Bulbarrow Hill

Koordinatar: 50°51′01″N 2°19′56″W / 50.85034°N 2.33235°W / 50.85034; -2.33235
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bulbarrow Hill

Bulbarrow Hill er ein 274 meter høg ås nær Woolland, 8 km vest for Blandford Forum og 16 km nord for Dorchester i Dorset i England. Kalksteinsåsen er ein del av ein skrent i Dorset Downs, som dannar den vestlege enden av Southern England Chalk Formation. Delar av åsen vert utnytta til jordbruk, men består hovudsakleg av grassletter. Åsen ligg oppfor Blackmore Vale og gjev utsyn over Dorset, Somerset, Wiltshire og Devon.

Rawlsbury Camp er eit åsfort frå jernalderen som ligg på åsen. Berre nokre jordvollar er att etter festninga. Det ligg òg fleire gravhaugar på åsen.

Den 13. februar 1969 styrta eit Gloster Meteor T7 på Bulbarrow Hill. Begge pilotane mista livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°51′01″N 2°19′56″W / 50.85034°N 2.33235°W / 50.85034; -2.33235