Peter Harboe Frimann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Harboe Frimann

Peter Harboe Frimann måla av Christian August Lorentzen på 1790-talet.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1752
Selje
Død

21. september 1839 (86 år)
København

Yrke Embetsmann, forfattar
Mor Sara Cold Frimann

Peter Harboe Frimann (19. november 175221. september 1839) var ein norsk embetsmann og diktar på 1700-talet. Han vart fødd på prestegarden i Selje i Nordfjord i Sogn og Fjordane, og vaks opp der. Han arbeidde 36 år i utanriksdepartementet i kongeriket Danmark-Noreg. Diktergjerninga var kort; i åra 1774 til 1775 skreiv han dei seks dikta som er gjevne ut.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Peter Harboe Frimann var yngste barnet til Sara Cold (1714-1800) og presten Peder Harboe Frimann (1713-1759). Han tok til ved Bergen katedralskole i 1768,[1] og etter berre eitt år i Bergen kunne Peter Harboe Frimann reise til København og begynne ved universitetet i byen. Men han fullførte aldri det juridiske studiet, men byrja i staden som læregut ved eit av statens handelskontor i 1772. Dette var starten på karriera til Peter Harboe Frimann i utanriksdepartementet, som i 1786 skulle føre han til den dansk-norske ambassaden i Stockholm og seinare same år til St. Petersburg som mellombels legasjonssekretær. Men allereie året etter, i 1787, blei Peter Harboe Frimann send attende til Stockholm og til teneste ved ambasssaden. Der vart han verande til 1795, då Harboe Frimann blei kalla tilbake ei stilling som førstesekretær ved utanriksdepartementet. Dette embetet hadde han til avskildssøknaden blei send 1832.[2]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Peter Harboe Frimann skreiv seks dikt i perioden 1774 til 1775, og han kom «aldri sidan til å skriva meir, trass i ros og oppmodingar om det frå dei fremste smaksdomarane».[3] St. Sunneves Kloster paa Selløe, med omliggende Faste land, poesistykket om Selje kloster, fekk førstepremien i ein konkurranse Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmels lyste ut i 1774. Han skreiv ein poetisk tekst om fjellet Hornelen, Horneelen, et Bierg Nordenfields i Norge, og også dette diktet var eit resultat av ein konkurranse med temaet Forsøg i den malende Poesie[4] som Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmels stod ansvarleg for.

Seks dikt er kjent skrivne av Peder Harboe Frimann, og fem av desse er registrert i bibliografien nedanfor. Det sjette med tittelen Ode til Phantatus, er ikkje kjent prenta. Peder Harboe Frimann kalla skriftstykket «en Bagatelle, som jeg næsten havde glemt».[5]

Poesien til Peder Harboe Frimann høyrer til i førromantikken og er prega av dei same emna, symbola og språket som sine samtidige. Likevel skil han seg ut i dikta, meiner Reidar Djupedal, ved å skape eigne stemningar og kjensler. Peder Harboe Frimann er inspirert av naturen han kjenner, og prøver å halde fast ved grunnstemningar gjennom heile dikta.[6]

I dødsbu-auksjonen etter Peder Harboe Frimann kom det fram at han eigde 50 bøker. Talet på titlar er ikkje høg, men inventarlista synte at han i bokhylla hadde åtte bøker og verk på tysk av filosofen Immanuel Kant, hovudarbeidet til filosof og grunnleggjar av faget økonomi; An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations (1776), av Adam Smith. Av dei 50 titlane som blei registrert i dødsbuet, kunne berre ei utgjeving kategoriserast som skjønnlitteratur.[7] Dette samsvarar kanskje med ei ytring Peder Harboe Frimann hadde i 1790: «Jeg har aldrig beskieftiget mig med Poesien con amore».[5]

Boksamlinga speglar litt av interessa Peder Harboe Frimann hadde for filosofi.[8]

Peder Harboe Frimann døydde ugift i København i september 1839.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Harboe Frimann (1775). Det norske selskab, red. Poetiske Samlinger : utgivne av et selskab : förste Stykke. København: A. H. Godiches efterleverske ved F.C. Godiche.  [Dikta Axel Tordsen og skiøn Valborg side 6-20, Ode til søvnen s.37-48 og Tanker ved en Flod, en Rhapsodie s. 49-66]
  • Peter Harboe Frimann (1777). «St. Sunneves Kloster paa Selløe, med omliggende Faste land». Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber. København: Nicolaus Møller. s. 4-24.  [Tolvte Stykke]
  • Peter Harboe Frimann (1777). «Horneelen, et Bierg Nordenfields i Norge». Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber. København: Nicolaus Møller. s. 79-92.  [Tolvte Stykke]
  • Peter Harboe Frimann (1793). «Axel Tordsen og skiøn Valborg». Poetiske Samlinger. København: Johan Frederik Schultz. s. 3-20.  [Første stykke, band 1]
  • Peter Harboe Frimann (1793). «Ode til Søvnen». Poetiske Samlinger. København: Johan Frederik Schultz. s. 37-48.  [Første stykke, band 1]
  • Peter Harboe Frimann (1793). «Tanker ved en Flod, en Rhapsodie». Poetiske Samlinger. København: Johan Frederik Schultz. s. 49-66.  [Første stykke, band 1]
  • Peter Harboe Frimann (1983). Brikt Jensen, red. Norske dikt : 2. Oslo: Gyldendal forlag. s. 47.  [Diktet Ode til søvnen]

Tekstar om Peter Harboe Frimann[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Djupedal 1959, side 62
  2. Djupedal 1959, side 64, 65, 66
  3. Djupedal 1959, side 71
  4. Djupedal 1959, side 79
  5. 5,0 5,1 Djupedal 1959, side 81
  6. Djupedal 1959, side 71-72
  7. Djupedal 1959, side 70
  8. Djupedal 1959, side 62-63
  9. Lampe 1896, side 159-160. Denne Peder Harboe Frimann er far til den biograferte i Wikipedia-artikkelen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]