Kate Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kate Næss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1938
Oslo
Død

15. juli 1987 (48 år)

Yrke omsetjar, lyrikar, skribent
Ektefelle Janken Varden

Kate Næss (30. august 193815. juli 1987) var ein dei norske lyrikarane som blir rekna mellom dei mest interessante frå 1960-åra, jamvel om ho ikkje gav ut fleire enn tre diktsamlingar. For debutsamlinga si fekk ho Dagbladets lyrikkpris. Ho har òg gjendikta amerikansk og tysk lyrikk, og var blant dei som introduserte sjangeren jazz & poesi i Noreg. Forfattaren Jan Erik Vold har sagt at ho var «sekstitallets hemmelige dronning» i tittelen til ei utgåve frå 2004 av Næss' samla dikt og gjendiktingar, som han var redaktør for.

Kate Næss utdanna seg til stofftrykkar ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo etter at ho hadde teke examen artium i 1956 og studert filologi nokre år. Ho var med i Studentteateret, og vart tidleg aktiv i den vidgjetne Club 7 i Oslo, som var ein eksponent for radikal motkultur i Noreg frå 1960-talet og framover. Det var ho som fann på namnet Club 7.

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Billedskrift, 1962
  • Mørkerommet, 1964
  • Blindgjengere, 1969

Nyutgjevingar av diktsamlingane:

  • Næss, Kate. 1969. Dikt. [Oslo:] Dreyer. ISBN 82-09-10558-2
  • Næss, Kate. 1989. Gjendiktninger. [Oslo:] Dreyer. ISBN 82-09-10559-0
  • Vold, Jan Erik (red.). 2004. Kate Næss : sekstitallets hemmelige dronning : samlede dikt og gjendiktninger. [Oslo:] Den norske lyrikklubben. ISBN 82-525-4566-1