shapinsay og Mainland Orkney i sørvest og Auskerry i sør.

Teikning av «Stronsay beast» i 1808.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ross, John (5. oktober 2007) «Orkney arrowheads find points to Scotland's earliest settlement». Edinburgh. The Scotsman.
  2. 2,0 2,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. Newton, Michael (2005). «Stronsay Beast». Encyclopedia of Cryptozoology: A Global Guide. McFarland & Company, Inc. s. 442–443. ISBN 0-7864-2036-7.