Words av Bee Gees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Words
Singel av Bee Gees
B-side

«Sinking Ships»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1968
Innspelt 3. oktober 1967
Sjanger Pop
Lengd 3:13
Selskap Polydor (Storbritannia)
Atco (USA)
Komponist Maurice Gibb, Barry Gibb, Robin Gibb
Tekstforfattar Barry Gibb, Maurice Gibb, Robin Gibb
Låtskrivar(ar) Barry, Robin & Maurice Gibb
Produsent Robert Stigwood, Bee Gees
Bee Gees-kronologi 
«World»
(1967)
Words «Jumbo»
(1968)


«Words» er ein song av Bee Gees, skriven av Barry, Robin & Maurice Gibb. Songen nådde toppen av listene i Tyskland, Sveits og Nederland.

«Words» var den tredje hitten til Bee Gees som nådde topp 10 i Storbritannia, der han nådde åttandeplassen.[1] Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna hitversjonar av Rita Coolidge i 1978 og Boyzone i 1996. Dette var den femte singelen til Boyzone og den første som gjekk til topps i Storbritannia.

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Barry Gibb forklarer:

« 'Words' vart skriven av meg i Adams Row då eg budde hos Robert [Stigwood]. Mange byrja å spele songen, så i løpet av åra vart det litt som med 'To Love Somebody'. Eg visste ikkje at han ikkje var på noko album - det er merkeleg korleis det brukte å vere på dwn tida. Me brukte å gje ut den eine singelen etter den andre. »

Robin Gibb: «'Words' syner ei stemning. Han vart skriven etter ein krangel. Barry hadde krangla med nokon. Eg hadde krangla med nokon og var i same stemning. Kranglane var om ingenting i det heile. Dei var berre ord. Det er det songen handlar om. Ord kan gjere deg glad, og ord kan gjere deg trist.»[3]

Barry sa i 1996 på fjernsynsshowet VH1 Storytellers at songen vart skriven for manageren deira, Robert Stigwood.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Words» vart spelt inn 3. oktober 1967 i lag med «World» og songen «Maccleby's Secret» i IBC Studios i London.[4] Berre Barry syng vokal på songen og han vart hans soloframføring på konsertane gjennom heile karrieren til Bee Gees.

Barry hugsa godt innspelinga av «Words»:[3]

«Eg hugsar den første innspelinga veldig godt. Robin og eg var i studio klokka ni om morgonen, og Robin sovna stadig over pianoet. Eg ville at han skulle skrive pianobiten av songen og spele dette, sidan eg ikkje er så flink på piano sjølv. Men han klarte ikkje å halde augo opne, så eg enda opp med å gjere det sjølv.».[3]

Det vart òg nytta ein ny pianolyd på «Words», som Maurice forklarte:

«Ved eit uhell oppdaga med ein ny lyd på 'Words'. Då me spelte inn songen, etter at alle hadde gått til lunch, sat eg ved pianoet og skreiv eit riff. Eg gjekk så opp ein etasje og slo på mikrofonane for pianoet, og byrja så å leike med knappane føre meg. Då eg høyrte på lydbandet etterpå, hadde eg fått alle desse fantastiske, komprimerte pianolydane. Mike Claydon frå IBC Studios, som var lydteknikar på alle platene våre, sa 'Kva i all verda var det?' då han høyrde pianolyden. 'Kom opp her og høyr på den lyden'. Det var berre kompresjon, men han visste ikkje kva han skulle kalle det då. Eg trur han kalla det 'limited'. Det fekk pianoet til å høyrest ut som om det var 40 piano som spelte samstundes og var særs, særs fyldig. På 'Words' var det særs vakkert, men med denne lyden høyrtes det ut som om LA Symphony spelte på han. Om du høyrer på alle platene våre, er den pianolyden med.[3]

The Beatles hadde nytta denne lyden tidlegare, og George Martin kalla det «nervøs pianolyd» som han nytta på bassnotane på «Anytime at All» og andre. «Lady Madonna» er eit av dei meir kjende døma deira med komprimert piano.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

B-side til «Words» var «Sinking Ships», ein av få Bee Gees-songar der alle tre brørne syng solovokal. Gruppa framførte songen på The Ed Sullivan Show i 1968, med Barry Gibb på vokal, Maurice Gibb på bass, Robin Gibb på piano, Vince Melouney på gitar og Colin Petersen på trommer.

«Words» debuterte på 67. plassen på Cashbox-lista i USA den 20. januar 1968.[5] Det var den andre Bee Gees-singelen etter «Massachusetts» som nådde topp 10 i Storbritannia.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1968) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 13
Austerrike (Ö3 austerriksk topp 40)[7] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 3
Canada (RPM)[6] 1
Chile[6] 19
Tyskland (Media Control Charts)[9] 1
Irland (IRMA)[6] 14
Italia (FIMI)[6] 11
Japan (Oricon)[6] 19
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[10] 1
New Zealand (Recorded Music NZ)[6] 9
Spania (PROMUSICAE)[6] 15
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 1
Noreg (VG-lista)[12] 7
UK Singles (Official Charts Company)[13] 8
US Billboard Hot 100[14] 15
US Cash Box[15] 19
US Record World[6] 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1968) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 20
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 11
Nederland (Nederlandsk Top 40)[10] 18
Noreg (VG-lista)[12] 7
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 10
US Cash Box[16] 30

Boyzone-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Words
Singel av Boyzone
frå albumet A Different Beat
Språk engelsk
Utgjeve 2. oktober 1996
Innspelt 1995
Sjanger Pop
Lengd 4:02
Komponist Maurice Gibb, Barry Gibb, Robin Gibb
Tekstforfattar Barry Gibb, Maurice Gibb, Robin Gibb
Låtskrivar(ar) Barry, Robin & Maurice Gibb
Boyzone-kronologi 
«Coming Home Now»

(1996)

Words «A Different Beat»

(1996)


«Words» vart den første singelen frå A Different Beat av det irske gutebandet Boyzone. Singelen var den sjuande totalt, og den første som gjekk til topps i Storbritannia. Singelen selde til gullplate.[17]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD1
  1. Words (radio edit) – 3:55
  2. The Price of Love – 3:11
  3. Words (alternative mix) – 3:53
CD2 (avgrensa digipak)
  1. Words (radio edit) – 3:55
  2. The Price of Love – 3:11
  3. What Can You Do For Me – 2:59
  4. Words (alternative mix) – 3:53

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

Lister (1996) Plassering
Australia (ARIA)[18] 96
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[19] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] 3
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[21] 16
Europa (Eurochart Hot 100)[22] 6
Frankrike (SNEP)[23] 31
Tyskland (Media Control AG)[25] 7
Irland (IRMA)[26] 1
Japan (Oricon)[27] 12
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[28] 18
Noreg (VG-lista)[29] 14
Skottland (Official Charts Company)[30] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[31] 4
Sveits (Schweizer Hitparade)[32] 2
Taiwan (IFPI)[33] 4
Storbritannia (The Official Charts Company)[34] 1

Årslister

Lister (1996) Plassering
Belgia (Flandern) 67
Europa (Eurochart Hot 100)[35] 34
UK Singles Chart[36] 16
Lister (1997) Plassering
Europa (Eurochart Hot 100)[37] 75

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein svensk versjon kalla «Nu» vart skriven av Mats Hallgren og framført av Lill Lindfors i 1968 og Siw Inger i 1977.

Ein fransk versjon kalla «Sans aucun mot d'amour» vart skriven av Billy Nencioli og framført av Michel Cogoni i 1968. Ein annan fransk versjon, kalla «Viens», vart skriven av Michel Mallory og framført av Jeane Manson i 1979.

Ein italiensk versjon kalla «Fai un po' quello che vuoi» skriven av Gino Paoli vart framført av The Honeybeats i 1968 og I Crazy Boys i 1968.

Ein portugisisk versjon skriven av Fred Jorge, kalla «Palavras» og framført av Celly Campello i juni 1968. Ein annan portugisisk tekst med same tittel vart skriven av Eduardo Luiz og framført av Agnaldo Timóteo i 1969.

Ein tysk versjon kalla «Ein Wort von dir» vart skriven av Günter Loose og framført av Daliah Lavi i 1971.

Ein dansk versjon kalla «Ord» vart skriven av Keld Heick og framført av Grethe Ingmann i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Nation's Favourite Bee Gees Song». ITV. 9 desember 2011.
  2. Sandoval, Andrew. «Bee Gees - Horizontal». Album Liner Notes. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 22 April 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hughes, Andrew. The Bee Gees - Tales Of The Brothers Gibb. Henta 8. januar 2017. 
  4. Brennan, Joseph. «Gibb Songs: 1967». Henta 8. januar 2017. 
  5. «Cashbox Top 100». Cashbox Magazine Archives. 20 January 1968. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 8. januar 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 6,8 «Songs Written by the Gibb Family on the International Charts» (PDF). brothersgibb.org. Henta 8. januar 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Bee Gees - Words». austriancharts.at. Henta 8. januar 2017. 
  8. 8,0 8,1 «Bee Gees - Words». ultratop.be. Henta 8. januar 2017. 
  9. «Bee Gees - Words». officialcharts.de. Henta 8. januar 2017. 
  10. 10,0 10,1 «Bee Gees - Words». Nederlandsk Charts. Henta 8. januar 2017. 
  11. 11,0 11,1 «Bee Gees - Words». hitparade.ch. Henta 8. januar 2017. 
  12. 12,0 12,1 «Bee Gees - Words». norwegiancharts.com. Henta 8. januar 2017. 
  13. «BEE GEES - UK CHART HISTORY». Official Charts Company. Henta 8. januar 2017. 
  14. «Bee Gees - Chart history». Billboard. Henta 8. januar 2017. 
  15. «Cashbox Top 100». Cashbox Magazine Archives. 9 March 1968. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 8. januar 2017. 
  16. «Cashbox Top 100». Cashbox Magazine Archives. 16 March 1968. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 8. januar 2017. 
  17. «British single salstrofé – Words». British Phonographic Industry.  Enter Words in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  18. "Australian-charts.com – Boyzone – Words". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  19. "Boyzone – Words – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  20. "Ultratop.be – Boyzone – Words" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  21. "Ultratop.be – Boyzone – Words" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  22. Nielsen Business Media, Inc (23 November 1996). «Billboard». 
  23. "Lescharts.com – Boyzone – Words" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  24. Nielsen Business Media, Inc (7 desember 1996). «Billboard». 
  25. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  26. Jaclyn Ward - Fireball Media Group. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 31. mars 2014. 
  27. Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)
  28. "Nederlandse Top 40 – Boyzone search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  29. "Norwegiancharts.com – Boyzone – Words". VG-lista. Hung Medien.
  30. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  31. "Swedishcharts.com – Boyzone – Words". Topp 60. Hung Medien.
  32. "Boyzone – Words – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  33. «IFPI Taiwan - Single Top 10 (1996/14)». Web.archive.org. 10. februar 1999. Arkivert frå originalen 10. februar 1999. Henta 31. mars 2014. 
  34. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 23 May 2011)
  35. Billboard - Google Books. Books.google.ca. 1. januar 2000. Henta 31. mars 2014. 
  36. «Top 100 Singles 1996». Music Week: 25. 18. januar 1997. 
  37. Billboard - Google Books. Books.google.ca. 1. januar 2000. Henta 31. mars 2014. 
  38. Hanson, Amy. «Bee Gees - Words». AllMusic. 
  39. «Cliff Richard - Words 1970». You Tube. Henta 8. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]