Pågen AB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pågens fabrikk på Högsbo industriområde i Göteborg var fram til år 2000 brødfabrikken Pååls bröd
Foto: Eva Ekeblad

Pågen AB er eit svensk bakeri-føretak med fabrikkar i Malmö og Göteborg i Sverige. Verksemda leverer over heile Sverige, og eksporterer brød og anna bakverk til mellom anna Noreg.

Opptaket til verksemda var at modellsnikkar Anders Påhlsson på skipsverftet Kockums Mekaniska i Malmö tok opp tingingar i 1878 på arbeidsplassen sin på brød som han og hustrua, Matilda, baka i heimen. Dette utvikla seg til ein bakarbutikk i byen, A. Påhlssons bageri, som med tida vart leverandør av ferdig innpakka brød og bakarvarar over heile Sverige. Namnet vart endra til Pågens Familjebageri AB, som ved å syne til ordet pågen, som tyder guten i skånsk målføre, skulle assosiere firmaet med det ungdomleg friske, og med dette òg referere til opphavet til bakarverksemda. Namnet vart etter kvart stytta ned til Pågen AB.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]