Jesus Is Just Alright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Jesus Is Just Alright»
Singel av The Byrds
frå albumet Ballad of Easy Rider
B-side

«It's All Over Now, Baby Blue»

Utgjeve 15. desember 1969
Innspelt 17. juni 1969 i Columbia Studios i Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 2:10
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Arthur Reid Reynolds
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
«Ballad of Easy Rider» «Jesus Is Just Alright» «Chestnut Mare»
(1970)


Jesus Is Just Alright
song av The Doobie Brothers
frå albumet Toulouse Street
Utgjeve 15. november 1972 (album)
Innspelt Warner Bros. Studios i Hollywood, 1972
Sjanger Pop, rock, funk
Lengd 4:36 (3:50 på singel)
Selskap Warner Bros. Records
Låtskrivar(ar) Arthur Reid Reynolds
Produsent Ted Templeman
«Jesus Is Just Alright»
Singel av dc Talk
frå albumet Free at Last
Utgjeve 1992
Innspelt 1992
Sjanger Hip-hop, rock
Lengd 4:41
Selskap ForeFront Records
Låtskrivar(ar) Arthur Reid Reynolds, Toby McKeehan
Produsent Toby McKeehan, Mark Heimermann
dc Talk-kronologi 
«Can I Get a Witness» (1992) «Jesus Is Just Alright» «Lean On Me»
(1993)


«Jesus Is Just Alright» er ein gospelsong frå USA som vart skriven av Arthur Reid Reynolds. Han vart fyrst spelt inn på plata til The Art Reynold Singers - Tellin' It Like It Is (1966).

På 1960-talet i USA var «all-right» eit slang-ord for noko kult eller veldig bra. Songen set omgrepet i ein religiøs kontekst. Han har seinare blitt covra av mange artistar, m.a. The Byrds, Underground Sunshine, The Doobie Brothers, Alexis Korner, The Ventures, dc Talk, Shelagh McDonald og Robert Randolph (med Eric Clapton).

Versjonen til The Byrds[endre | endre wikiteksten]

The Byrds spelte inn songen den 17. juni 1969, og han vart teken med på deira åttande album, Ballad of Easy Rider. 15. desember vart han også gjeven ut som singel, men nådde berre 97. plass på Billboard-lista.

Det var trommeslagaren i The Byrds, Gene Parsons som hadde lært songen til resten av bandet. Parsons hadde vore i studio då The Art Reynold Singers spelte songen inn. «Jesus Is Just Alright» blei lagt til i live-repertoaret til The Byrds og vart raskt ein publikumsfavoritt. Bandet spelte han mykje på konsert mellom 1969 og 1971, men berre sjeldan etter denne perioden. «Jesus Is Just Alright» er med på fleire av samle-platene til The Byrds.

Versjonen til The Doobie Brothers[endre | endre wikiteksten]

The Doobie Brothers spelte songen inn tidleg på 1970-talet og hadde han med på si andre plate, Toulouse Street frå 1972. I november same året gav dei «Jesus Is Just Alright» ut som singelplate i tillegg. Deira versjon blei populær i USA; singelen kom på 35. plass på Billboard-lista i februar 1973. Enno blir «Jesus Is Just Alright» av The Doobie Brothers spelt mykje av radiokanalar som speler klassisk rock i USA.

The Doobie Brothers lærte songen ved at dei høyrte versjonen til The Byrds. Det musikalske arrangementet er også svært likt The Byrds sitt, bortsett frå at The Doobie Brothers la til eit ekstra mellomspel.

Versjonen til dc Talk[endre | endre wikiteksten]

dc Talk spelte inn sin versjon av «Jesus Is Just Alright» til si tredje plate, Free at Last frå 1992. Songen kom i tillegg ut som hovudsingel og denne singelen vann ein Dove Award i 1994.

dc Talk beheldt refrenget som det var, men la til sine eigne vers. Desse versa blei rappa av låtskrivar Toby McKeehan, medan Michael Tait og Kevin Max Smith song refrenget. McKeehan sin tekst handla om korleis Jesus framleis var "all right" for han sjølv om mange andre ikkje delte trua hans. Dessutan kritiserte teksten mangelen på aksept som trusbasert musikk gjerne får i offisielle media. Songen inneheldt også scratching og sampling, m.a. av hitsingelen «Vogue» av Madonna og The Power av Snap!. dc Talk framførte songen på The Tonight Show with Jay Leno hausten 1993.

På lydkommentaren på DVD-en Free at Last - The Movie seier Michael Tait at «Jesus Is Just Alright» er den songen dc Talk har spelt mest live. Dei har spelt han på alle dei fire store turnéane sine sidan 1992; Free At Last (1994), Jesus Freak – The Tour (våren 1996), The Supernatural Experience (våren 1999) og An Evening with DC Talk (våren 2001). Musikkvideoen er filma i sepiatonar og viser dc Talk i ørkenen. Dei er omgjevne av musikarar og dansarar og syng songen rundt tre krossar som står i ørkenen.

I tillegg til Free at Last, har dc Talk teke med songen på liveplata Welcome to the Freakshow samt på fleire samleplater, m.a. Intermission: the Greatest Hits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]