Vibrafon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vibrafon

Klassifiseringmallet percussion instrument
Hornbostel-Sachs klassifisering111.222
Oppfinnar(ar)Henry Schluter
Utvikla1927
Speleregister
Lyden av ein vibrafon
Film frå 1940-åra av eit orkester med marimba og vibrafon

Vibrafon er ein metallofon liknande marimba,[1] xylofon eller klokkespel. Instrumentet består av ei rad stavar (tastar) av metall som har ulik lengd, og som kvar har eit resonansrøyr som forsterkar lyden. Ein slår på tastane med klubber (køller) med ei gummikule som er surra inn i garn eller liknande. Lok på resonansrøyra opnar og lukker seg stadig elektrisk, slik at vibrafonen får ein pulserande klang.<ref name=Oxford> Tonane på ein vibrafon har ein særs lang etterklang. Denne kan dempast med ein dempemekanisme lik den som finst på piano.

Vibrafon blei opphavleg mest brukt i jazz.[1] Instrument var eit definerande element i sjangeren exotica frå midten av 1900-talet. Ein har også brukt vibrafon til å spela symfoniar og operatiske verk[1] i klassisk musikk og nyare samtidsmusikk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa av tastane til ein vibrafon er som på eit piano. Kvar tast er stemt i ein spesiell tone, og dei er arrangert etter ein kromatisk skala. Under kvar tast er det plassert resonansrøyr. Inne i desse røyra er det plassert ei lita plate med litt mindre diameter enn røyret sjølv. Denne plata er igjen festa på ei stong som gjer at plata kan rotere og dermed veksle mellom å tette igjen røyret eller opna det. Stonga roterer ved hjelp av ein liten elektrisk motor. Dette gjev ei «vibrerande» effekt (vibrato) som er opphavet til namnet på vibrafonen.

Kulene på køllene ein speler med kan ha ulik hardleik som gjev ulik karakter til klangen av instrumentet.

Tonane på ein vibrafon har særdeles lang etterklang. På grunn av dette er det festa ein dempemekanisme under vibrafonen. Når pedalen er nede, vil tonane klinga, men når han er oppe vil etterklangen dempast.

Kjende vibrafonistar[endre | endre wikiteksten]

Klassisk musikk for vibrafon[endre | endre wikiteksten]

Medan vibrafon særleg har vore mykje brukt til å spela jazz, er det også skrive mange klassiske musikkstykke for instrumentet. Nokre av verka er

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kennedy, Michael; Joyce Bourne Kennedy (2012), «vibraphone», i Rutherford-Johnson, Tim, The Oxford Dictionary of Music, Oxford University Press