COROT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

COROT eller CoRoT (frå Convection, Rotation and planetary Transits) er eit romteleskopprosjekt leitt av den franske romfartsorganisasjonen CNES med bidrag frå ESA. Teleskopet har ein spegeldiameter på 27 centimeter. Føremålet med teleskopet var å leita etter ekstrasolare planetar gjennom å sjå etter varisjonar i ljosstyrken frå einskildstjerner.

Teleskopet vart skote opp 27. desember 2006 frå Bajkonur-kosmodromen i Kasakhstan. Kontakten med COROT vart mist i november 2012, og 24. juni 2013 vart det kunngjort at ingeniørane hadde gjeve opp å få kontakt med teleskopet.

I juni 2013 var 32 av planetkandidatane til COROT stadfeste som sanne planetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]