Pseudobrookitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pseudobrookitt

Pseudobrookitt-nålar frå Topaz Mountain i Utah (storleik: 2,7 x 2,0 x 1,6 cm)
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelFe2TiO5
Strunz-klassifisering04.CB.15
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal
H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m)
Romgruppe: Bbmm
Einingscellea = 9.81 Å, b = 9.95 Å, c = 3.73 Å; Z=8
Identifikasjon
FargeMørk raudbrun, brunsvart, svart
KrystallformPrismatisk til nåleliknande, stripete
KrystallsystemOrtorombisk
KløyvTydeleg på {010}
BrotUjamn til undermuslig
Mohs hardleiksskala6
GlansDiamantaktig, feittete, metallisk
StrekfargeBrun
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fliser
Spesifikk vekt4.33–4.39
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 2.350 nβ = 2.390 nγ = 2.420
Dobbeltbrytingδ = 0.070
2V-vinkelMålt: 50°
Kjelder[1][2][3]

Pseudobrookitt er eit raudbrunt til svart, rombisk mineral, som finst særleg på holrom i lavabergartar. Det består av jarn-titanoksid, Fe2TiO5. Mineralet er kjent i relativt store krystall frå Havredal i Bamble, men er her omdanna til ei blanding av hematitt og rutil.

Pseudobrookitt vart først skildra i 1878 etter ein førekomst i Uroi Hill (Arany Hill) i Simeria i Hunedoara fylke i Romania. Namnet kjem frå greske ψευδής, for falsk og brookitt på grunn av likskapen til brookitt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]