National Academy of Sciences

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
National Academy of Sciences

TypeSamskipnad
Skipa3. mars 1863[1]
HovudkontorWashington, DC
PresidentRalph J. Cicerone[2]
MedlemmerCa. 2 200[3]
Nettstadhttp://www.nasonline.org/ Sjå dette på Wikidata

National Academy of Sciences (NAS) er eit amerikansk vitskapsakademi. Medlemmar arbeider pro bono som «rådgjevarar for nasjonen innan vitskap, ingeniørvitskap og medisin.»

NAS vart grunnlagt av president Abraham Lincoln i 1863 under Den amerikanske borgarkrigen for å «etterforske, undersøke og rapportere innan vitskap eller kunst».

Akademiet har ei særs sterk rolle i det amerikanske samfunnet, og utfører forsking på direkte bestilling både frå Det kvite huset og frå andre offentlege institusjonar og avdelingar. NAS består (2006) av om lag 2000 medlemmer og 350 utanlandske samarbeidspartnarar («foreign associates»). Av dei sistnemnde er 200 nobelprismottakarar. Tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS) er det offisielle tidsskriftet til akademiet.

Nordmenn som er valde inn som foreign associate i NAS er Per Andersen (1994), Agnar Sandmo (2009) og Johan P. Olsen (2011). Tidlegare medlemmmar er mellom andre meteorologen Vilhelm Bjerknes, matematikaren Sophus Lie, oseanografen Bjørn Helland-Hansen, oseanografen Harald Ulrik Sverdrup og statsvitaren Stein Rokkan.

Akademiet deler blant anna ut Charles Doolittle Walcott-medaljen for å stimulere forsking om liv og historie i tidsperiodane prekambrium og kambrium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: National Academy of Sciences