Sharon Pollock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sharon Pollock
Nasjonalitet Kanadisk
Statsborgarskap Canada
Fødd 19. april 1936
Fredericton
Død

22. april 2021 (85 år)
Calgary

Yrke Forfattar, regissør, skodespelar
Språk engelsk
Medlem av Royal Society of Canada

Sharon Pollock, OC FRSC (fødd 19. april 1936) er ein kanadisk dramatikar, skodespelar og teaterleiar. Ho har vore kunstnerisk leiar ved Theatre Calgary (1984), Theatre New Brunswick (1988–1990) og Performance Kitchen & The Garry Theatre, sistnemnde skipa ho sjølv i 1992. I 2007 blei ho utnemnd til Fellow ved Royal Society of Canada.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mary Sharon Chalmers blei fødd Fredericton i New Brunswick i 1936. Foreldra var Eloise, ein tidlegare sjukepleiar, og George Everett Chalmers, ein kirurg og politikar. Ho hadde ein yngre bror, Peter Chalmers, fødd 19. oktober 1937. Familien reiste på mange turar, til dømes til Banff, Vancouver og fleire stader i USA, som New York. Pollock fekk sjå ei rekkje amerikanske musikalar som Annie Get Your Gun, South Pacific og Oklahoma!

Som ung var Sharon Pollock lite interessert i skulearbeid, men sette pris på lesing og var interessert i historie. Ved Fredericton High School var ho leiar i dramaklubben. Då ho var i tiande klasse skulka Pollock og ein venn, Jane Hickman, skulen i tre veker og gjekk på kino i staden. Då dette blei funne ut tok faren til Pollock henne ut av skulen og sende henne til den private anglikanske skulen King's Hall – han meinte at om ho kunne skulka i tre veker utan at det syntest på karakterane, var ikkje skulen utfordrande nok. Pollock og Hickman skipa også ein klubb saman, The Secret Two Club, ettersom dei begge ønskte å bli forfattarar i staden for husmødrer eller lærarar som var dei vanlege framtidsutstiktene for kvinner rundt dei. Ved King's Hall var Pollock med i idrettslaget og var redaktør for skuleavisa.

Då Pollock var i slutten av tenåra byrja ekteskapet til foreldra å brya saman. Mora følte seg kvalt i rolla som husmor og ektemaken sin utruskap gjennom ei årrekkje. I 1954, då Pollock var 18, tok Eloise Chalmers livet av seg. Dette året byrja Pollock også å studera ved University of New Brunswick (UNB), der ho også var eit aktivt medlem av dramaklubben. Ved universitetet møtte ho sin framtidige ektemann, Ross Pollock.

Det unge paret flykta saman. Dei fekk sitt første barn, Jennifer, i 1956. Dette året flytta dei til Toronto, der dei budde dei neste åtte åra. I dette tidsrommet fekk dei fire barn til – Kirk (1957), Melinda (1959), Lisa (1961) and Michele (1963).

Sharon Pollock blei med i ei teatergruppe i Toronto, og regissert ei gruppe ungdommar (1962–63). Ho har omtalt opplevinga som «ein blind som leier.» Ross Pollock mishandla kona si; ho har innrømt at ho prøvde å drepa han, utan suksess, ved å lura i han sterke hormon som faren hadde sendt henne som prevensjonsmiddel. I 1964, etter nok eit valdeleg åtak frå ektemannen, forlét Pollock han med dei fem ungane og vende tilbake til Fredericton. Ho hadde håpa å bu med familien, men fann ein endra familie: Faren hadde gifta seg opp att og fått to barn med den nye kona si.[1]

Teaterliv[endre | endre wikiteksten]

Pollock kom tilbake til Fredericton nett som eit nytt teater, Beaverbrook Playhouse, opna i byen. Pollock fekk i oppgåve å driva billettkontoret. Ved teateret skipa Pollock og andre medlemmer frå UNB Drama Society ei gruppe kalla «The Company of Ten», som framførte seks verk i sesongen 1964–65, før ho blei oppløyst året etter.

Pollock hadde byrja å gå ut med skodespelaren Michael Ball. Ball blei tilboden ei stilling ved det nye drama-fakultetet ved University of Calgary frå 1966, og Pollock følgde han vestover. Ho håpa at flyttinga på tvers av Canada ville gje henne og barna ei ny byrjing. 1960-åra var ei oppgangstid for kanadisk teater. Regionsteater og festivalar blei skipa over heile landet. Etter å ha flytta til Calgary byrja Pollock og Ball å turnera med Victor Mitchell si teatergruppe The Prairie Players. Dei reiste rundt til småbyar i Alberta, spelte i dei lokala dei kunne oppdriva, og tente småpengar. I 1967 blei Pollock med i MAC 14 Theatre Society, ei samanslåing av The Musicians and Actors Club of Calgary og teatergruppa Workshop 14. Gruppa skipa seinare Theatre Calgary. Dette året fekk Pollock også sitt sjette barn, Amanda, med Ball. Rundt 1967-68 byrja Pollock å skriva skodespel.

Dramatikar[endre | endre wikiteksten]

Pollock sin hovudgrunn til å skriva var mangelen på kanadiske dramatikarar. Ho ønska å formidla ein kanadisk røyndom: «I wanted other actors to stand up and say my words, to speak directly through an experience I shared with those other Albertans and Canadians.»[2] Hennar første verk var Split Seconds in the Death of, eit høyrespel som blei sendt på CBC den 22. november 1970. Dette var ei tid då radio og høyrespel hadde store publikum. Etter Split Seconds in the Death of skreiv Pollock to høyrespel til: 31 for 2 og We to the Gods i 1971, begge for CBC Radio.[3]

Etter å ha funne driv og talent for å skriva, skreiv Pollock sitt første heile skodespel, A Compulsory Option, som hadde premidere i 1972. Denne mørke komedien handlar om tre menn med ein paranoia som kan vera røyndom. A Compulsory Option var den første førestillinga til New Play Centre i Vancouver. Skodesepelet vann også ei dramatikartevling i Alberta. I november 1973 hadde Pollock sitt andre skodesepl, Walsh, premiere ved Theatre Calgary. I Walsh dramatiserer Pollock urettane gjort mot siouxnasjonen i 1877–1881. I Walsh og dei seinare The Komagata Maru Incident og One Tiger to a Hill tek Pollock opp historiske hendingar som set opp den offisielle historia mot det som blir vist på scena. Pollock fortsette å bruka kanadisk historie som inspirasjon for skodespel som Whiskey Six Cadenza (1983), Fair Liberty's Call (1993) og End Dream (2000). Ho har også brukt si personleg historie som inspirasjon for verk somGenerations (1980) og Doc (1984).

Blood Relations (1980) er eit av dei best kjende verka til Pollock. Det hadde premiere ved Theatre Three i Edmonton i mars 1980, og er ei vidareutvikling av My Name is Lisbeth which som hadde premiere i 1976 ved Vancouver Playhouse. Blood Relations fortel soga om Lizzie Borden, som skal ha drepe faren og stemor si. Pollock tek for seg effekten det ville hatt på lokalsamfunnet om Borden verkeleg var ein mordar. Sjølv om skodespelet rører ved feministiske emne, blei Pollock kritisert for å ha skrive mindre eit feministisk spel og meir av eit generelt politisk spel.[4]

Pollock var kunstnerisk leiar ved Theatre Calgary frå 1984 og Theatre New Brunswick frå 1988. Ho slutta i begge jobbane på grunn av usemje med leiinga, særleg i høve til «institusjonaliseringa» av teatera og retninga dei gjekk i.[5] I 1995 opna Garry Theatre i eit fattigare område i Calgary med Pollock som kunstnerisk leiar. Ho insisterte på eit teater som var opent for alle, og tok ikkje imot honorar frå teateret.[6]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Dominion Drama Festival. Beste kvinnelege skodespelar for The Knack (1966)
  • Alberta Culture Playwriting Competition for A Compulsory Option (1971)
  • Governor General's Award for Drama for Blood Relations (1981)
  • Golden Sheaf Award for The Person's Case, Television(1981)
  • Alberta Achievement Award (1983)
  • Chalmers Canadian Play Award for Doc (1984)
  • Governor General Award for Drama for Doc (1986)
  • Canadian-Australian Literary Award (1987)
  • Honorary Degree, University of New Brunswick (1987)
  • Japan Foundation Award (1995)
  • Harry and Martha Cohen Award for bidrag til Calgary Theatre (1999)
  • Æresdoktorgrad ved University of Calgary (2004)

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • Split Seconds in the Death of (1970, CBC, høyrespel)
  • 31 for 2 (1971, CBC, høyrespel)
  • We to the Gods (1971, CBC, høyrespel)
  • A Compulsory Option (1972, New Play Centre)
  • The B Triple P Plan (1972, CBC, Radioplay)
  • Walsh (1973, Theatre Calgary)
  • The New Canadians (1973, Playhouse Holiday, TYA)
  • Superstition Throu' the Ages (1973, Playhouse Holiday, TYA)
  • Waiting (1973, CBC, Radioplay)
  • Wudjesday? (1973, Playhouse Holiday, TYA)
  • The Larsens (1974, CBC, Radioplay)
  • A Lesson in Swizzelry (1974, 1975, Caravan Touring Troupe)
  • Portrait of a Pig (1974, CBC, Television)
  • And Out Goes You? (1975, Vancouver Playhouse)
  • In Memory Of (1975, CBC, Radioplay)
  • The Komagata Maru Incident (1976, Vancouver Playhouse)
  • The Komagata Maru Story (1976, CBC, Radioplay)
  • My Name is Lisbeth (Original version of Blood Relations) (1976, Vancouver Playhouse)
  • Ransom (1976, CBC, Television)
  • Country Joy (1978, CBC, Six 30-min Radioplays)
  • Generation (1978, CBC, Radioplay)
  • Chantaqua Spelt E-N-E-R-G-Y (1979, Alberta Theatre Projects)
  • Generation (1979, CBC, Radioplay)
  • Mail vs. Female (1979, Lunchbox Theatre)
  • The Person's Case(1979, Access Television)
  • Sweet Land of Liberty (1979, CBC, høyrespel)
  • One Tiger to a Hill (1980, Citadel Theatre)
  • Generations (1980, Alberta Theatre Projects)
  • Blood Relations (1980, Edmonton Theatre Three)
  • Mary Beth Goes to Calgary (1980, CBC, høyrespel)
  • Mrs. Yale and Jennifer (1980, CBC, høyrespel)
  • Whiskey Six Cadenza (1983, Theatre Calgary)
  • Intensive Care (1983, CBC, høyrespel)
  • Doc (1984, Theatre Calgary)
  • Prairie Dragons (1987, Quest Theatre)
  • Getting it Straight (1988, Women in the Arts Festival, Winnipeg Manitoba)
  • It's All Make-Believe, Isn't it?-Marilyn Munroe (1991, ATP Brief New Works Festival)
  • The Making of Warriors (1991, CBC, høyrespel)
  • Constance (1992, CBC, høyrespel)
  • Fair Liberty's Call (1993, Stratford Festival)
  • Saucy Jack (1993, The Garry Theatre)
  • Death in the Family (1993, The Garry Theatre)
  • Moving Pictures (1999, Theatre Junction)
  • End Dream (2000, Theatre Junction)
  • Angel's Trumpet (2001, Theatre Junction)
  • The Making of Warriors (2003, Co-operative Theatre)
  • Man Out of Joint (2007, Downstage)[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grace, Sherrill. Making Theatre: a life of Sharon Pollock. Vancouver: Talonbooks, 2008. p 27-99.
  2. Sharon Pollock. Narr. Sharon Pollock. Canadian Literature. Videocassette. Council of Ministers of Education, Canada, 1984.
  3. Zimmerman, Cynthia. Sharon Pollock: Collected Works, Volume 1. Toronto: Playwrights Canada Press, 2005. s. 23.
  4. Zimmerman, Cynthia. Sharon Pollock: Collected Works. Toronto: Playwrights Canada Press, 2005. p 1-11.
  5. Telenko, Sherri. "Why is Sharon Pollock so dissatisfied with the state of Canadian theatre?." Performing Arts & Entertainment in Canada 30.4 (1997): 14. Academic Search Complete. EBSCO. Web. 22 September 2010.
  6. Grace, Sherrill. Making Theatre: A Life of Sharon Pollock. Vancouver: Talon Books, 2008.p. 297-299.
  7. Zimmerman, Cynthia. Sharon Pollock: Collected Works, Volume 1. Toronto: Playwrights Canada Press, 2005. 23–27.
  8. «Athabasca University Faculty of Humanities & Social Sciences: Centre for Language & Literature». 17. september 2010. Arkivert frå originalen 5. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]