Staffeliet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staffeliet
Staffeliet
Staffeliet
Latinsk namn Pictor
Forkorting Pic
Genitivsform Pictoris
Symbologi Namngitt av la Caille]
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon −55°
Areal 247 kvadratgrader
nr. 59 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Alfa pictoris (α Pic) (3,25. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +?° og −90°

Staffeliet (frå latin Pictor) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, mellom den lyssterke stjerna Canopus og Den store magellanske skya. Den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet er Alfa Pictoris, ei kvit hovudseriestjerne med tilsynelatande storleik 3,3 kring 97 lysår frå jorda. Staffeliet har òg stjernesystemet RR Pictoris, ein kataklysmisk variabel som blussar opp som ein nova. I 1925 nådde ho storleiksklasse 1,2 før ho vart gradvis svakare.

Beta Pictoris er den nest mest lyssterke stjerna og ligg 63,4 lysår frå jorda. Ho er omgjeve av ei uvanleg støvskive med mykje karbon, i tillegg til ein eksoplanet. Ein har funne fem andre stjerner i stjernebiletet som har planetar. Den nærmaste stjerna til jorda i stjernebiletet er Kapteynstjerna, ein raud dverg som ligg 12,76 lysår unna i kulehopen Omega Centauri som vart slukt av Mjølkevegen. I 2014 fann ein to superjord-planetar i bane kring denne. HD 40307 er ein oransje dverg med seks planetar kring seg. Ei av desse HD 40307 g, er ei potensiell superjord i den habitable sonen.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Staffeliet er eit lite stjernebilete som grensar til Dua i nord, Akterstamnen og Kjølen i aust, Gravstikka i nordvest, Gullfisken i sørvest og Flygefisken i sør. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert som ein polygon med 18 sider. Heile stjernebiletet er synleg for observatørar sør for breiddegrad 26 °N.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Staffeliet er eit lyssvakt stjernebilete og dei tre mest lyssterke ligg nær stjerna Canopus.[2] 97 lysår frå jorda ligg Alfa Pictoris og ho er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei kvit hovudseriestjerne med ein tilsynelatande storleik på 3,3,[3] og spektralklasse A8VnkA6.[4] Ho spinn raskt med ein projisert rotasjonsfart på 206 km/s,[5] med eit skal av gass kring seg.[6] Beta Pictoris er ei anna kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A6V og tilsynelatande storleiksklasse 3,86. Ho ligg kring 63,4 lysår frå jorda,[7] og høyrer til Beta Pictoris-gruppa, som er ei gruppe på 17 stjernesystem som er kring 12 millionar år gamle og flyttar seg gjennom verdsrommet i lag.[8] I 1984 var Beta Pictoris den første stjerna ein oppdaga ei fragmentskive rundt.[9] Sidan då har ein funne ein eksoplanet med omtrent åtte gonger massen til Jupiter i ein bane på kring 8 astronomiske einingar (AU) frå stjerna - ein liknande avstand som mellom sola vår og Saturn. Europaan Southern Observatory (ESO) stadfesta planeten ved hjelp av Very Large Telescope seint i 2009.[10]

Stjernebiletet Staffeliet slik det er for det nakne auga. Den mest lyssterke stjerna nær Staffeliet er Canopus.

Gamma Pictoris er ei oransje kjempe med spektralklasse K1III som har ein diameter som er 1,4 gonger sola sin.[11] Ho skin med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,5, og ligg 174 lysår frå jorda.[12] HD 42540, kalla 47 Pictoris av den amerikanske astronomen Benjamin Apthorp Gould, er ei noko kjøligare oransje kjempe, med ein spektralklasse K2.5III og ein midla storleiksklasse 5,04.[13] Ein mistenkjer at ho er ei variabel stjerne.[14] Lacaille kalla feilaktig denne stjerna My Doradus, men hadde registrert rektascensjon ein time for lågt.[15] Lacaille kalla to nabostjerner Eta Pictoris.[16] Eta2 Pictoris, eller HR 1663, er ei oransje kjempe med spektralklasse K5III og tilsynelatande storleiksklasse 5,05. Ho ligg 474 lysår unna,[17] og har ein diameter 5,6 gonger sola sin.[11] Eta1 Pictoris, eller HR 1649, ligg 85 lysår unna og er ei hovudseriestjerne med spektralklasse F5V og tilsynelatande storleiksklasse 5,38.[18] Ho er ei dobbeltstjerne, og den andre stjerna har storleiksklasse 13. Dei to er skilde av 11 bogesekund.[19]

Kring 1298 lysår frå jorda, er Delta Pictoris ei formørkande dobbeltstjerne av typen Beta Lyrae.[20] Ho består av to blå stjerner med spektralklassar B3III og O9V, og systemet har ein periode på 1,67 dagar, og fell i tilsynelatande storleiksklasse frå 4,65 til 4,9.[21] Stjernene er ovalforma fordi tyngdakrafta deira forvrengjer kvarandre.[22] TV Pictoris er ei spektroskopisk dobbeltstjerne som består av ei klasse A-stjerne og ei klasse F-stjerne som roterer rundt kvarandre i særs tett bane. Den sistnemnde stjerna er ellipseforma og varierer sjølv i lysstyrke.[23] Den tilsynelatande storleiksklassen varierer mellom 7,37 og 7,53 kvar 20. time.[24]

Utanom Beta, har fem andre stjerner i Staffeliet kjende planetsystem. AB Pictoris er ein BY Draconis-variabel med eit objekt i bane som anten er ein stor planet eller ein brun dverg. Denne vart oppdaga direkte på bilete i 2005.[25] HD 40307 er ein oransje hovudseriestjerne med spektralklasse K2.5V og tilsynelatande storleiksklasse 7.17, kring 42 lysår unna. Doppler-spektroskopi med High Accuracy Radial Velocity Planet Searcher (HARPS) indikerer at HD 40307 har seks superjord-planetar. Ei av desse er HD 40307 g, som ligg i den habitable sonen til stjerna, og ikkje nær nok til å ha bunden rotasjon (der same sida alltid vender mot stjerna), i motsetnad til dei andre planetane i systemet, og mange andre planetar i omlaup rundt stjernene sine.[26] HD 41004 er ei kompleks dobbelstjerne, kring 139 lysår unna. Primærstjerna er ein oransje dverg med spektralklasse K1V med ein planet i bane kring 2,65 gonger massen til Jupiter. Omlaupstida til planeten er 963 dagar, medan den sekundære stjerna er ein raud dverg med spektralklasse M2V med ein brun dverg i bane som er minst 19 gonger så massiv som Jupiter. Både planeten og den brune dvergen vart oppdaga med dopplerspektroskopi med hjelp av CORALIE spektrograf i 2004 og 2002.[27] Kapteynstjerna er ein raud dverg som ligg berre 12,78 lysår unna med storleiksklasse på 8,8. Han har den største eigenrørsla ein kjenner til av alle stjerner på himmelen etter Barnardstjerna.[28] Han flyttar seg kring Mjølkevegen i motsett retning til dei fleste andre stjerner og kan ha hatt opphavet sitt i ein dverggalakse som vart slukt av Mjølkevegen.[29] I 2014 synte analysar av dopplervariasjonar i Kapteynstjerna at ho hadde to superjorder, Kapteyn b og Kapteyn c. Kapteyn b er den eldste kjende planeten som potensielt er ein habitabel planet, estimert til å kanskje vere 11 milliardar år gammal.[30]

1,5 grader vest-sørvest for Alfa, ligg RR Pictoris som er ein kataklysmisk variabel som blussa opp til ein nova med storleiksklasse 1,2 den 9. juni 1925.[28] Seks månader etter ho nådde maksimal lysstyrke, hadde ho blitt svekt så mykje at ho ikkje lenger var synleg for et nakne auga, og hadde storleiksklasse 12,5 i 1975.[31] RR Pictoris er ei tett dobbeltstjerne som består av ein kvit dverg og ei sekundærstjerne som krinsar rundt kvarandre med ein periode på 3,48 timar. Dei ligg så tett kvarandre at den sekundære fyller Roche-loben med stjernematerie, som så vert overførst til akkresjonsskiva til den første stjerna. Når denne materien når ein kritisk masse, tar det fyr og systemet blussar kraftig opp. RR Pictoris ligg kring 1300 lysår frå jorda.[32]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Eit røntgenbilete av Pictor A som syner ein jet som stråler ut.

NGC 1705 er ein irregulær dverggalakse som ligg 17 millionar lysår frå jorda. Han er ein av dei mest aktive stjernedannande galaksane i det nærliggande universet, trass i at stjernedanninga nådde ein topp kring 30 million år sidan.[33] Pictor A ligg kring 485 million lysår unna og er ein radiogalakse[34] og er ei kraftig kjelde for radiobølgjer på den sørleg himmelhalvkula.[35] Frå ei supermassivt svart hòl i sentrum, stråler det ein relativistisk jet ut til eit røntgenområde 800 000 lysår unna.[36] SPT-CL J0546-5345 er ein massiv galaksehop som ligg kring 7 milliardar lysår unna med ein masse som tilsvarar omtrent 800 billionar soler.[37]

GRB 060729 var eit gammaglimt som først vart observert den 29. juli 2006. Det er truleg signalet til ein type Ic supernova—kjernekollapsen til ei massiv stjerne.[38] Det var òg kjend for ein særleg langt etterglød av røntgenstråling, som var mogeleg å måle 642 dagar seinare.[39] Hendinga skjedde langt borte med ei raudforskyving på 0,54.[38]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Staffeliet

Koordinatar: Sky map 05h 00m 00s, −50° 00′ 00″