Mikkel Grendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikkel Grendahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1775
Rennebu kommune
Død

18. januar 1849 (73 år)
Havstein

Yrke politikar, bonde, kjøpmann
Språk norsk

Mikkel Nilsson Grendahl (12. mars 177518. januar 1849) var ein norsk kjøpmann, gardbrukar og stortingsmann frå Rennebu i Sør-Trøndelag. Grendahl var ein av Hans Nielsen Hauge sine næraste venner.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grendahl var son av ein gardbrukar i Rennebu. Han tok over farsgarden, men let ein yngre bror overtake drifta av bruket, sjølv reiste han til Drammen og vart tilsett hos ein kjøpmann der. Deretter lærde han seg meir om handel i Bergen, der han mellom anna lærde seg engelsk. Han slo seg ned i Kristiansund og dreiv trelasthandel, skipsbyggeri og var skipsreiar. I sær dreiv han handel med England. År 1807 kjøpte han fire gardsbruk i Kvernes, som han selde tre år seinare.

Etter nokre år i Kristiansund kjende Grendahl uro over sin eigen åndelege tilstand. Livet som forretningsmann baud elles på mange freistingar, så han valde å vende tilbake til gardsdrift. Han kjøpte då i 1821 storgarden Havstein i Strinda (dagens Trondheim) og flytta dit året etter. Samstundes selde han alle forretningane sine i Kristiansund. Garden dreiv han fram til mønsterbruk, med stor jordveg og talrik buskap.

Grendahl vart etter kvart ein akta mann, ein aktiv medlem av samfunnet og som gav kloke råd. Frå og med 1830 representerte han Søndre Trondhjems amt på alle stortingssamlingar fram til 1842, med unnatak for 1839. På Stortinget 1842 var han med på tredje gongs vedtak om å oppheve konventikkelplakaten og lova som haugianarane var sterkt imot, og som styresmaktene jamt hadde brukt mot Hans Nielsen Hauge og meiningsfellane hans.

På Stortinget slutta Grendahl seg til opposisjonen, som utover i 1830-åra fekk eit sterkt innslag av bønder. Særleg John Neergaard sin agitasjon førte fleire bønder fram i vala. Grendahl støtta denne fraksjonen på ein forsiktig, bestemt måte gjennom å finansiere trykkinga av Neergaards kjende agitasjonsskrift, Ola-boka. Saman med Neergaard arbeidde han for opprettinga av formannskapa, eit steg på vegen for større demokrati«»sk innverknad for bønder og andre på styre og stell i kommunane.

Grendahl hadde også band til krinsen av opposisjonelle omtala som «Den hemmelige direksjon». Denne krinsen samla både bønder og andre (td. Henrik Wergeland), som planla sine framstøytar i lovsaker og som samordna avrøystingar på Stortinget. Han var 1830 og -33 medlem av komiteen for gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen, medan han 1836, 1836-37 og 1842 var medlem av Lagtinget, budsjettkomiteen og valkomiteen. Ettersom han vart utskoten av den påklaga deltok Grendahl ikkje i riksretten mot Severin Løvenskiold i 1836.

Grendahl døydde på Havstein i Strinda i 1849.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Om Hans Nielsen Hauges liv, vikrsomhet og dennes følger. 1849

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]