Gyrodata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gyrodata Incorporated er eit amerikansk selskap med hovudkvarter i Houston i Texas. Det er regionale hovudbasar i Aberdeen i Skottland og Kuala Lumpur i Malaysia pluss kontor i mange andre land, blant anna i Noreg. Firmaet leverer tenester innanfor retningsboring ved bruk av gyroskop-baserte måleverktøy. Gyrodata vart grunnlagt i 1980.[1]

Gyrodata vart utforma i 1980 med finansiering frå fleire store oljeselskap, blant anna Shell. Innan 1982, ved bruk av same gyroskopiske sensorar som vart brukt i forsvars- og romfartsteknologien, utvikla Gyrodata verktøy som skulle forbedre presisjonen i kartlegging av ein brønnbane.

Gyrodata sine måleverktøy har hatt stor innverknad på boring etter og produksjon av olje. Høgpresisjonsmåleverktøy sikra oljeselskapa ei nøyaktig oversikt over brønnbana som vart bora. Dei kunne då også unngå kostbare feil som å bomme på målet og å kollidere med andre brønnar.

Firmaet har over 1000 tilsette, fordelt på mange land.

Tenester[endre | endre wikiteksten]

Gyrodata leverer forskjellig utstyr og tenester innanfor retningsboring. Dette inkluderer Gyro-Guide (Gyro-While-Drilling) som fungerer likt som MWD-utstyr (Measurement-While-Drilling) med eit gyroskop i staden for ein magnetisk sensor. Dei leverer utstyr for karlegging av brønnbane, også kjent som gyroskopiske survey tool. I tillegg designar produserer og leverer Gyrodata Roterande Styrande System ( Well-Guide RSS), mud-motorar, MWD og mud-puls-system.[2]

Gyrodata Norway[endre | endre wikiteksten]

Gyrodata har ei avdeling i Noreg som er registrert i Brønnøysund-registera under navnet Gyrodata Norway, som eit norskregistrert utanlandsk foretak. Foretaket blei registrert 22. mars 1995 i bransjen «Olje- og gassutvinning». Per 1/4.2014 var det registrert 11 ansatte.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gyrodata vart grunnlagt i 1980 av seks personar med ein kollektiv målsetnad om å starte eit stort multinasjonalt samarbeid, der dei ville tilby teknologiske løysingar som skulle bidra til utvida leiting etter olje og gass.

På midten av 1970-talet meinte fleire store oljeselskap at det var dårleg utvikla teknologi innanfor delar av brønnboring. Presisjonen på retningsmålinga i brønnane var ikkje god nok. Medan brønnar blei bora stadig djupare og i meir komplekse område, så var teknologien som fastslo brønnbana uakseptabelt dårleg og vart verre med større djup og høgare vinkel. Dette gjorde det vanskeleg å kartlegge brønnbana og fastslå den endelege posisjonen.

Ei mykje høgare presisjongrad ville auke sjansane for utvikling av nye produksjonsbrønnar og gjere bore- og produksjonsaktiviteten meir effektiv. Spesielt offshore, der mange brønnar blir bora frå same lokasjon, ville dette vere ein stor fordel.

Problemet skulle bli løyst med ein ubrukt teknologi innanfor olje- og gassbransjen. Løysinga låg i ein bransje der navigeringsteknologien hadde nådd eit mykje høgare presisjonsnivå.

I forsvarsindustrien var det utvikla navigeringsutstyr som var mykje meir presise. Ved å modifisere slikt utstyr til å bli brukt i brønnboringsoperasjonar, kunne ein med mykje større visse fastslå ein posisjon. Det var kombinasjonen av Gyrodata si erfaring frå olje- og gassindustrien og med avansert forsvars- og romfartsteknologi som la grunnlaget for ein ny generasjon med utstyr for kartlegging av brønnbanar.

Gyrodata sin målsetnad var å gjere desse presise sensorane brukande i harde påkjenningar som det er nede i ein oljebrønn. Då måtte det utviklast elektronikk og prosseseringsutsyr som tålte tilhøva og kunne levere presise målingar i forhold til krava i olje- og gassbransjen over heile verda.[4]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggarane av Gyrodata var ei gruppe med ekspertar frå oljeindustrien. Til saman hadde dei over 30 år med brei erfaring innanfor design og bygging av utstyr til bruk i oljebrønnar, kombinert med kjennskap til industrifinansiering, marknadsføring og operasjonar i felten.

Første utfordring var å designe eit gyroskop-basert system til bruk i oljebrønnar som var presist og tilfredsstilte alle krav for å kunne finansiere vidare utvikling av utstyret. Det viste seg at alle forventningar til prosjektet skulle bli overgått.

Det skulle vise seg at fleire store oljeselskap vart så begeistra for teknologien at dei gav ytterlegare finansieringsgarantiar og lån for å få tatt i bruk dette utstyret fortast mogleg.

Dei som investerte i teknologien fekk sjå at utstyret gjekk frå prototype til kommersielt tilgjengeleg i 1983. Sidan den gong har gyroskop-systemet til Gyrodata blitt anerkjent som eit sikkert og presist instrument i dei fleste krevjande miljø rundt om i verda.

Gyrodata har no vokse frå å vere eit forsknings- og utviklingsmiljø, til å bli eit multinasjonalt oljeserviceselskap som tilbyr ei rekkje tenester innanfor brønnteknologi.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Gyrodata, fakta om firmaet.
  2. Tenester Arkivert 2014-03-30 ved Wayback Machine., Kva firmaet tilbyr.
  3. Internettopplysningen, Gyrodata i Brønnøysundregistera.
  4. 4,0 4,1 Historien til Gyrodata Arkivert 2014-03-30 ved Wayback Machine., .