Charles James Fox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles James Fox

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 24. januar 1749
Westminster
Død

13. september 1806 (57 år)
Chiswick

Yrke politikar, historikar, antislaveriaktivist
Språk engelsk
Politisk parti Whigpartiet
Medlem av Académie des inscriptions et belles-lettres
Far Henry Fox, 1st Baron Holland
Mor Caroline Fox, 1st Baroness Holland
Ektefelle Elizabeth Armtistead
Partnar Mary Robinson
Charles James Fox på Commons

Charles James Fox (24. januar 174913. september 1806) var ein britisk politikar som var medlem av whigpartiet. Han var kjend for sin motstand mot slaveriet, og si støtte til sjølvstende for USA. Han var minister i fleire britiske regjeringar, år 1782 var han Storbritannias fyrste utanriksminister.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Fox var fødd i London. Far hans, Henry Fox, hadde lagt seg opp ein større formue gjennom sitt regjeringsembete som kasserar for dei militære styrkane (Paymaster of the Forces).

Fox fekk velje fritt kva gjaldt eiga utdanning. I 1758 byrja han på den fasjonable Wordsworth-skulen og gjekk deretter på Eton College. På Eton utvikla han livsvarig kjærleik til klassisk litteratur. I 1761 tok faren han ut av skulen for at sonen skulle oververe kroninga av Georg III, som seinare skulle verte ein av hans bitraste fiendar. To år seinare vart han på nytt teken ut av skulen, då for å vere med på reise til Paris og Spa i Belgia. På turen fekk han frå faren eit stort pengebeløp, så han kunne lære seg å gamble. Faren ordna det også slik at sonen kunne miste jomfrudomen, hos ei Madame de Quallens. Tilbake på Eton møtte han kledd i siste mote frå Paris og med fransk aksent, og vart grundig prylt av rektor. Desse tre trekka; gambling, skjørtejakt og gleda over utanlandske skikkar og mote skulle fylgje Fox resten av livet.

Oktober 1764 byrja Fox på Hertford Collge i Oxford, utan nokon gong å avlegge eksamen. Han la ut på fleire utanlandsferder, og vart ein velkjend figur i dei parisiske salongane. Der trefte han framifrå folk som Voltaire, Edward Gibbon, hertugen av Orleans og marki Lafayette. Saman med hertug de Lazun vart han eigar av fleire veddeløphestar.

Tidleg politisk karriere 1768-74[endre | endre wikiteksten]

Til parlamentsvalet i 1768 kjøpte Henry Fox valkrinsen Midhurst i West Sussex til sonen sin. Nitten år gamle Charles var teknisk sett ikkje valbar til parlamentet. Fox tala i åra mellom 1768 til 1774 omkring 254 gonger i parlamentet. Han vann fort ry som ein framifrå talar, men hadde ikkje utvikla sine radikale synsmåtar som han seinare vart så kjend for. Uvitande skulle han i desse tidlege åra kome til å forsyne sine seinare kritikarar og deira komande skuldingar om å hykle. Han støtta Grafton- og North-ministeria, og Fox vart ein leiande i å få den radikale Jon Wilkes straffa for å ha utfordra Underhuset. «Han starta såleis sitt politiske virke med å tale på vegner av underhuset mot folket og den valde representanten deira». Både Fox og ein bror vart i gatene i London etterpå overdynga med fornærmingar og gjørme av ei pro-Wilkes-folkemengd.

I februar 1770 utnemnde Lord North Fox til styremedlem av admiralitetet. Allereie den 15. februar trekte han seg grunna sin kraftige motstand mot regjeringas «Royal Marriages Act». Tilfeldigvis kasta lovutkastet tvil om legitimiteten til ekteskapet mllom hans eigne foreldre. 28. desember 1772 utnemnde North Fox til styremedlem av skattkammeret. Vel året etter, i februar 1774, trekte han seg på nytt. Denne gongen gjekk han av grunna det han meinte var svak respons frå regjeringa vedkomande fornærmande trykking og distribusjon av kopiar av parlamentsdebattar. Bakom desse hendingane låg familien sin harme over at North hadde avslege å forfremje familiebaroniet til jarlestatus. Kong Georg III, som også var merksam på Fox sitt berykta, hemningslause privatliv, oppfatta det som dårskap og vurderte Fox som ein som ikkje tok på alvor.

Den USA-amerikanske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Påverka av Edmund Burke og hendingane i USA, byrja Fox etter 1774 å revurdere si politiske rolle. Burke hadde merka seg den unge whigen og vart læremeisteren hans. Fox fjerna seg frå den lite ideologiske, familieorienterte politikken og orienterte seg i retning Rockingham sitt whigparti.

I denne perioden vart Fox den kanskje fremste og mest kritiske parlamentarikaren til Lord North og til framferda under den amerikanske krigen. År 1775 fordømte han North i underhuset som «den famlande losen som hadde bringa landet i vanskane det stod i...» Korkje Lord Chatham, kongen av Preussen, ei heller Aleksander den store hadde nokon gong vunne meir i ein krig enn det den stolte lord hadde tapt – han hadde tapt eit heilt kontinent.

Fox, som brevveksla med Thomas Jefferson og hadde møtt Benjamin Franklin i Paris, spådde at Storbritannia knapt kunne håpe å undertrykke koloniane, og såg på den amerikanske saka som ein strid for sjølvstende mot den undertrykkande politikken til eit despotisk og uansvarleg maktbrynde. Kring den tid byrja Fox og tilhengarane hans å kle seg i lerfarge og blått, uniformsfargane til George Washington sin hær.

Fox sitt politiske virke må frå den tid sjåast i lys av den gjensidige uviljen mellom han og kong Georg III, som truleg var den mest entusiastiske talsmann for den amerikanske krigen. Fox vart overbevist om at kongen var bestemt på å utfordre parlamentet og den konstitusjonelle balansen etablert i 1688, for så å danne eit tyranni á la kontinentet. Kongen oppfatta Fox som ein som «hadde fridd seg frå eit kvart prinsipp om allmenn ære og ærlegdom, ein mann likså avskyeleg som han er motbydeleg, og har aversjon mot all sjølvkontroll». I 1780 gjorde John Dunning framlegg i parlamentet om at «Krona si makt har auka og er aukande, og bør verte minka», eit framlegg som vart vedteke med 233 røyster mot 215.

Fox gledde seg storleg over avrøystinga i parlamentet. Sjølv var han ikkje til stades under debatten, då han var oppteken med å leie eit stort folkemøte i den tilstøytande Westminster Hall. Bak han hang eit stort banner med krav om «årlege parlament og likeverdig representasjon». Fox vart omfamna av den radikale rørsla, særleg akta for sin kamp mot kongemakta. Då Gordon-oppreistane fann stad i London i juni 1780, uttala Fox at «han mykje heller ville verte styrt av ein mobb enn av ein ståande hær». Ein månad seinare vart Fox vald til parlamentsmedlem frå den største og mest prestisjetunge valkrinsen i Westminster. Krinsen hadde 12 000 veljarar og Fox fekk tittelen «folkets mann».

Joshua Reynolds: Charles James Fox, 1782

Konstitusjonell krise. 1782-84[endre | endre wikiteksten]

North gjekk som statsminister av i mars 1782, mykje som fylgje av den katastrofale krigen i Nord-Amerika. Det nye ministeriet vart leia av greven av Rockingham, medan Fox vart utanriksminister. Rockingham erkjende sjølvstendet til dei tretten koloniane, men døydde brått 1. juli. Fox avslo å vere med i det påfølgjande Shelburne-ministeriet og splitta dermed whigpartiet. Far til Fox var overbevist om at Shelburne, ein støttespelar til William Pitt den eldre, etter fredsavtalane av 1763 hadde hindra han i minister-ambisjonane hans. Fox kom då i opposisjon mot Shelburne, saman med sin bitre fiende North. Basert på denne einaste fellesinteressa, pressa ein stor majortitet danna av Norths toryar og Fox opposisjonelle whigar Shelburne-ministeriet over til kongen.

Fox-North-koalisjonen kom til makta 2. april 1783, trass motstand frå kongen. Det vart fyrste gongen Georg III ikkje fekk spele noko rolle i å avgjere kven som skulle sitje i regjeringskontora. Kongen tenkte alvorleg på å abdisere, etter det omfattande nederlaget for hans amerikanske politikk og utnemninga av Fox og North. Viktigaste grunnen til at han let vere, var at han då hadde vorte etterfylgd av sonen sin, ein notorisk gamblar og skjørtejeger med kontaktar til Fox. Kong Georg let det elles skine gjennom at han heldt Fox prinsipielt ansvarleg for prinsen sine mange skavankar, ikkje minst ein tendens til å spy offentleg.

Fox la fram eit lovforslag ('East India Bill') som i underhuset i parlamentet fekk tilslutnad frå 153 mann, 80 røysta imot. Siktemålet var å ansvarleggjere det skrantande British East India Company overfor parlamentet. Men då kongen truga adelen med personleg fiendskap om dei røysta for lova, avviste overhuset lovforslaget med 95 mot 76 røyster. Kong Georg avsette sidan regjeringa og utnemnde William Pitt den yngre til fyrsteminister, den yngste statsministeren i Storbritannia nokon gong. Fox motsette seg utnemninga av Pitt, og alle hans framlegg. I dette vart han oppbakka av majoriteten i parlamentet, men i mars 1784 løyste kongen opp parlamentet.

Etter valet kunne Pitt mønstre ein større majoritet i parlamentet. Fox sjølv vart attvald med knapp margin. Valet i krinsen hans, Westminster, enda med ein årelang rettsprosess før det vart godkjent. I mellomtida sat han i parlamentet for den rotne valkrinsen Tain of Northern Burghs. For å representere denne krinsen hevda han å vere borgar av byen KirkwallOrknøyane.

Erfaringa frå desse åra forma Fox syn på politikk. Han var overbevist om at kong Georg personleg hadde spylt ut både regjeringane Rockingham-Shelburne og North-Fox. Samstundes hadde kongen brote inn i den lovgjevande prosessen og oppløyst parlamentet når det ikkje lydde han. Fox såg på Pitt, ein mann med låg formue og utan parti, som eit høgrøysta reiskap for krona. Kongen og Pitt hadde derimot stor folkeleg støtte, og mange i pressa såg på Fox som ein bråkmakar som utfordra sjølve konstitusjonen og det kongen hadde att av maktmidlar. Ofte vart Fox i desse åra karikert som Oliver Cromwell, Guy Fawkes, Machiavelli eller Satan.

I lojal opposisjon. 1784-88[endre | endre wikiteksten]

Ei av dei fyrste embetshandlingane til Pitt i 1785 var eit forslag om å fjerne 63 rotne valkrinsar. Parlamentsseta skulle i staden gå til London og nokre store valkrinsar. Fox støtta Pitt sitt forslag, men det fall med 248 røyster mot 174.

I 1787 vart Warren Hastings, guvernøren i Bengal fram til 1785, sett under riksrettstiltale for korrupsjon og underslag. Femten av dei 18 riksrettsmedlemene var foxittar, medrekna Fox sjølv. Fox var særleg interessert i saka då ho eigna seg til å synleggjere vanstyret i Britisk India. Samstundes som riksrettssaka kunne reinvaske hans East India Bill frå 1784, lovforslaget som hadde ført til at kongen avsette regjeringa North-Fox. Vidare kunne saka sette Pitt i ein trasig politisk posisjon, ettersom denne vart tvinga til tvitydig tale om riksrettssaka, for ikkje å legge seg ut med kongen eller British East India Company på den eine sida, ei heller William Wilberforce på den andre. Saka drog ut, Hastings vart dømd fyrst i 1795, og Fox mista interessa for saka som i større grad vart leia av Edmund Burke.

Konstitusjonell krise. 1788-89[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1788 utvikla kong Georg III galskap. Han byrja tale med eiketre som om dei var kongen av Preussen, og endå meir urovekkande, han kalla Pitt ein skurk og Fox ein venn. Kongen vart sett under tvang. Eit rykte ville ha det til at Fox hadde forgifta han. Slik kunne det la seg ordne at prinsen av Wales, Fox sin allierte, kunne ta styringa og utnemne Fox og hans menn til regjering.

Fox var i Italia då krisa braut ut, og hadde bestemt seg for ikkje å lese aviser. Fyrst den 25. november 1788 var han tilbake i England, og vart då svært sjuk. Eit heilt år gjekk før han vart heilt frisk. 10. desember 1789 erklærte Fox at prinsen av Wales omgåande kunne ta posisjon som regent. Til dette hevda Pitt at prinsen ikkje hadde større rett til trona enn nokon annan brite, sjølv om han hadde eit meir rettkome krav, ettersom han var kongen sin fyrstefødde son. Bakom dei to syna låg ulike vurderingar av kongen sin sjukdom. Pitt rekna kongen sin sinnssjukdom som forbigåande, Fox rekna han for permanent. For Fox var kongen, konstitusjonelt sett, død.

Pitt stilte spørsmål om det lovmessige grunnlaget for eit regentstyre. Samstundes sette han i gang prosessen med å lage ei lov ('Regency Bill'), og med å få henne gjennom i parlamentet. Han forhandla fram ei rekke avgrensingar i maktmidlane til prinsen av Wales som regent. Lova fekk fleirtal i underhuset 12. februar 1790. I det lordane skulle til å handsame lova, vart det kjent at kongen var i ferd med å verte betre. Dermed stoppa saksgangen opp.

James Gillray sin karikatur frå 1791 viser Fox i ferd med å kappe hovudet av Georg III

Den franske revolusjonen. 1789-91[endre | endre wikiteksten]

Fox helsa den franske revolusjonen velkomen i 1789, han tolka den som ei forseinka kopiering av britane sin ærefulle revolusjon av 1688. Han tala om stormen på Bastillen som «det største og beste som har hendt i verda». I underhuset i april 1791 sa han at beundra den nye grunnlova til Frankrike, samla sett var ho den mest omfattande og ærerike grunnmur for fridom som nokon gong og i noko land har vorte reist, basert på grunnlag av menneskeleg rettferdssans. Han vart noko forvirra over vennen Edmund Burke, som i skriftet 'Reflections on the Revolution in France' åtvara mot at revolusjonen var ein valdeleg oppreist mot tradisjon og rettvis orden. Burke hevda revolusjonen vart driven av utopiske og abstrakte idear utan rot i røyndomen, som ville leie til anarki og til sist til diktatur. Fox las boka, som han mislikte, og meinte ho tala for prinsipp hevda av toryane.

Fox konsentrerte seg om å hindre lovforslaget «Test and Corporation Acts», ei lov som ville innskrenke rettane til engelske dissentarar. 2. mars 1790 gav han ein lang og uttrykksfull tale til eit fullsett underhus:

Forfylgjarane seier alltid dei veit betre fylgjene av meiningane dine enn du sjølv gjer. Men ordlyden til toleransen var alltid vennskapleg, liberal og rettferdig; den uttrykte tvil og erkjende si eiga fåkunne... Forfylgjaren har alltid resonnert frå grunngjeving til utslag, frå meining til handling, [at ei slik meining utan unnatak leier til ei bestemt handling], noko som jamnast har vist seg feilaktig. Medan toleranse ufråvikeleg fører oss til rettferdige slutningar, ved å dømme etter handlingar og ikkje meiningar.

Pitt forsvara den anglikanske kyrkja, og såg på lova som eit uttrykk «for den visdomen forfedrane danna til bolverk for kyrkja, med ei innretning så nært knytt til staten si, at tryggleiken til den eine alltid var utsett for den faren som den andre vart utsett for».

Burke frykta for den radikale omveltinga ein såg i Frankrike og tok parti med Pitt i debatten. Han avfeia nonkonformistane som menn med splittande og farlege prinsipp. Fox svara at Burke si «underlege oppgjeving av sine tidlegare prinsipp... fylte han med sorg og skam». Forslaget til Fox fall med 294 røyster mot 105. Seinare støtta Fox «Roman Catholic Relief Act», ei lov som utvida rettane til britiske katolikkar.

Utanriks var Storbritannia i 1791 nærare krig med Spania og Russland, enn med det revolusjonære Frankrike. Fox tala mot dei krigerske haldningane som rådde i Pitt-ministeriet i krisa kring Nootka Sound, samt kring den russiske okkupasjonen av den tyrkiske hamnebyen Otsjakiv ved Svartehavet. Fox ytte sitt til den avmålte utsegna i høve desse flokane, og vann ein beundrar i Katarina den store. 18. april tala Fox i underhuset, saman med William Wilberforce, Pitt og Burke, for tiltak som ville avskaffe slavehandelen. Trass i deira samla retoriske talegåver, vart dei nedstemt med ein fleirtalsdifferanse på 75.

Den 6. mai 1791, etter ein tårevåt konfrontasjon på golvet i underhuset, vart venskapen mellom Fox og Burke knust for godt. Burke bytta då på dramatisk vis side i underhuset, og sette seg jamsides Pitt. Ein heil del av dei konservative whigane fylgde etter han.

«Pitts terror.» 1791-97[endre | endre wikiteksten]

Fox heldt fram å forsvare den franske revolusjonen, også etter fruktene byrja kollapse i retning krig, undertrykking og terrorstyre. Han såg på det revolusjonære Frankrike som det minste av to vonde, og la vekt på tradisjonelle despotar si forvrenging av utviklinga av revolusjonen. Mellom anna hevda han at Ludvig XVI og det franske aristokratiet sjølv hadde sørgd for si eiga skjebne, då det vanvyrde grunnlova av 1791. Dessutan hadde koalisjonen av europeiske autokratar, som var i ferd med å samle sine hærar ved Frankrikes grenser, drive den revolusjonære regjeringa til drastiske og blodige åtgjerder mot ei nasjonal, nervepirrande krise. Fox vart ikkje overraska då Pitt og kongen førte Storbritannia inn i krigen, og la i ettertid skulda på dei og deira europeiske støttespelarar for dei langvarige framhalda av dei franske revolusjonskrigane.

Fox si radikale innstilling vart snøgt for mykje for mange av hans fylgjesvener, særleg for gamle whig-vener. Kring juli 1794 vart frykta deira for Frankrike større enn uviljen deira mot Pitt etter hans handlingar i 1784. Dei kryssa golvet i underhuset og tok sete i benkane til regjeringa. Fox forstod ikkje dei kunne «skjemme seg ut» på slikt eit vis. Etter desse avhoppingane, redusert til vel 50 parlamentsmedlemer, stod ikkje foxittane lenger fram som ein truverdig parlamentarisk opposisjon.

Fox heldt likevel fram med å utfordre den undertrykkande lovgjevinga som Pitt fremja under krigsåra, og som noko overdrive har vorte kalla Pitts terror. I 1792 fekk Fox gjennom den einaste større lova i si tid som politikar, «Libel Act 1792». Lova gav juryane tilbake retten til å avgjere kva utsegn som var lovleg eller ulovleg, i tillegg til å avgjere om ein saksøkt var skuldig. E. P. Thompson seier det var «Fox si største teneste til folket, gjennomført i den ellevte timen før bølgja med undertrykking kom i gang». Lova vart vedteken 21. mai, same dagen som ein kongeleg proklamasjon mot opphissande skriveri vart trykt. Regjeringa bringa fleire saker for retten dei næraste to åra, enn det regjeringane hadde gjort i alle tidlegare år av det 18. hundreåret.

Fox tala mot kongen sin tale den 13. desember 1793, men tapte med overlegne 290 stemmer mot 50. Han argumenterte mot krigstiltak som utplasseringa av hessiske troppar i Storbritannia, tilsetting av franske rojalist-emigrantar i den britiske hæren, og fram om alt mot Pitt si oppheving i 1794 av «habeas corpus». Han sa til representantane i underhuset at «vi hadde ingen invasjon å frykte anna enn ein invasjon av grunnlova».

I 1795 vart karjolen til kongen angripen på gata. Pitt fann då høve til å kome med to berykta lover. «Seditious Meetings Act 1795» forbaud samlingar med meir enn 50 menneske, om dei ikkje hadde fått løyve til det. Den andre, «Treasonables Practices Act», var ei lov som sterkt utvida den juridiske definisjonen av forråding, og gjorde alle angrep mot grunnlova straffbare med sju års forvising. Fox var ti gonger på talarstolen, og hevda at Pitt i samsvar med prinsippa i den føreslegne lovteksta skulle ha vore forvist eit tiår før 1785, då han hadde vore talsmann for ei parlamentsreform. Fox åtvara underhuset om at «viss dykk teier innvendingar og kveler klagemål, då etterlet dykk ingen andre alternativ enn makt og vald». Han fann at beste vernet for å oppretthalde grunnlova låg i grundig og vedvarande årvakne hos folket mot parlamentet sjølv. Møte mellom folk der dei diskuterte offentlege emne var ikkje berre lovleg, men rosverdig.

Parlamentet vedtok lovene. Men Fox mottok under kontroversane mykje støtte frå krinsar utanfor parlamentet. 16. november 1795 tala han om saka på eit folkemøte med mellom 2 og 30 000 tilhøyrarar. Foxittane var likevel i håplaust mindretal og vart etter kvart desillusjonert over underhuset, overveldande dominert av Pitt, og byrja seg i mellom å fordømme det som urepresentativt.

James Gillray sin karikatur syner Fox i det han forlet parlamentet. 1798

Politisk ørkenvandring. 1797-1806[endre | endre wikiteksten]

Kring mai 1797 slutta eit overveldande fleirtal, både i og utanfor parlamentet, opp om Pitt sin krig mot Frankrike. Foxs fylgjesveinar i parlamentet hadde skrumpa til om lag 25, mot i kring 55 i 1794 og minst 90 i 1780-åra. Mange av foxittane trekte seg frå parlamentet i 1797, og Fox sjølv heldt seg i lengre periodar i Surrey, i huset til kona. Avstanden til ståket i Westminster var ei stor lette for han, både psykologisk og åndeleg. Han forsvara sterkt sine tidlegare oppfatningar, og rosa seg sjølv for sin utrøyttelege kamp mot krigen.

1806. Utanriksminister og død[endre | endre wikiteksten]

Etter Pitt gjekk av i 1801, vende Fox delvis tilbake til politikken. Etter å ha avfeia Addington-ministeriet som eit pitt-liknande reiskap for kongen, nærma Fox seg Grenvillegruppa, som delte hans støtte til katolsk frigjering og som danna det einaste parlamentsalternativet til ein koalisjon med pittane. Då Pitt, som på ny var førsteminister frå 1804, døydde i januar 1806, var Fox den einaste gjenverande store politiske figuren, og kunne ikkje nektast plass i regjeringa. Grenville danna sitt «Ministry of All the Talents», og baud Fox plassen som utanriksminister. Regjeringa mislukkast både med å oppnå katolsk frigjering og fred med Frankrike. Derimot lukkast Fox med si siste store gjerning; å få oppheva slavehandelen. Fox sjølv var død før prosessen var fullført, men hadde oppsyn med at parlamentet våren 1806 vedtok 'Foreign Slave Trade Bill'. Lova forbaud britiske borgarar å delta i handel med slavar med koloniar tilhøyrande Storbritannias fiendar, dermed forsvann to tredelar av den britiske slavehandelen.

Den 10. juni 1806 la Fox i parlamentet fram forslag om total oppheving av slavehandelen med orda; «dette huset oppfattar den afrikanske slavehandelen å vere i strid mot prinsippa for rettferd, humanitet og sunn politikk, og vil halde fram med å ta effektive åtgjerder for oppheving av nemnde handel». Underhuset røysta for med 114 mot 15, og overhuset godkjende vedtaket den 25. juni.

Utanriksminister Fox døydde i London i september 1806. Han etterlet seg ei gjeld på 10 000 pund, likevel berre ein fjerdepart av det Pitt skulda då han døydde tidlegare same året.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Fox sitt privatliv var berykta, også i ei tid då samfunnselitane var kjende for si ageløyse. Han var berømt for si nasevise og si drikking, lastar han dyrka både ofte og utan grenser. Elles var han kjend som ein berykta gamblar, ein gong hevda han at å vinne i pengespel var den største lukke i livet, medan å tape var den nest største. Mellom 1772 og 1774 dekte far hans 120 000 pund av gjelda hans (omrekna til dagens prisar 95-100 millionar norske kroner). Han gjekk konkurs to gonger i løpet i fyrste halvdelen av 1780-åra.

Kroppsleg var Fox temmeleg tjukk og med ein kraftig hårmanke. Ansiktet var rundt med frodige augebryn, whigane kalla han seg i mellom for «augebrynet». Sjølv om han som middelaldrande framstod som feit og pjuskut, hadde den unge Fox vore ei moteprega type. Mellom anna hadde han vore leiar for Maccaroni-gjengen, ein gjeng unge som fylgde ekstravagante, kontinentale motar.

Fox var truleg den mest låtteleggjorde person i England i det 18. hundreåret, det mest berømte dømet var James Gilray si framstilling av Fox som ein jakobinsk skurk. Kongen såg på Fox som ein utan moral og som fordervar av hans eigen son. Også dei evangelisk-kristne rørslene som var i frammarsj, fordømte utskeiingane hans. Tilsynelatande var Fox lite plaga av dei kritiske røystene, han tok sjølv vare på ein del av karikaturane. Ein ven av han sa at sidan «respekten frå omverda var så å seie uoppretteleg, vart han så forherda overfor det som vart sagt om han at han aldri heldt tilbake ein einaste tanke, ei heller dempa han eit einaste uttrykk i offentlege samanhengar».

Trass i sine velkjende lyte framstiller soga Fox som ein likandes kar. Den vittige toryen George Selwyn skreiv at han hadde vore saman med han to kveldar, «og aldri var nokon så imøtekomande, og det utan han hadde nokon særleg grunn for å vere det». Edward Gibbon ytra at «kanskje fanst ikkje noko menneske så fullstendig fri for eit snev av skadefryd, fåfengd og hykling». For å forstå Fox sitt liv må ein ha med hans oppfatning om at «vennskap er den einaste verkelege lukke i livet». Han hadde lita eller inga interesse i å utøve makt. Detaljane i politikken, særleg i økonomien, keia han. Fox sin sjenerøse natur gjorde han i realiteten ganske håplaus som partileiar, ofte tilsynelatande utan vilje til å disiplinere sine ustyrlege støttespelarar. Særleg gjaldt dette dei unge, som var sterkt representert mellom foxittane.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Skiljet mellom pittar og foxittar i parlamentet etter den franske revolusjonen, dannar på mange måtar utgangspunktet for det ideologiske skismaet mellom konservative og liberale i det 19. hundreåret. Fox og Pitt vart i parlamentshistoria hugsa som legendariske, politiske og oratoriske opponentar, som ikkje fann sine makar før William Gladstone og Benjamin Disraeli møttest meir enn eit halvt hundreår seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]