Otra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otra
elv
Otra renn ut ved Kristiansand.
Land  Noreg
Fylke Agder
Nedslagsfelt 3 740 km²
Renn gjennom Kristiansand
Lengd 245 km
Middelvassføring 150 /s
Kjelde Setesdalsheiane
Munning Kristiansand
Kart
Otra
59°37′12″N 7°25′38″E / 59.619961°N 7.427355°E / 59.619961; 7.427355
Wikimedia Commons: Otra

Otra er den største elva på Sørlandet. Ho renn frå Setesdalsheiane i Bykle kommune i nord til Kristiansand i Agder fylke i sør. Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finst den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Otra

Otra er 245 kilometer lang og er dermed den åttande lengste elva i Noreg. Middelvassføringa er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med om lag 1000 m³/s. Nedslagsfeltet er 3740 km² stort.

Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden.

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Laks[endre | endre wikiteksten]

I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarer seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørfeltet øvst i Setesdal som gjev elvevatnet ei viss bufferevne mot forsuring.

Fangstane dei siste åra har vore varierande:

  • 2001: 7,2 tonn
  • 2002: 5,3 tonn
  • 2003: 7,4 tonn
  • 2004: 5,8 tonn
  • 2005: 9,9 tonn
  • 2006: 10,7 tonn
  • 2007: 5,9 tonn

Bleke[endre | endre wikiteksten]

Bleke er ein laksefisk som berre finst i Otravassdraget.

Ørekyte[endre | endre wikiteksten]

Òg karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Det er funne ørekyte i heile vassdraget sør til Byglandsfjorden. Denne fisken er uønskt i vassdraget, og ein arbeider for å hindre vidare spreiing.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

Otra er ei av Noregs mest regulerte elvar med fleire kraftverk:

I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]