I Fought the Law

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Fought the Law
Song av The Crickets
frå albumet In Style with the Crickets
Utgjeve 4. desember 1960
Innspelt 1958-1959
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:12
Selskap Coral Records
Komponist Sonny Curtis
Tekstforfattar Sonny Curtis
Låtskrivar(ar) Sonny Curtis
Produsent Norman Petty

«I Fought the Law» er ein song skriven av Sonny Curtis for the Crickets. Han vart populær med ein versjon av The Bobby Fuller Four, som nådde topp 10 for bandet i 1966. Songen vart òg spelt inn av the Clash i 1979. The Bobby Fuller Four-versjonen vart rangert på 175. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004 og var same året med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven i 1958 av Sonny Curtis, og han vart spelt inn i 1959 då han vart med i the Crickets, då han overtok på gitar for den avdøde Buddy Holly. Joe B. Mauldin og Jerry Allison fortsette på instrumenta sine på ståbass og trommer, medan Earl Sinks tok over rolla på vokal. Songen deira var med på albumet In Style with the Crickets i 1960, og året etter kom han ut som B-sida til singelen deira, «A Sweet Love». Versjonen deira vart lite spelt på radio. Paul Stefen and the Royal Lancers spelte inn songen i 1962 og dei fekk ein lokal hit i Milwaukee, men slo ikkje gjennom nasjonalt.[1] I 1964 spelte Sammy Masters inn ein versjon av songen. Same året vart songen spelt inn av Bobby Fuller og bandet hans for hans eige selskap, Exeter, i El Paso.

Bobby Fuller Four-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Fought the Law
Singel av The Bobby Fuller Four
frå albumet I Fought the Law
B-side

«Little Annie Lou»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1965
Sjanger Rock
Lengd 2:14
Selskap Mustang
Komponist Sonny Curtis
Tekstforfattar Sonny Curtis
Låtskrivar(ar) Sonny Curtis
Produsent Bob Keane
The Bobby Fuller Four-kronologi 
«Let Her Dance»
(1965)
I Fought the Law «Love's Made a Fool of You»
(1966)


Etter å ha fått regional suksess i Texas med songen, valde Bobby Fuller og bandet å byte til eit større selskap, Del-Fi Records under Mustang Records og dei vart kjend som the Bobby Fuller Four. Dei skapte fleire mindre hittar, men fekk det store gjennombrotet då dei spelte inn «I Fought the Law» på ny i 1965 med Bobby Fuller (vokal, gitar), Randy Fuller (korvokal, bassgitar), Jim Reese (korvokal, gitar) og DeWayne Quirico (trommer).

Berre seks månader etter songen gjekk inn på Billboard Top 100, vart Fuller funnen død av røykforgifting i bilen til mora på ein parkeringsplass nær leilegheita hans i Los Angeles. Los Angeles Police Department erklærte at dødsfallet var sjølvmord, medan andre meinte han vart drepen.[2] Fuller var berre 23 år gammal.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Canadian RPM Top Singles[3] 11
U.S. Billboard Hot 100[4] 9


The Clash-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Fought the Law
Singel av The Clash
frå albumet The Cost of Living
B-side

«(White Man) In Hammersmith Palais»

Språk engelsk
Utgjeve 26. juli 1979 (U.S.)
Sjanger Punkrock
Lengd 2:38
Selskap CBS 50738
Komponist Sonny Curtis
Tekstforfattar Sonny Curtis
Låtskrivar(ar) Sonny Curtis
The Clash-kronologi 
«English Civil War»
(1979)
I Fought the Law «Groovy Times»
(1979)


I midten av 1978 arbeidde the Clash på det andre albumet sitt, Give 'Em Enough Rope. Songaren Joe Strummer og gitaristen Mick Jones flaug til San Francisco for å gjere nokre ekstra innspelignar i september-oktober i the Automatt studio. Eigaren av The Automatt hadde ei samling med klassiske jukeboksar i forskjellige rom i studioet. Strummer og Jones lytta til the Bobby Fuller-versjonen av «I Fought the Law» for første gongen på ein av jukeboksane, og då dei kom attende til England byrja dei å spele songen.[5]

Versjonen deira kom først ut på ein EP, The Cost of Living i mai 1979 i Storbritannia, og så seinare i 1979 vart han gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet The Clash. Denne versjonen vart den første songen av The Clash som vart noko spelt på radio i Statane og er ein av dei mest kjende coverversjonane av songen. Konsertopptaket av songen frå Lyceum Theatre i West End i London den 28. desember 1978 vart teken med som det siste stykket i filmen Rude Boy frå 1980, regissert av Jack Hazan og David Mingay. The Clash var alle kledde i svart for konserten.[6][7][8][9] Den 26. juli 1979 vart «I Fought the Law» gjeven ut på singel av bandet i USA.

I 1988 gav CBS Records ut singelen på ny. Songen kunne lastast ned for musikkvideospelet Rock Band.[10]

I 1989 under Operation Just Cause, då det amerikanske militæret prøvde å fange Manuel Noriega i Panama, spelte dei amerikanske styrkane Clash-versjonen for full styrke for å presse Noriega til å overgje seg.[11]

Songen vart òg nytta i filmen Robocop frå 2014.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Utgåve År Liste Plassering
1. 1979 Irish Singles Chart[12] 24
2. 1988 New Zealand (RIANZ)[13] 17
1988 UK Singles (Official Charts Company)[14] 29


Hank Williams jr.-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1978 gav countryartisten Hank Williams jr. ut ein versjon av songen på albumet Family Tradition. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 15. plassen på Hot Country Singles & Tracks-lista i USA.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Hot Country Singles & Tracks[15] 15


Dead Kennedys-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Fought the Law
Song av Dead Kennedys
frå albumet Give Me Convenience or Give Me Death[16]
Utgjeve Juni 1987
Sjanger Punkrock
Lengd 2:18[16]
Selskap Alternative Tentacles
Komponist Sonny Curtis
Tekstforfattar Sonny Curtis
Låtskrivar(ar) Sonny Curtis / Jello Biafra / East Bay Ray

Punkbandet Dead Kennedys spelte inn sin versjon av «I Fought The Law» kort tid etter at San Francisco-politikaren Dan White myrda Harvey Milk og borgarmeisteren George Moscone i 1978. Det meste av teksten vart omskriven slik at songen verka å vere frå White sitt synspunkt, og refrenget vart endra til «I fought the law, and I won». Songen framsteller White som ein person som kom seg unna med mord.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I Fought the Law
Digital nedlasting av Green Day
Språk engelsk
Utgjeve 1. februar 2004
Sjanger Punkrock
Lengd 2:49
Selskap Reprise
Komponist Sonny Curtis
Tekstforfattar Sonny Curtis
Låtskrivar(ar) Sonny Curtis
Green Day-kronologi 
«Waiting»
(2001)
I Fought the Law «American Idiot»
(2004)


Sam Neely sin versjon av songen nådde 54. plassen på Billboard si popliste og 61. plassen på countrylista i 1975. Ein annan countrversjon av songen vart spelt inn av Nitty Gritty Dirt Band og denne nådde 66. plassen i 1992.[17]

Dave Courtney, ein «kjendisgangster» i London, spelte inn ein versjon med det skotske poppunkbandet Mute. Som Dead Kennedys-versjonen vart teksten endra til «I fought the law and I won».

I 1999 spelte Mike Ness frå Social Distortion inn songen for det andre soloalbumet sitt, Under the Influences, so nådde 174. plassen på Billobard-lista.

Andre artistar som har spelt inn songen er Richard Clapton, Ducks Deluxe, She Trinity, Beatsteaks, Viper, Bryan Adams, John Cougar Mellencamp, Johnny Cash, Bruce Springsteen, Roy Orbison, Tom Petty, Social Distortion, Stiff Little Fingers, Waylon Jennings, Gary Allan, Green Day, Alvin and the Chipmunks, Ska-P, the Jolly Boys, Grateful Dead, Stray Cats, Mary's Danish, Claude François, Mano Negra, the Big Dirty Band, Lolita No.18, the Brian Jonestown Massacre, Attaque 77, El Noi del Sucre, Die Toten Hosen, Status Quo, Nanci Griffith, La Vida Bohème, Anti-Flag, Chumbawamba, Tsuyoshi Kawakami and His Moodmakers, the Airborne Toxic Event, The Bad Shepherds, Johnny Marr og mange andre.

I 2003 spelte Colin Farrell ein versjon av songen i filmen Intermission. Mary's Danish-versjonen av songen vart nytta i filmen Buffy the Vampire Slayer (1992).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel. Joel Whitburn's Top Pop Singles: 1955-2010. Record Research, 2011.
  2. Unterberger, Richie. «AllMusic Biography: Bobby Fuller Four». allmusic.com. Henta 3. januar 2009. 
  3. «I fought the law in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 15 July 2013. 
  4. «Bobby Fuller awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15 July 2013. 
  5. Salewicz, Chris (2006). Redemption Song: The Ballad of Joe Strummer. Macmillan. s. 222–223. ISBN 0-571-21178-X. 
  6. Hazan, Jack; David Mingay, Ray Gange, Joe Strummer, Mick Jones, Paul Simonon, Nicky Headon, Buzzy Enterprises, Epic Music Video. (2006). Rude Boy. [Documentary, Rockumentary]. New York, NY, United States: Epic Music Video. ISBN 0-7389-0082-6. OCLC 70850190. «2nd edition digitally restored and remastered sound.» 
  7. Green, Johnny; Barker, Garry (2003) [1997]. A Riot of Our Own: Night and Day with The Clash (3. utg.). London: Orion. s. 149–150. ISBN 0-7528-5843-2. OCLC 52990890. 
  8. Salewicz, Chris (15. mai 2007) [2006]. Redemption Song: The Ballad of Joe Strummer (1. amer. utg. utg.). New York: Faber and Faber. s. 246. ISBN 0-571-21178-X. OCLC 76794852. 
  9. Whistance, Don J. «Rude Boy». theclash.org.uk. Arkivert frå originalen 5. april 2015. Henta 3. mars 2015.. 
  10. Kuchera, Ben (11. desember 2007). «New punk songs come to Rock Band». Ars Technica. Henta 3. januar 2008. «'I Fought the Law' - The Clash» 
  11. Tran, Mark (27. april 2010). «Manuel Noriega - from US friend to foe». The Guardian (London). 
  12. «The Irish Chartd». IRMA.  Enter «I FOUGHT THE LAW» in Search by Song Title and click search.
  13. "Charts.org.nz – The Clash – I Fought The Law". Top 40 Singles. Hung Medien.
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  15. http://www.allmusic.com/artist/hank-williams-jr-mn0000117844/awards
  16. 16,0 16,1 Ned Raggett. «Give Me Convenience or Give Me Death review on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15 July 2013. 
  17. The Nitty Gritty Dirt Band Album & Song Chart History

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]