Gargrave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gargrave
landsby
St Andrew's kyrkje i Gargrave
Land  Storbritannia
Kart
Gargrave
53°59′02″N 2°06′18″W / 53.984°N 2.105°W / 53.984; -2.105
Wikimedia Commons: Gargrave

Gargrave er ein stor landsby og eit sivilt sokn (civil parish) i Craven i North Yorkshire i England. Staden har 1 764 innbyggjarar (2001).[1]

Litt sør for byen ligg ruinane av ein romersk villa som no er kjend som Kirk Sink. Villaen var dekorert med mosaikk med tessellering, og kan ha tilhøyrd ein britisk-romersk familie.[2]

Herskapshuset Gargrave House frå 1917 blei teikna av den kjende skotske arkitekten James Dunn.

Leeds og Liverpoolkanalen krysser elva Aire.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved elva Aire og Leeds og Liverpoolkanalen, ei ferdselsåre som tidlegare var viktig for transport og i dag mest blir brukt til turisme.

Den travle hovudvegden A65, som går frå Leeds til Kendal i Lake District, går gjennom landsbyen. Gargrave jernbanestasjon gjev samband med Leeds i aust og Morecambe og Carlisle i vest. Gargrave har også bussamband til Skipton, Settle, Malham, Barnoldswick og Preston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Neighbourhood statistics, arkivert frå originalen 18. juni 2015, henta 18. juni 2015 
  2. «Kirk Sink Villa» Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine. og «Kirk Sink Villa Mosaics» Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine., cravenmuseum.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Gargrave ved britishlistedbuildings.co.uk