Edwin Henry Landseer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edwin Henry Landseer

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 7. mars 1802
London
Død

1. oktober 1873 (71 år)
London

Yrke kunstmålar, bilethoggar, bygningstegner, raderer
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Far John Landseer
Mor Jane Potts
Edwin Henry Landseer på Commons

Edwin Henry Landseer (7. mars 18021. oktober 1873) var ein britisk kunstmålar, bilethoggar og grafikar. Han var fødd og døydde i London.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Monarch of the glen, 1851
Windsor slott i moderne tider, 1840-43

Landseer måla i den romantiske stilen. Motiva hans var i fremste rekke dyr og natur, særleg hundar og hestar. Hunderasen landseer har namn etter han. Mange av måleria hans er prega av ein tendens som skulle framheve ei moralsk oppfatning, eller fortelje ei soge. Dei sentimentale bileta var svært populære og nådde eit stort publikum gjennom ulike stikk. Hans mest kjende bilete er Monarch of the glen frå 1851.

Som bilethoggar er Landseer kjend for å ha forma dei fira løvefigurane som omgjev statuen av admiral NelsonTrafalgar Square i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Edwin Henry Landseer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon