Alonei HaBashan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alonei HaBashan
אַלּוֹנֵי הַבָּשָׁן, Allone HaBashan
landsby
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan
Koordinatar 33°2′35.16″N 35°50′16.43″E / 33.0431000°N 35.8378972°E / 33.0431000; 35.8378972
Folketal 343  (2012)[1]
Grunnlagd 1981
Kart
Alonei HaBashan
33°02′35″N 35°50′16″E / 33.0431°N 35.837897222222°E / 33.0431; 35.837897222222
Wikimedia Commons: Aloney Habashan

Alonei HaBashan (hebraisk אַלּוֹנֵי הַבָּשָׁן) er ei israelsk busetjing, ein moshav shitufi, som ligg sentralt i Golanhøgdene, under israelsk administrasjon.

Alonei HaBashan vart grunnlagd i 1981. Namnet, som tyder «Eikene i Bashan», er henta frå Bibelen (Jesaja 2:13). «Bashan» er det bibelske namnet på Golanhøgdene. Staden ligg i Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]

I november 2012 vart det avfyrt tre granatar frå Syria som landa nær Alonei Bashan. To eksploderte i opne området, og eit fall ned utafor eit hus, men eksploderte ikkje.[3] I februar 2013 landa ein granat frå ei syrisk stridsvogn i landsbyen. Sappørar som demonterte granaten meiner han vart avfyrt som ein del kampar i den syriske borgarkrigen.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]