Øivind Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øivind Johannessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1924
Sandefjord kommune
Død

11. mai 1996 (71 år)

Yrke fotballspelar
Øivind Johannessen på Commons

Øivind Johannessen (21. september 192411. mai 1996) var ein norsk fotballspelar og -trenar frå Sandefjord, norsk landslagssjef 1970-71. I tida 1949-52 spelte han fire landskampar for Noregs landslag.

Johannessen spelte på Sandefjord Ballklubb då han debuterte som norsk landslagsmålvakt borte mot Sverige i oktober 1949, han entra bana i det 11. minutt som innbytar for Torgeir Torgersen. I 1950 melde han overgang til osloklubben Skeid og var ein viktig bidragsytar i stordomstida til laget. Mellom anna vakta han målet då Skeid vann cupfinalen i 1954, 1955, 1956 og 1958. Skeid vann A-gruppa i Hovudserien 1957/58, men tapte seriefinalen mot Viking FK.

Seinare trente han Skeid då laget vann norgesmeisterskapen i 1965. Johannessen var sjef for det norske juniorlandslaget 1967-69 , før han var landslagssjef 1970–71. Sidan var han trenar i Vålerenga i 1974 og i Skeid i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Fotballboken. 1967