Ingebrigt Haldorsson Sæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebrigt Haldorsson Sæter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1800
Oppdal
Død

3. mai 1875 (74 år)
Oppdal

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Ingebrigt Haldorsson Sæter (24. juni 18003. mai 1875) var ein gardbrukar og politikar frå Oppdal som sokna til den såkalla bondeopposisjonen. Han var stortingsmann 1833-58 og 1865-73.

Bygdemann[endre | endre wikiteksten]

Sæter voks opp i eit haugiansk miljø på garden Bøasæter i Oppdal. Omframt omgangsskulen fekk han ekstra undervisning i prestegarden og hadde tilgang til ei lokal folkeboksamling. Han tok over farsgarden i 1831.

Frå unge år var han engasjert i utviklinga av bygda. Han var medlem i ei sokneboknemnd og gjorde ein innsats for å skaffe litteratur til boksamlinga, mellom anna fleire eksemplar av Noregs Grunnlov. Framom alt var han interessert i skule- og opplysningsarbeid.

Sæter engasjerte seg i sokneselskapet og var med på å drive fram jordmorsaka i bygda. I 1826 vart Marit Olufsdotter Bryggen vald til jordmorelev og utdanna i Christiania. Ho var sidan jordmor i Oppdal i bortimot 50 år. Marit og Ingebrigt vart gift i 1830 og fekk åtte born.

I 1837 vart Sæter den fyrste ordføraren og var, med unnatak for to periodar i 1840-åra, ordførar heilt fram til 1871. Som ordførar møtte han på amtstinget, der han var med i formannskapet. På alle nivå var han særleg oppteken av skulesaker. Allereie i 1833 kom han på Stortinget med forslag om fylkeslandbruksskular, og i amtsformannskapet gjekk han seinare inn for ulike slag fagopplæring. Han var elles oppteken av ressursforvalting, særleg av skog og allmenningar.

Sæter forsømde gardsdrifta, og vanskelege økonomiske tider i slutten av 1860-åra gjorde at han selde garden og busette seg på eit mindre bruk han hadde kjøpt.

Tingmann[endre | endre wikiteksten]

I 1832 vart Sæter vald til stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt. Sett vekk frå tingsamlingane 1859-60 og 1862-63 møtte han på Stortinget til 1873. Han var ein tydeleg representant for bondeopposisjonen og gjekk inn for liberalisering i næringslovgjevinga. I budsjettspørsmål ville han ha strenge rammer, bortsett frå for skule og folkeopplysning. Han fremja her forslag om fri porto på aviser og tidsskrift, utan å få gjennomslag.

Sæter var flink til å bygge alliansar og stod nær sentrale bondepolitikarar som John Neergaard og Ole Gabriel Ueland. Han var medlem av Bøndenes hemmelige direktion som stod bak formannskapslovene og plasserte seg på venstre fløy i bondeopposisjonen. I diskusjonen om jødeparagrafen i Grunnlova sette Sæter fram eit subsidiært forslag om religionsfridom som uttrykk for religiøs toleranse, etter han syn i samsvar med intensjonen hos eidsvollsmennene.

Sæter var radikal i sosialpolitiske saker. Han hadde forståing for Thranes arbeidarforeiningar, gjekk inn for å utvide røysteretten og ville kanalisere engasjementet til dei jaabekske bondevennene til allmennyttige formål under namnet folkeforeining. Då Johan Sverdrup i 1851 møtte på tinget fyrste gongen, vart Sæter ein viktig støttespelar for Sverdrup.

Sæter var ingen talar, men ein kortfatta, saksorientert og prinsippfast debattant. Til liks med dei fleste andre bonde-tingmennene leid han av at talemålet hans, både i form og stil, avveik mykje frå den språkføringa som rådde i den gamle stortingssalen.

Han døydde i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Inge Krokann, Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæther, Gyldendal, 1937.