Bertha Garnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertha Garnæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1862
Garnes i Haus, no Bergen
Død

1938 (76 år)

Yrke Lærar og rektor

Bertha O. Garnæs (fødd 25. januar 1862 på Garnes, død 1938) var ein norsk lærar og rektor. I 1888 skipa ho den private jenteskulen Bertha Garnæs' Handgjerningsskole, der ho var rektor frå starten og fram til 1927 og hald fram som lærar til 1931. Samstundes arbeidde ho som lærar på Garnes Folkehøiskole frå 1987 til 1896.

I 1881 tok Garnæs eit jentekurs på Nordhordland Amtskule i Haus kommune. Året etter kom ho inn på Den Kvindelige Industriskole i Christiania, no Oslo. Der gjekk ho i to år.

Skulebygget frå 1976, òg kjend som avdeling Tunesvegen, med uthuset til høgre. Framfor uthuset (utanfor bilete) ligg skulehuset frå 1905.

Garnæs skipa Bertha Garnæs' Handgjerningsskole i eit leigd lokale i Ytre Arna i 1888. Ho dreiv skulen aleine, og utan tilskot frå det offentlege. Fyrst i 1897 fekk ho hjelp, frå niesa Anna Garnæs. I 1890 flytta ho skulen til Garnes, der ho leigde fyrste etasje i det privatåtte huset «Fredlund». Same år reiste niesa til Christiania, og Garnæs fekk to tidlegare elevar til å hjelpe med undervisninga. Niesa kom attende til skulen i 1991. Ein gong mellom 1900 og 1905 kjøpte Garnæs ein del av garden til sin bror, Rasmus Garnæs. Same dag som unionsoppløysinga, 7. juni 1905, starta ho bygging av ny skule på tomten ho hadde kjøpt. Heller ikkje no fekk ho nokon tilskot til skulen, sett bort i frå 200 kroner frå Haus kommune for året 1901, og 500 kroner frå fylket i perioden 1901 til 1905. Skulehuset fekk namnet «Ljosheim», og stod ferdig same haust. Ho starta opp undervisninga 26. september. I tillegg til skulehuset vart det bygd eit uthus. I 1913 kjøpte ho meir jord, denne gongen av Per Garnes. Ho bygde på både skulehuset og uthuset. Frå 1906 til 1917 fekk ho 1 000 kroner i året frå fylket, noko som auka til 1 500 kroner i 1918, 2 500 i 1921 og 3 000 frå 1922. Tilskota frå kommunen var små, og ho fekk ei tid 50 kroner i året, men i 1929 var det komen opp i 250 kroner. Skulen skulle opphavleg ikkje hatt tilskot frå fylket av di han ikkje var kommunal. I 1927 tok niesa over som rektor, og Garnæs heldt fram som lærar til ho gjekk av i 1931.

Etter at Garnæs døydde kjøpte niesa skulen. Skulen har endra namn ei rekkje gonger sidan starten, og i 1976 vart det bygd eit nytt skulebygg. Frå 1. august 2016 til skuleåret 2016/17 vart avslutta var den skulen Garnæs skipa i 1888 ein av dei tre avdelingane til Arna vidaregåande skule.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

1. juli 1935 vart ho tildelt Kongens fortenestmedalje i sølv.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nye rektorar og nye skulesamanslåingar». Hordaland fylkeskommune. 18. august 2016. Henta 1. desember 2016. 
  2. «Tildelinger av ordener og medaljer». kongehuset.no. Henta 1. desember 2016.