Waka/Jawaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waka/Jawaka
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 5. juli 1972
Innspelt Paramount Studios, LA,
17–21. april og mai 1972
Sjanger Jazzfusion, progressiv rock, storband
Lengd 36:08
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Just Another Band from L.A.
(1972)
Waka/Jawaka The Grand Wazoo
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Robert Christgau(B)[2]
Rolling Stone(positiv)[3]

Waka/Jawaka er eit album av Frank Zappa som kom ut i juli 1972. Albumet er eit jazz-aktig føregangar til The Grand Wazoo (november 1972), og som plateomslaget indikerer ein slags oppfølgjar til Hot Rats frå 1969. I følgje Zappa var tittelen «noko som kom fram på eit Ouija-brett ein gong».[4]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Big Swifty» er eit jazz-fusion-stykke, som minnar om mange av Zappa stykka frå jazzperioden hans. Her er mnge blåseinstrument med i tillegg til rom for improvisasjon og bruk av mange taktar. Han opnar i eit raskt 7/8-riff, og melodien skiftar mellom 7/8 og 6/8 (eller 3/4) takt. Han endar opp i 4/4 swing-rytme.[5]

Sporet «It Just Might Be a One-Shot Deal» er ei merkeleg soge om hallusinasjonar sungen av Sal Marquez og Janet Ferguson (groupien i 200 Motels). Jeff Simmons sin hawaii-gitar skapar eit drameaktig bilete ala Steely Dan, med med teksten but you should be diggin' it while it's happening cause it just might be a one-shot deal,

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut digitalt på CD av Rykodisc i 1986 (med mykje digital klang lagt til og utan baksida av plateomslaget) og i 1995 (med baksida tilbake att, men identisk lyd). I 2012 gav Universal Music ut ein CD basert på den originale miksen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Big Swifty»17:22
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Your Mouth»3:12
3.«It Just Might Be a One-Shot Deal»4:16
4.«Waka/Jawaka»11:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Lydteknikarar: Marshall Brevitz, Kerry McNabb
  • Mastering: Frank Zappa
  • Design: Cal Schenkel

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1972 Pop Albums 152

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Couture, F. (2011). «Waka/Jawaka - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 5. juni 2014. 
  3. Houghton, Rob (2011). «Frank Zappa: Waka/Jawaka : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. Henta 5. juni 2014. 
  4. Frank Zappa interview, november, 1972, on WGOE-FM Richmond VA interview by Jerry Williams from the Frank Zappa GSW Project Vol. 6 1971-72, disk 2 track 22
  5. http://www.allmusic.com/song/big-swifty-mt0011390668
  6. http://www.redtelephone66.com/?s=kris+peterson

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]