Orwellsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Orwellsk» er eit adjektiv som skildrar ein situasjon, ide eller samfunnsmessig tilstand som George Orwell identifiserte til å vere øydeleggjande for velferda til eit fritt og ope samfunn. Omgrepet definerer ei haldning og ein brutal og sterkt kontrollert politikk praktisert av moderne undertrykkjande styresmakter, med bruk av propaganda, overvåking, feilinformasjon, fornekting av sanninga, og manipulasjon av fortida, inkludert bruk av «ikkje-person», tilfelle der ein person med tidlegare eksistens er fjerna frå dei offentlege arkiva og frå minnet. Ofte omfattar dette dei tilhøva som er skildra i romanane hans, spesielt i romanen 1984,[1] men politisk dobbelttale blir kritisert gjennom alt av arbeid hans, til dømes i boka Politics and the English Language.[2]

Romanen 1984 brukar tema frå livet i Sovjetunionen og krigstidsliv i Storbritannia som inspirasjon for fleira av motiva.[3][4] Orwell utvikla idéar om personleg fridom og statleg styresmakt då han var britisk koloniadministrator i Burma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Drabble, Margaret (2000). The Oxford Companion to English Literature (Sixth utg.). Oxford and New York: Oxford University Press. s. 726. ISBN 0-19-861453-5. 
  2. Traub, James (5. januar 2016). «The Empty Threat of ‘Boots on the Ground’». The New York Times. 
  3. Orwell, George (1949). Nineteen Eighty-four, A Novel. New York: Harcourt, Brace. OCLC 366581. 
  4. Tzouliadis, Tim (2008). The Forsaken. New York: Penguin Press. s. 48–49. ISBN 978-1-59420-168-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]