Dorothy Tennant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dorothy Tennant

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 22. mars 1855
London
Død

5. oktober 1926 (71 år)
London

Yrke kunstmålar
Språk engelsk
Far Charles Tennant
Mor Gertrude Tennant
Ektefelle Henry Morton Stanley
Dorothy Tennant på Commons

Dorothy Tennant (22. mars 18555. oktober 1926) var ein britisk nyklassisistisk målar frå viktoriatida.

Tennant var fødd ved Russel Square i London som den andre dottera til politikaren Charles Tennant og sosietetskvinna Gertrude Barbara Rich Collier. Ho studerte målarkunst under Edward Poynter ved Slade School of Fine Art i London og Jean-Jacques Henner i Paris.[1]

I tillegg til å laga måleri skreiv og illustrerte Tennant fleire bøker,[2] mellom anna London Street Arabs frå 1890.[3]

I 1890 gifta ho seg med Afrika-oppdagaren Henry Morton Stanley, og då han blei adla ni år seinare fekk ho tittelen Lady Stanley. Dei to adopterte ein son, Denzil. Etter at ektemannen døydde i 1904 redigerte og illustrerte ho sjølvbiografien hans,[4] er blitt skulda for å ha teke vekk alt snakk om kvinner i livet hans før henne.

Dorothy gifta seg opp att i 1907 med Henry Curtis (d. 1944), ein kirurg, patolog og forfattar.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grosvenor Prints, London
  2. Google Books (2010)
  3. «Lady Dorothy Stanley». Tate. 
  4. Henry Morton Stanley (1909) The Autobiography Of Sir Henry Morton Stanley, Dorothy Stanley Ed., Houghton Mifflin Company
  5. Supplement to the British Medical Journal (1944)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dorothy Tennant