Vingåker

Koordinatar: 60°16′00″N 18°22′00″E / 60.26667°N 18.36667°E / 60.26667; 18.36667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°16′00″N 18°22′00″E / 60.26667°N 18.36667°E / 60.26667; 18.36667

Jarnbanestasjon i Vingåker

Vingåker er ein svensk tettstad og centralort Vingåkers kommune i Södermanlands län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde staden 4 362 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vingåker vart kjend på 1600-talet på grunn av Säfstaholms slott. Frå byrjinga av var busetnaden sterkt konsentrert omkring Västra Vingåkers kyrka, men etter at staden vart tilslutta jernbanenettet frå og med 1862 byrja staden å utvide seg i sørleg retning. I dag er sentrum konsentrert til Skräddartorget som ligg rett nord for jernbanestasjonen i retning av kyrkja. Namnet Skräddartorget peikar tilbake på tradisjonen til staden som eit viktig sentrum for tekstilindustrien. På og i tilknyting til torget finst fleire butikkar.

Vingåker fekk eit tilbakeslag då toga slutta å stoppe der i 1971. Frå år 2003 vart jernbanetrafikken gjenopptatt i form av regionale tog på strekninga Stockholm-Södertälje-Katrineholm-Hallsberg.

Tradisjonelt har staden hatt ein omfattande konfeksjonsindustri. I løpet av 1990-talet vart denne for stor del nedlagt og flytta til andre stader, og tok heilt slutt i 2005 då dei siste delane vart selt til utlandet. Grunnen skal ha vore for høge produksjonskostnader.

Vingåker er mellom anna kjend for Vingåkersdansen, Vingåkersdräkten, Vingåkers Factory Outlet, Vingåkers Volleybollklubb, Säfstaholms slott, Kjesäters folkhögskola og før dette statsministeren Göran Persson, som er fødd og oppvaksen der. Staden er òg kjend for Vingåkersrevyn som i åra 19922002 gjorde ein oppsetning ved Valborgshelgen kvart år.

Kjende folk frå eller med tilknyting til Vingåker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]