Vestlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Vestland» omdirigerer hit. For fylket i Noreg, sjå Vestland fylke.
Kart over Noreg, der fylka som er rekna til Vestlandet er merkte i raudt.
Geirangerfjorden på Sunnmøre.

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei tre fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Namnet «Vestlandet» blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km²[1] (18,1 % av landarealet i Noreg) med 1 318 398 innbyggjarar[2] (2013, om lag 26 % av folketalet i Noreg). På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Landsdelen er hylla i songen «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.

Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt,
og atter møter meg så mjukt og mildt.» («Å Vestland, Vestland», Tore Ørjaseter og Sigurd Førsund)
Trollfeltet er også ein del av Vestlandet. Olje og gass vert ført i land til Kollsnes i Hordaland. Stavanger vert rekna som «Noregs oljehovudstad».

Noregs historie byrjar på Vestlandet. Helleristningar fortel at det var i Rogaland dei første menneska i Noreg busette seg da isen trekte seg tilbake etter siste istid for ca. 10 000 år sidan. Det finst ei rekkje spor frå steinalderen i Rogaland. Dei foreløpig eldste spora etter menneske er funne på ein buplass på GaltaRennesøy. Menneska kom truleg frå Nordsjølandet, eller Doggerland, eit landområde mellom Danmark og England som forsvann då isen trekte seg tilbake og havnivået steig. Folket som heldt til her måtte no finne nytt land. Nokre trekte sørover igjen, mens ein del passerte Norskerenna (som var smalare enn nå) i si jakt på rein og nytt land.[treng kjelde]

Vikingtid og maktsenter[endre | endre wikiteksten]

Landsdelen omfattar størstedelen av verkeområdet for det gamle Gulatinget, som vart stifta rundt 900. Gulatingslova delte Vestlandet inn i fylke, som bestod av de tidlegare småkongedømme som eksisterte i området før rikssamlinga på 800-talet og som deretter blei omgjort til jarledømme. Desse var Sunnmørafylke (Sunnmøre), Firdafylke (Fjordane), Sygnafylke (Sogn), Hordafylke (Hordaland), Rygjafylke (Rogaland) og Egdafylke (Agder).[3]

Tidlegare Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider var definisjonen på Vestlandet alle fylke vest for austlandsfylka, men i dag er denne landsdelen mindre. Distrikta Dalane og Nordmøre vert av og til ikkje rekna med i landsdelen Vestlandet.

Tvers gjennom Møre og Romsdal går Norges mest markante kulturgrense, mellom det trønderske og det vestlandske i folkeleg kultur. Grensa går tvers over øya Midøy. Denne grensa manifesterer seg på mange måtar, som ei dialektgrense og som eit skilje i byggeskikk og matskikk. Historisk var denne grensa bispedømmegrense mellom Nidaros og Bjørgvin bispedømme heilt opp til 1983 da Møre bispedømme vart stifta med Molde som bispesete.

Agder med dei to fylka Aust-Agder og Vest-Agder var ein del av Vestlandet fram til 1902, da forfattarane Vilhelm Krag og Gabriel Scott lanserte omgrepet Sørlandet for dette området som ein eigen landsdel. Vilhelm Krag foreslo i ein artikkel i Morgenbladet 17. mars 1902 at området frå Grenland til Boknafjorden skulle kallast Sørlandet – eit område som omfattar meir enn dagens Agder-fylke. På den tida var Sørlandet ingen eigen landsdel; området høyrte til Vestlandet. Avisa Vestlandske Tidende kom ut i Arendal, og jernbanen som skulle gå frå Oslo via Kristiansand til Stavanger skulle heite Vestlandsbanen.

Valdres og Hallingdal var også lenge ein del av Vestlandet og var frå ca. 1125 til 1632 ein del av Stavanger bispedømme, men høyrer i dag til Oppland og BuskerudAustlandet.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet er ein viktig landsdel i Noreg der 30 % av verdiskapinga skjer. Etter at det blei funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet har Vestlandet stadig blitt rikare, men mange vestlendingar meiner i dag at dei får for lite i forhold til verdiskapinga som skjer på Vestlandet.[4]

Landsdelshovudstad[endre | endre wikiteksten]

Bergen var hovudstad i Noregsveldet til 1314, fast samlingsplass for Gulatinget frå 1300, største by i Norden på 15- og 1600-talet og i Noreg frem til 1830-talet. Bergen var også eksporthamn for Vestlandet og Nord-Norge i mange hundre år og samtidig administrasjonsby for desse landsdelane, og inngjekk i perioden 1350-1750 i det mektige Hansaforbundet. Bergen var eit eige fylke frå 1831 til 1972. Bergen er framleis den største byen på Vestlandet, men Stavanger/Sandnes har dei siste tiåra hatt størst vekst.

Det er i 2013 ikkje semje om landsdelshovudstad for Vestlandet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Store Skagastølstind (2405 moh.) er Vestlandets høgste fjell.
Orrestranda.
Fjording er ein vestnorsk hesterase som er nært slekta med islandshesten.

Landskapet[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet har ein varierande natur frå høgfjellsområde som hevar seg mot aust og ned til fjordar og øyar langs kysten. Elvane har ofte bratte, korte løp med høge fossar, men på fjellvidda er elvane lange, slake og meandrande og yst ved kysten har elvane korte, slake løp med grunne fjordsjøar. Det er spreidd med jordbruk i heile regionen, spesielt i den sørlege delen med Jæren, som er eit av Noregs viktigaste jordbruksområde. Nesten alle byane ligg langs kysten. Det er her også dei fleste menneska bur, mens langs fjordane og fjella bur det ganske få menneske. Fjellkjeda som kjenneteiknar landskapet oppstod for 425 millionar år sidan, då Noreg kolliderte med Grønland. Delar av Vestlandet vart pressa ned mot 100 kilometers djup under Grønland, samtidig som andre bergartar vart skuva inn over Noreg. Fjellkjeda som vart pressa opp må ha minna om Himalaya, men er sidan sliten ned til det vi ser i dag.[5]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Typisk vestnorsk jordbrukslandskap.

Tabell for jordbruk på Vestlandet, etter fylke.[6]

Rogaland Møre og Romsdal Hordaland Sogn og Fjordane Totalt
Prosent av landarealet 11,9 % 4,1 % 2,8 % 2,6 % 5,3 %
Areal i km² 1 115 km² 619 km² 432 km² 484 km² 2 650 km²
Forhaustar på Jæren

Jæren er det mest kjente og største jordbruksområdet på Vestlandet. Rogaland er det nest viktigaste jordbruksfylket i landet (etter Hedmark), der nesten 12 % av arealet er jordbruksområde.

Til saman er 5,3 % av arealet på Vestlandet jordbruksareal. Det vil seie 2 650 km², noko som er større enn Vestfold. Dei største jordbrukskommunane i kvart fylke er , Voss, Luster og Fræna (frå sør til nord).

Hardangerfjorden er ein av fire store oppdrettsregionar av laks i verda.

Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Hårteigen

Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar. Verdas nest lengste fjord er Sognefjorden og tredje lengst er Hardangerfjorden (Lengst er Scoresbysundet på Grønland). Fjordane trekker veldig mange turistar frå utlandet. Sognefjorden ca. 204 km lang frå Skjolden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Hardangerfjorden ligg i Hordaland fylke i området Hardanger. Fjorden går frå Husnes og Tysnesøy ute mot vest til Odda lengst inn mot Hardangervidda. Største djup er på meir enn 800 m like ved Norheimsund omtrent halvvegs inn i fjorden. Isbreen Folgefonni ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Boknafjorden er ein brei fjord i Rogaland. Den skil Jæren og Ryfylke frå Haugalandet. Fjorden er vid og open mot havet.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Fiskeværet Ona er eit av dei mest kjente fiskeværa på Vestlandet.

Vestlandet har eit rikt øyrike med mange små og store øyar. Osterøy er Nord-Europas største innlandsøy og Vestlandets største øy. På Vestlandet, vesentleg i Møre og Romsdal, finn ein mindre fiskevær og øyer. Smøla er Norges største fiskevær sør for Lofoten.

Rank Øyer Areal
(km²)
Distrikt
1 Osterøy 329 Midhordland
2 Sotra 246 Midhordland
3 Stord 241 Sunnhordland
4 Smøla 218 Nordmøre
5 Tysnesøy 198 Sunnhordland
6 Karmøy 176 Haugalandet
7 Bømlo 171 Sunnhordland
8 Hareidlandet 166 Sunnmøre
9 Averøy 165 Nordmøre
10 Ertvågsøya 139 Nordmøre
11 Gurskøya 139 Sunnmøre
12 Bremangerlandet 131 Nordfjord
13 Sula 116 Sogn
14 Radøy 103 Nordhordland
15 Askøy 99 Midhordland

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet hadde 1 314 265 innbyggjarar 1. oktober 2012, noko som tilsvara 26,1 % av befolkninga i Noreg. I 1769 var delen høgst med 26,7 %, i 1930 lågast med 24,6 %.

Befolkningsutviklinga[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet hadde 27,2 % av landets totale befolkningsvekst i perioden frå 2001 til 2009.

Tabellen under viser befolkningsutviklinga i landsdelen i perioden 1769-2001[7], prognose for anslått folketall i 2030 og prosentandel av Norges befolkning.[8]

År Folketal Prosent
1769 193 259 26,7 %
1801 230 051 26,0 %
1855 392 588 26,3 %
1901 560 765 25,0 %
1950 811 411 24,9 %
2001 1 169 828 25,8 %
2030 1 525 853 26,1 %

Målføre og -stoda[endre | endre wikiteksten]

Dialektane på Vestlandet høyrer stort sett til dei Vestnorske målføra. Sørvestlandsk eller a-mål vert tala i Rogaland, Hordaland, og i Indre Sogn, medan nordvestlandsk eller nordleg e-mål vert tala i Ytre Sogn, Fjordane, på Sunnmøre og i Romsdal. Unntaket er Nordmørsk som høyrer til Trøndsk mål.

Vestlandet vert rekna som heimstamnen hjå nynorsken, det var målføra i desse landslutane Ivar Aasen nytta som grunnlag for landsmålet, og det var her det nye norske målet vart ført inn i skular og herad på byrjinga av 1900-talet. Kring Andre verdskrigen var det mesta berre byane som framleis heldt på bokmålet. I dag breier bokmålet seg utover nett frå desse byane, og det er berre i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal kor framleis eit fleirtal av skuleelevane har nynorsk som hovudmål. Hordaland har rett nok flest nynorskelevar av fylka, men det held berre til 40% av elevane. I Rogaland har om lag firedelen av elevane nynorsk.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i dei fire Vestlandsfylka, og eit fleirtal av kommunane har nynorsk som administrasjonsspråk.

Innvandring[endre | endre wikiteksten]

8,2 % av befolkninga var per 1. januar 2009 innvandrarar eller fødd av to utanlandskfødde foreldre, noko som svarar til 102 477 menneske. Desse utgjer 20,2 % av innvandrarbefolkninga i Noreg. Av innvandrarane på Vestlandet kom 9 169 frå Norden, 15 344 frå Vest-Europa ellers, 29 674 frå Aust-Europa, 9 883 frå Afrika, 30 677 frå Asia med Tyrkia, 2 524 frå Nord-Amerika, 4 752 frå Sør-Amerika og 454 frå Oseania.[9]

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet består av tre av dei elleve fylka i Noreg. Tabellen under angir fakta om kvart av desse fylka.

Fylke Adm. senter Største by Innbyggjarar (2013) Areal (km²) Ordførar Parti Fylkesmann Målform
 Vestland Bergen Bergen 651 299 34 063 Jon Askeland Sp Lars Sponheim Nynorsk
 Rogaland Stavanger Stavanger 499 417 9 376 Janne Johnsen H Harald Thune Nøytral
 Møre og Romsdal Molde Ålesund 270 624 15 114 Jon Aasen Ap Lodve Solholm Nynorsk
Totalt 1 318 398 58 552,34 km²

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Fiskeværet Ona utanfor Molde
Hordaland er det viktigaste fruktfylket i Noreg. Her vert 40 % av epla og pærene i landet dyrka og 70 % av kirsebæra, her frå epledyrking på Lofthus. På heile Vestlandet vert rundt 80 % av epla og pærene og 90 % av kirsebæra produsert.[treng kjelde]

Byar og tettstader på Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

Dette er dei største byane og tettstadene på Vestlandet, rangert etter innbyggjartal:[10]

Namn Kommunar tettstaden ligg i Folkemengd Flatevidd km²
Bergen Bergen 000000000269548.0000000000269 548 000000000000087.170000000087,17
Stavanger/Sandnes Sandnes, Sola, Stavanger og Randaberg 000000000234757.0000000000234 757 000000000000078.340000000078,34
Ålesund Sula og Ålesund 000000000055386.000000000055 386 000000000000027.670000000027,67
Haugesund Haugesund og Karmøy 000000000046359.000000000046 359 000000000000020.680000000020,68
Molde Molde 000000000021854.000000000021 854 000000000000009.06000000009,06
Askøy Askøy 000000000024280.000000000024 280 000000000000014.740000000014,74
Kristiansund Kristiansund 000000000018103.000000000018 103 000000000000008.24000000008,24
Leirvik Stord 000000000014507.000000000014 507 000000000000009.67000000009,67
Egersund Eigersund 000000000011629.000000000011 629 000000000000006.62000000006,62
Bryne Klepp og Time 000000000013151.000000000013 151 000000000000005.17000000005,17
Åkrehamn Karmøy 000000000007955.00000000007 955 000000000000004.33000000004,33
Ålgård/Figgjo Gjesdal og Sandnes 000000000011876.000000000011 876 000000000000004.39000000004,39
Knarrevik/Straume Fjell 000000000012194.000000000012 194 000000000000006.90000000006,9
Osøyro Os 000000000014621.000000000014 621 000000000000009.00000000009
Førde Førde 000000000010535.000000000010 535 000000000000005.51000000005,51
Florø Flora 000000000009015.00000000009 015 000000000000006.43000000006,43
Kleppe/Verdalen Klepp 000000000009859.00000000009 859 000000000000003.28000000003,28
Kopervik Karmøy 000000000011690.000000000011 690 000000000000007.54000000007,54
Ørsta Ørsta 000000000007568.00000000007 568 000000000000005.36000000005,36
Kvernaland Klepp og Time 000000000007824.00000000007 824 000000000000004.17000000004,17
Indre Arna Bergen 000000000009895.00000000009 895 000000000000004.44000000004,44
Nærbø 000000000007515.00000000007 515 000000000000003.08000000003,08
Jørpeland Strand 000000000007534.00000000007 534 000000000000004.14000000004,14
Vossevangen Voss 000000000006965.00000000006 965 000000000000003.89000000003,89
Volda Volda 000000000007033.00000000007 033 000000000000003.71000000003,71
Tananger Sola 000000000000000.00000000000
Hommersåk Sandnes 000000000006729.00000000006 729 000000000000002.17000000002,17
Ulsteinvik Ulstein 000000000006164.00000000006 164 000000000000003.77000000003,77
Odda Odda 000000000004764.00000000004 764 000000000000002.77000000002,77
Knarvik Lindås 000000000006590.00000000006 590 000000000000003.38000000003,38
Sauda Sauda 000000000004134.00000000004 134 000000000000003.99000000003,99
Sykkylven Sykkylven 000000000004413.00000000004 413 000000000000003.38000000003,38
Sunndalsøra Sunndal 000000000004110.00000000004 110 000000000000003.39000000003,39
Hareid Hareid 000000000003502.00000000003 502 000000000000002.57000000002,57
Fanahammeren Bergen 000000000000000.00000000000 000000000000002.29000000002,29
Fosnavåg Herøy 000000000000000.00000000000
Førdesfjorden Tysvær 000000000003973.00000000003 973 000000000000002.56000000002,56
Sogndalsfjøra Sogndal 000000000004324.00000000004 324 000000000000002.02000000002,02
Nordstrand Giske 000000000004316.00000000004 316 000000000000002.63000000002,63
Øvre Årdal Årdal 000000000003082.00000000003 082 000000000000001.84000000001,84
Skudeneshamn Karmøy 000000000003332.00000000003 332 000000000000002.56000000002,56
Sagvåg Stord 000000000003454.00000000003 454 000000000000002.63000000002,63
Måløy Vågsøy 000000000003291.00000000003 291 000000000000002.01000000002,01
Norheimsund Kvam 000000000004619.00000000004 619 000000000000001.96000000001,96

Kommunar på Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

Bergen
Stavanger
Sandnes
Ålesund
Haugesund
Molde
Kristiansund
Stord
Førde i Sunnfjord
Bryne
Florø
Karmøy
Jørpeland
Kvam
Ulsteinvik
Sauda
Fosnavåg
Måløy
Åndalsnes
Nr. Namn Distrikt Folkemengd Flatevidd km² Målform
1101 Eigersund Dalane 000000000015221.000000000015 221 000000000000432.0000000000432 Bokmål
1102 Sandnes Jæren 000000000000304.0000000000304 Nøytral
1103 Stavanger Jæren 000000000149048.0000000000149 048 000000000000071.000000000071 Bokmål
1106 Haugesund Haugalandet 000000000038292.000000000038 292 000000000000073.000000000073 Bokmål
1111 Sokndal Dalane 000000000003347.00000000003 347 000000000000295.0000000000295 Nøytral
1112 Lund Dalane 000000000003226.00000000003 226 000000000000409.0000000000409 Nøytral
1114 Bjerkreim Dalane 000000000002892.00000000002 892 000000000000651.0000000000651 Nynorsk
1119 Jæren 000000000019827.000000000019 827 000000000000258.0000000000258 Nøytral
1120 Klepp Jæren 000000000020900.000000000020 900 000000000000114.0000000000114 Nynorsk
1121 Time Jæren 000000000019910.000000000019 910 000000000000183.0000000000183 Nynorsk
1122 Gjesdal Jæren 000000000012362.000000000012 362 000000000000618.0000000000618 Nøytral
1124 Sola Jæren 000000000028685.000000000028 685 000000000000069.000000000069 Nøytral
1127 Randaberg Jæren 000000000011742.000000000011 742 000000000000025.000000000025 Nøytral
1129 Forsand Ryfylke 000000000000780.0000000000780 Nynorsk
1130 Strand Ryfylke 000000000013703.000000000013 703 000000000000218.0000000000218 Nøytral
1133 Hjelmeland Ryfylke 000000000002643.00000000002 643 000000000001090.00000000001 090 Nynorsk
1134 Suldal Ryfylke 000000000003889.00000000003 889 000000000001736.00000000001 736 Nynorsk
1135 Sauda Ryfylke 000000000004572.00000000004 572 000000000000546.0000000000546 Nynorsk
1141 Finnøy Ryfylke 000000000000104.0000000000104 Nynorsk
1142 Rennesøy Ryfylke 000000000000065.000000000065 Nøytral
1144 Kvitsøy Ryfylke 000000000000544.0000000000544 000000000000006.00000000006 Nøytral
1145 Bokn Haugalandet 000000000000883.0000000000883 000000000000047.000000000047 Nynorsk
1146 Tysvær Haugalandet 000000000011570.000000000011 570 000000000000425.0000000000425 Nynorsk
1149 Karmøy Haugalandet 000000000043306.000000000043 306 000000000000230.0000000000230 Nøytral
1151 Utsira Haugalandet 000000000000215.0000000000215 000000000000006.00000000006 Nøytral
1160 Vindafjord Haugalandet 000000000008938.00000000008 938 000000000000620.0000000000620 Nynorsk
1201 Bergen Midhordland 000000000000466.0000000000466 Nøytral
1211 Etne Sunnhordland 000000000000735.0000000000735 Nynorsk
1216 Sveio Sunnhordland 000000000000246.0000000000246 Nynorsk
1219 Bømlo Sunnhordland 000000000000246.0000000000246 Nynorsk
1221 Stord Sunnhordland 000000000000144.0000000000144 Nynorsk
1222 Fitjar Sunnhordland 000000000000142.0000000000142 Nynorsk
1223 Tysnes Sunnhordland 000000000000255.0000000000255 Nynorsk
1224 Kvinnherad Sunnhordland 000000000001128.00000000001 128 Nynorsk
1227 Jondal Hardanger 000000000000210.0000000000210 Nynorsk
1228 Odda Hardanger 000000000001616.00000000001 616 Nøytral
1231 Ullensvang Hardanger 000000000001399.00000000001 399 Nynorsk
1232 Eidfjord Hardanger 000000000001492.00000000001 492 Nynorsk
1233 Ulvik Hardanger 000000000000721.0000000000721 Nynorsk
1234 Granvin Hardanger 000000000000213.0000000000213 Nynorsk
1235 Voss Voss 000000000001806.00000000001 806 Nynorsk
1238 Kvam Hardanger 000000000000617.0000000000617 Nynorsk
1241 Fusa Midhordland 000000000000378.0000000000378 Nynorsk
1242 Samnanger Midhordland 000000000000269.0000000000269 Nynorsk
1243 Os Midhordland 000000000000140.0000000000140 Nynorsk
1244 Austevoll Midhordland 000000000000117.0000000000117 Nynorsk
1245 Sund Midhordland 000000000000100.0000000000100 Nynorsk
1246 Fjell Midhordland 000000000000148.0000000000148 Nynorsk
1247 Askøy Midhordland 000000000000101.0000000000101 Nøytral
1251 Vaksdal Nordhordland 000000000000716.0000000000716 Nynorsk
1252 Modalen Nordhordland 000000000000412.0000000000412 Nynorsk
1253 Osterøy Nordhordland 000000000000255.0000000000255 Nynorsk
1256 Meland Nordhordland 000000000000093.000000000093 Nynorsk
1259 Øygarden Midhordland 000000000000067.000000000067 Nynorsk
1260 Radøy Nordhordland 000000000000112.0000000000112 Nynorsk
1263 Lindås Nordhordland 000000000000476.0000000000476 Nynorsk
1264 Austrheim Nordhordland 000000000000057.000000000057 Nynorsk
1265 Fedje Nordhordland 000000000000009.00000000009 Nynorsk
1266 Masfjorden Nordhordland 000000000000556.0000000000556 Nynorsk
1401 Flora Sunnfjord 000000000000692.0000000000692 Nynorsk
1411 Gulen Sogn 000000000000597.0000000000597 Nynorsk
1412 Solund Sogn 000000000000228.0000000000228 Nynorsk
1413 Hyllestad Sogn 000000000000259.0000000000259 Nynorsk
1416 Høyanger Sogn 000000000000908.0000000000908 Nynorsk
1417 Vik Sogn 000000000000833.0000000000833 Nynorsk
1418 Balestrand Sogn 000000000000430.0000000000430 Nynorsk
1419 Leikanger Sogn 000000000000180.0000000000180 Nynorsk
1420 Sogndal Sogn 000000000000746.0000000000746 Nynorsk
1421 Aurland Sogn 000000000001468.00000000001 468 Nynorsk
1422 Lærdal Sogn 000000000001342.00000000001 342 Nynorsk
1424 Årdal Sogn 000000000000976.0000000000976 Nynorsk
1426 Luster Sogn 000000000002707.00000000002 707 Nynorsk
1428 Askvoll Sunnfjord 000000000000326.0000000000326 Nynorsk
1429 Fjaler Sunnfjord 000000000000417.0000000000417 Nynorsk
1430 Gaular Sunnfjord 000000000000582.0000000000582 Nynorsk
1431 Jølster Sunnfjord 000000000000670.0000000000670 Nynorsk
1432 Førde Sunnfjord 000000000000586.0000000000586 Nynorsk
1433 Naustdal Sunnfjord 000000000000370.0000000000370 Nynorsk
1438 Bremanger Nordfjord 000000000000833.0000000000833 Nynorsk
1439 Vågsøy Nordfjord 000000000000177.0000000000177 Nynorsk
1441 Selje Nordfjord 000000000000226.0000000000226 Nynorsk
1443 Eid Nordfjord 000000000000469.0000000000469 Nynorsk
1444 Hornindal Nordfjord 000000000000192.0000000000192 Nynorsk
1445 Gloppen Nordfjord 000000000001030.00000000001 030 Nynorsk
1449 Stryn Nordfjord 000000000001378.00000000001 378 Nynorsk
1502 Molde Romsdal 000000000000363.0000000000363 Nøytral
1504 Ålesund Sunnmøre 000000000000098.000000000098 Nøytral
1505 Kristiansund Nordmøre 000000000024404.000000000024 404 000000000000087.000000000087 Bokmål
1511 Vanylven Sunnmøre 000000000003026.00000000003 026 000000000000385.0000000000385 Nynorsk
1514 Sande Sunnmøre 000000000002438.00000000002 438 000000000000093.000000000093 Nynorsk
1515 Herøy Sunnmøre 000000000008968.00000000008 968 000000000000120.0000000000120 Nynorsk
1516 Ulstein Sunnmøre 000000000008861.00000000008 861 000000000000097.000000000097 Nynorsk
1517 Hareid Sunnmøre 000000000005322.00000000005 322 000000000000082.000000000082 Nynorsk
1519 Volda Sunnmøre 000000000000547.0000000000547 Nynorsk
1520 Ørsta Sunnmøre 000000000010958.000000000010 958 000000000000805.0000000000805 Nynorsk
1523 Ørskog Sunnmøre 000000000000132.0000000000132 Nynorsk
1524 Norddal Sunnmøre 000000000000944.0000000000944 Nynorsk
1525 Stranda Sunnmøre 000000000004348.00000000004 348 000000000000866.0000000000866 Nynorsk
1526 Stordal Sunnmøre 000000000000247.0000000000247 Nynorsk
1528 Sykkylven Sunnmøre 000000000007617.00000000007 617 000000000000338.0000000000338 Nynorsk
1529 Skodje Sunnmøre 000000000000120.0000000000120 Nynorsk
1531 Sula Sunnmøre 000000000009720.00000000009 720 000000000000059.000000000059 Nynorsk
1532 Giske Sunnmøre 000000000008691.00000000008 691 000000000000040.000000000040 Nynorsk
1534 Haram Sunnmøre 000000000000261.0000000000261 Nynorsk
1535 Vestnes Romsdal 000000000007147.00000000007 147 000000000000352.0000000000352 Nynorsk
1539 Rauma Romsdal 000000000007299.00000000007 299 000000000001502.00000000001 502 Nøytral
1543 Nesset Romsdal 000000000001046.00000000001 046 Nynorsk
1545 Midsund Romsdal 000000000000095.000000000095 Nynorsk
1546 Sandøy Romsdal 000000000000020.000000000020 Nynorsk
1547 Aukra Romsdal 000000000003678.00000000003 678 000000000000059.000000000059 Nynorsk
1548 Fræna Romsdal 000000000000369.0000000000369 Nynorsk
1551 Eide Nordmøre 000000000000152.0000000000152 Bokmål
1554 Averøy Nordmøre 000000000005955.00000000005 955 000000000000176.0000000000176 Nøytral
1557 Gjemnes Nordmøre 000000000002700.00000000002 700 000000000000382.0000000000382 Nøytral
1560 Tingvoll Nordmøre 000000000003041.00000000003 041 000000000000337.0000000000337 Nøytral
1563 Sunndal Nordmøre 000000000007227.00000000007 227 000000000001713.00000000001 713 Nøytral
1566 Surnadal Nordmøre 000000000005953.00000000005 953 000000000001365.00000000001 365 Nynorsk
1567 Rindal Nordmøre 000000000000632.0000000000632 Nøytral
1571 Halsa Nordmøre 000000000000301.0000000000301 Nøytral
1573 Smøla Nordmøre 000000000002159.00000000002 159 000000000000282.0000000000282 Nøytral
1576 Aure Nordmøre 000000000003408.00000000003 408 000000000000644.0000000000644 Nøytral
Totalt Vestlandet 000000001318398.00000000001 318 398 000000000058552.000000000058 552

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Gulating lagmannsrett dekker Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ved stortingsvalet i 2009 vart dei 42 stortingsrepresentantane fordelt slik på partia:[11]

Parti Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sum
Arbeidarpartiet 3 5 2 3 13
Framstegspartiet 4 4 1 3 12
Høgre 3 3 1 1 8
Senterpartiet 1 1 1 1 4
Kristeleg Folkeparti 1 1 0 1 3
Sosialistisk Venstreparti 1 1 0 0 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]