Sonate i A-dur for fløyte eller blokkfløyte og cembalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonate i A-dur for fløyte eller blokkfløyte og cembalo
BWV 1032
Sonate av Johann Sebastian Bach
SjangerKammermusikk
PeriodeBarokken
Komponert1736
Publiseringsdato1866 i Leipzig
Typisk lengd12:28
Satsar/akter3
ToneartA-dur

Sonate i A-dur for fløyte eller blokkfløyte og cembalo av Johann Sebastian Bach (BWV 1032) er ein sonate i tre satsar:

  • Vivace
  • Largo e dolce
  • Allegro

I denne sonaten er ikkje klaveret berre eit generalbassinstrument som fyller inn akkordar som eit akkompagnement, men det er ein fullverdig del av sonaten med melodilinjer på eiga hand. Dette er den einaste Bach-sonaten for fløyte der det signerte manuskriptet overlevde til 1900-talet. Det vart diverre øydelagd under den andre verdskrigen. 46 taktar frå den første satsen vart på eit punkt klipt ut og moderne utgåver fyller dette gapet med nytt materiale frå den første halvdelen av satsen.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sonata for flute & keyboard in A major, BWV 1032Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.