Robert Muchamore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Muchamore

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 26. desember 1972 (51 år)
London
Yrke skribent, barnebokforfattar
Robert Muchamore på Commons

Robert Kilgore Muchamore (fødd 26. desember 1972) er ein engelsk forfattar frå London som skriv bøker for ungdom.

Muchamore er best kjend for bøkene i CHERUB-serien. CHERUB er ein etterretningsorganisasjon som rekrutterer foreldrelause born og ungdomar. Etter eit rekruteringskurs kan agentane take del i ulike, til dels farlege, oppdrag. Hovudpersonen i handlingane er James Adams.

Dei første bøkene i denne serien er omsett til nynorsk.

  1. Rekrutten (The Recruit, 2004)
  2. Kokainkongen (Class A, 2004)
  3. Flukta (Maximum Security, 2005)
  4. Drapet (The Killing, 2005)
  5. Heilag galskap (Divine Madness, 2006)
  6. Mennesket og dyret (Man vs Beast, 2006)
  7. Slått ut (The Fall, 2006)
  8. Gjengkrigen (Mad Dogs, 2007)
  9. Søvngjengaren (Sleepwalker), 2008
  10. Generalen (The General), 2008
  11. Brigands MC (Brigands MC), 2009
  12. Monsterbølgja (Shadow Wave), 2010

Ein annan serie som Muchamore skriv er Henderson's Boys. Den handlar om starten av CHERUB, under den andre verdskrigen. Han skriv stadig nye bøker i denne serien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.