Historia til London

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvst: Det historiske bysenteret City of London
I midten: Palace of Westminster
Nedst: Tower Bridge og Tower of London

Historia til London strekker seg to tusenår tilbake, til då romarane grunnla Londinium ved bekken Walbrook på nordsida av Themsen i år 43. Byen har sidan hatt ei rik historie, med mange forskjellige fasar. Sidan grunnlegginga har London vokse til å bli den storbyen den er i dag. Den har stått i sentrum for det britiske imperiet og den industrielle revolusjon. Den blei lagt i oske av bybrannen, bomba under Blitzen og ramma av pest. I moderne tid er London eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentera i verda.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I følgje Historia Regum Britanniae av Geoffrey av Monmouth blei London grunnlagd av Brutus av Troja, etter at han sigra over Gog og Magog. Byen blei i følgje denne myta kalla Caer Troia, «Nye Troja». Dette blir i verket hevda å vere opphavet til namnet Trinovantum, som blei brukt av romarane om den tidlege busetjinga der. I røynda kom namnet frå trinovantane, stammen som budde der før romarane kom. Geoffrey ramsar opp fleire legendariske kongar, som Lud. Han skulle ha gjeve byen eit nytt namn, CaerLudein, som var opphav til det romerske namnet Londinium, og han skal ha blitt gravlagd ved Ludgate.

Forhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

I sistedelen av bronsealderen var området rundt Themsen prega av menneskeleg aktivitet, og elva var truleg ei grense mellom ulike stammeområde i jernalderen.[1] Det er funne restar etter ei bronsealderbru frå rundt 1500 f.Kr. i det som no er Vauxhall i London, noko som kan tyda på ei større samling folk på ei øy i eller breidda av elva.[2]

Det er likevel ikkje funne andre spor etter ei større busetjing der London er no, trass i omfattande arkeologiske undersøkingar. Det blir rekna som usannsynleg at det var ein by på staden før romarane kom, sjølv om han i teorien kan ligge under dei uutforska delane av den romerske byen. I staden reknar ein med at londonområdet i forhistorisk tid var landsbygd med spreidde og små busetjingar. Enkelte av desse kan ha vore viktige som kult- eller styringsstader, noko funn som Batterseaskjoldet tydar på. Særleg Egham og Brentford blir rekna som stader som kan ha vore viktige, og ein veit også at det låg ei festning på ein ås ved Uppall.

Romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Bymuren

Byen var frå år 225 verna av ein mur som ein framleis kan sjå delar av, blant anna langs gata London Wall. Muren var omkring tre kilometer lang, seks meter høg, 2,5 meter tjukk, og gjekk rundt byen på landsida. Mot elva var det opent, og rundt midten av 200-talet blei byen fleire gonger angripen av piratar. Dette førte til at ein omkring 255 starta å bygge ein mur også langs Themsen. Seks av dei sju tradisjonelle byportane er frå romersk tid: Newgate, Aldersgate, Cripplegate, Bishopsgate og Aldgate. Moorgate er unntaket; denne er frå mellomalderen.


Romarane grunnla sin Londinium i år 43 på fast grunn i eit elles myrlendt terreng, i eit område som i dag tilsvarer City of London. Dette var ein stad dei kunne kryssa Themsen og slik nå områda nord for elva, samstundes som dei kunne segle skip opp frå havet.[3] Namnet Londinium blir rekna å vere av førromersk og kanskje også førkeltisk opphav. Det er ikkje semje om kva det tyder, men det er store sjansar for at det har noko med elva å gjere. Namnet er til dømes forklart som Lyn-dun, 'festning ved sjøen'.[4]

Byen blei raskt eit viktig handelssentrum. Eit prov for dette er at ein på 1980-talet fann spor etter eit stort portkompleks nær London Bridge, som stamma frå denne tida. I 61 blei byen plyndra av innfødde icenarar frå det som i dag er Norfolk, under leiing av dronninga Boadicea, men blei snart gjenreist under prokuratoren Gaius Suetonius Paulinus. Ved starten av 100-talet erstatta Londinium Colchester som hovudstad for provinsen Britannia. Folketalet hadde då nådd omkring 60 000. Romarane bygde ein basilika (ved det som i dag er Leadenhall Market), eit amfiteater (ved det som i dag er Guildhall), og ei bru nær det som i dag er London Bridge. I bymuren blei det bygd portar, og derfrå blei det laga vegar mot andre romerske byar som Camolodunum (Colchester) og Durovernum (Canterbury). Basilikaen blir rekna for å ha vore den største nord for Alpane.

400-talet starta var det vestlege romerske imperiet i forfall, og i 410 enda den romerske okkupasjonen av Britannia. Det finst få arkeologiske prov frå Londinium i denne perioden, men ein veit at handelen braut saman. Dette førte til Londinium tok til å forfalle, blant anna ved at bygningar som tidlegare var sentrale innan handel og andre offentlege bygningar forfall. Innan år 500 hadde dei fleste innbyggarane flytta derifrå.

Angelsaksarar og vikingar[endre | endre wikiteksten]

Kart over London rundt år 400.

Etter at romarane trekte seg ut blei byen inntatt av angelsaksarane. Byen blir i oppføringa til Den angelsaksiske krønika for 456 eller 457 nemnd som eit styrkepunkt som britane flykta til etter å ha lidd nederlag i Kent.[5] Dette kan tyde på at det gjekk omkring eit halvt hundreår før angelsaksarane fekk kontroll over byen. Deretter blir han ikkje nemnd igjen i krønika før oppføringa for 604, då kong Ethelbert av Kent grunnla St. Paul-katedralen på den staden der kyrkja ligg dag[4] og innsette den første biskopen av London.

Den tidlegaste angelsaksiske busetjinga unngjekk området umiddelbart rundt den romerske byen, og bestod i staden av mindre husklyngar i baklandet på begge sider av elva. Det finst ikkje samtidige kjelder for forholda i området, men busetjinga må ha lege på grensa mellom området til saksarane og dei keltiske britane. Frå midten av 500-talet blei londonområdet innlemma i riket til austsaksarane,[4] som strekte seg til St. Albans og omfatta heile Middlesex og truleg også Surrey.

I 604 konverterte austsaksarane til kristendommen, og Mellitus blei den første biskopen i London. Essex var på det tidspunktet underlagd Aethelbert av Kent, og det var under han at den første St. Paul-katedralen blei reist. Den første katedralen var ein beskjeden bygning, og det er mogleg at den blei øydelagd allereie då Mellitus blei jaga frå byen av den heidenske etterfølgjaren Saebehrt av Essex.

Seinare på 600-talet blei det oppretta ein saksisk landsby og handelssenter med namnet Lundenwic, 'Londonbusetjinga',[4] omkring halvannan kilometer vest for Londinium. Den nye byen kom under kontrollen til Mercia omkring 730. Etter 825 blei byen underlagd endå eit nytt rike, Wessex.

Alfred den store fekk London under kontroll av angelsaksarane.
Foto: D.J. Clayworth

800-talet blei England prega av vikingangrep, som blei stadig vanlegare frå omkring 830. London blei angripen i 839 og 851.[6] I 865 følgde ein stor vikinginvasjon av East Anglia, som nådde London i 871. Vikingane overvintra også i byen dette året.[7] Det er uklart kva som skjedde i London i denne perioden, men det er mogleg at vikingane ein periode hadde kontrollen. I 878 klarte angelsaksarar under Alfred den store å beseire vikingane i slaget ved Edington, og vikingleiaren Guthrum måtte be om fred.[7][8] London var dermed igjen under den fulle kontrollen til angelsaksarane. Dei begynte å setje i stand dei romerske murane og vollgravene for å verne om byen. Denne delen av byen fekk namnet Lundenburgh, 'Londonfestninga'. Sentrum i byen flytta seg tilbake til det romerske området, medan Lundenwic blei kjend som ealdwic, 'den gamle busetjinga', eit namn som har overlevd fram til i dag som Aldwych.

Alfred utnemnde svigersonen Aethelred av Mercia til guvernør for London, og oppretta fleire erobra område, burh (modern engelsk borough), her og elles i landet. London-brua blei truleg oppbygd på nytt på denne tida. Den sørlege enden av brua låg ved Suthringa Geworc, «[Festnings]verket til surreymennene», medan den nordlege låg ved bymuren. Frå denne tida av begynte det som i dag er City of London å utvikle si eiga særprega styreform.

Etter at Ethelred døydde kom London under kontrollen til kongane. Innan starten på 900-talet hadde byen blitt eit viktig kommersielt senter. Hovudstaden var fortsett Winchester, men London blei eit stadig viktigare politisk senter.[9]

Under Ethelred den rådville begynte nye vikingangrep, leia av kongen i Danmark, Svein Tjugeskjegg. Då vikingane kringsette London i 994 tok dei ikkje byen, men fekk lausepengar.[7] Ei rekke åtak følgde. I 1013 blei byen omleira, og Ethelred flykta frå landet.[6] Svein døydde under kringsetjinga, men sonen hans, Knut, fortsette striden og tok til slutt London. Den angelsaksiske linja kom igjen til makta etter at Knut døydde, då sonen til Ethelred, Edvard Vedkjennaren, tok trona i 1042. Han stod for bygginga av Westminster Abbey og tok Westminster til hovudstad.[10]

Etter at Edvard døydde var det ingen klar arving, og fetteren hans Vilhelm av Normandie gjorde krav på trona. Det kongelege rådet kom saman i London og valde i staden svogeren til kongen, Harald Godwinsson, til konge. Han blei krona i Westminster Abbey. Som svar på dette leidde Vilhelm sin hær i ein invasjon av England.[10]

Normannartida og seinmellomalderen[endre | endre wikiteksten]

White Tower er den eldste delen av Tower of London, slottet til Wilhelm Erobraren i London.
Foto: Aaron Headly

Etter at Vilhelm hadde drepe Harald II i slaget ved Hastings marsjerte han mot London. Han brann ned Southwark, men stoppa så ved bymuren. I staden for å angripe venta han der ved Berkhamsted, nordvest for byen, til representantar for borgarane kom for å hylle han som konge. Det gjekk ikkje lang tid før han oppnådde dette. Vilhelm lønna dei i 1069 med å tildele byen eit kongeleg charter. Dette spesifiserte at London fekk ta vare på dei «gamle rettane og tollfridomen, så vel til lands som til vanns», dei gamle saksiske rettane. Retten City of London hadde hatt til sjølvstyre blei bekrefta av Johan då han tok trona i 1199, og i Magna Carta i 1215.

I 1078 starta bygginga av Tower of London, Baynard's Castle og Montfichet's Castle, tre festningar som skulle verne London mot angrep frå Themsen. Dei skulle samstundes også syte for at Vilhelm hadde garnisonar i byen som kunne slå ned mot opprør. I 1097 sette sonen til Vilhelm, Vilhelm Rufus, i gang bygginga av Westminster Hall, som blei kjernen i Westminsterpalasset og den viktigaste bustaden til kongen gjennom mellomalderen.

I 1179 starta bygginga av ei ny London Bridge, som stod ferdig i 1209. Den blei ståande i seks hundreår, og var fram til 1750 den einaste brua over Themsen innanfor bygrensene til London.

I mai 1216 skjedde den einaste okkupasjonen av London som blei gjennomført av ein styrke frå kontinentet. Dette skjedde under den første krigen til baronane. Den unge Ludvig VIII av Frankrike marsjerte gjennom gatene til St. Pauls katedral, og blei hylla som den nye herskaren i England, både i gatene og i katedralen. Dette var meint som ei frigjering av England frå tyranniet til Johan. Då Johan døydde skifta baronane raskt side, og Henrik III kom på trona. Med dette begynte også ein langvarig prosess kor London gradvis rista av seg den sterke franske påverknaden på kultur og språk som hadde kome med normannarane. London fekk, saman med Dover, ein sentral plass i utviklinga av tidleg moderne engelsk.

London blei igjen invadert i 1381, denne gong av opprørske bønder leia av Wat Tyler. Dei storma Tower of London og drap rikskanslaren og erkebiskopen Simon Sudbury. Byen blei plyndra, og mange bygningar blei sette fyr på. Tyler blei til slutt drepen av Lord Mayor William WalworthSmithfield, noko som førte til at opprøret enda.

Kart over London rundt år 1300, av William R. Shepherd. Kartet viser at det var opent landskap mellom City of London og Westminster.

I mellomalderen voks London vidare som to byar: Den kongelege hovudstaden utanfor dei gamle murane, og City of London innanfor. City blei først og fremst eit handels- og finanssenter, noko området framleis er. Avstanden mellom dei to byane minka inntil heile området var urbanisert innan starten på 1600-talet, men gjennom mellomalderen var det fortsett ubygde område mellom.

Aukande handel var ein viktig årsak til at London voks kraftig. I 1100 var det berre omkring 15 000 innbyggjarar, medan det i 1300 var omkring 80 000. Det var i denne perioden dei forskjellige næringane i City begynte å organisere seg i laug, der nokre framleis er i drift og deltek i styringa av City.

Gatene i London i mellomalderen var smale og svingete. Dei fleste av bygningane var av brennbart materiale og hadde halmtak, noko som kombinert med dei smale gatene, førte til svært stor brannfare. Sanitærforholda var også forferdelege, og Themsen var ein einaste stor kloakk innanfor grensene til byen. Då Svartedauden nådde byen i 1348 døydde omkring halvparten av innbyggjarane.[4] Seksten ytterlegare utbrot av pest følgde i åra fram til den store pesten i 1665.

Tudortida[endre | endre wikiteksten]

Henrik VII styrte England etter rosekrigane, og gav landet ein stabilitet som London tente på.

Henry Tudor tok trona i 1485, og gifta seg med Elizabeth av York. Dermed enda rosekrigane, og den effektive og resolutte kongen kunne konsentrere seg om å styre landet. Han sentraliserte makta, noko som fekk innverknad på London sin posisjon i riket. Likt som tidlegare monarkar lånte han pengar frå City of London for å finansiere sine krigar, men i motsetning til forgjengarane betalte han tilbake til avtalt tid. Det mest kjende bidraget hans til arkitekturen i London er Henrik VIIs kapell i Westminster Abbey; utover dette hadde han stort sett liten interesse for å gjere byen finare eller forbetre den.

Det viktigaste bidraget tudormonarken gav til byen var stabilitet. Adelen hadde tidlegare drive sin innbyrdes maktkamp på slagmarken, men frå Tudortida blei hoffpolitikk den viktigaste arenaen for dei som ønskte å styrke posisjonen sin. Heilt fredeleg var det likevel ikkje i London. I 1497 slo tronkrevjaren Perkin Warbeck leir med sine styrkar ved Blackheath. Det brøyt først ut panikk blant borgarane, men kongen organiserte forsvar av byen. Opprørarane blei spreidd, og Warbeck blei tatt til fange og drepen ved Tyburn. Reformasjonen var forholdsvis ublodig i London. Innan dei øvre samfunnslag var dei fleste innstilt på ein gradvis overgang til den reformerte trua. Den største effekten av reformasjonen var ei omvelting av eigedomsforholda. Dei mange klostera åtte før omveltinga nesten halve London. I 1530-åra starta oppløysinga av klostera i London, og innan 1538 var dei fleste større klostera borte. Eigedomane tilfall krona, og kongen fordelte mykje til medlemmar av adelen. Hyde Park og St. James's Park blei oppretta som eit jaktområde på ein eigedom som tidlegare hadde høyrt til Westminster Abbey.

Dei store bygningane som blei overteke av krona stod ved døden til Henrik VIII stort sett tomme. Ein av dei få som blei tatt i bruk igjen var St. Bartholomew's Hospital, som blei gjenopna av kongen kort tid før han døydde. Edvard VI gav mange av bygningane til lauga som nedbetaling av gjeld. I nokre tilfelle gav han også leigeinntektene frå inndratte eigedomar til gode formål. Fleire offentlege sjukehus og andre institusjonar blei opna av City of London.

Då Edvard VI døydde i 1553 blei Lady Jane Grey tatt imot i Tower of London som dronning. Men Lord Mayor, aldermennene og andre embetsmenn snudde fort, og proklamerte i staden Maria I som dronning. Året etter utløyste avgjersla hennar om å gifte seg med Filip II av Spania eit opprør leia av Thomas Wyatt. Opprørarane tok kontroll over Southwark, marsjerte til Charing Cross langs vegen frå Westminster til City, og deretter vidare til Ludgate. Men det var ikkje støtte for opprøret i City, og Wyatt overgav seg. Dette illustrerer det viktige i å kontrollere City of London, medan områda utanfor bymurane var langt mindre viktig for den som ønskte å oppnå politiske mål.

Handel i London

London blei eit stort handelssentrum frå 1400-talet, og var frå midten av 1500-talet sete for mange store handelskompani for oversjøiske varer; Det britiske Ostindiske kompani, Hudson Bay Company, Levant Company og Muscovy Company. Byen blei stadig viktigare for europeisk handel, og lokal småindustri, spesielt veveri, nøyt godt av dette. Det britiske Ostindiske kompani styrte i realiteten store delar av India, og var ein viktig institusjon ikkje berre i City of London, men i heile England og seinare Storbritannia. Med øydelegginga av Antwerpen i 1572 blei posisjonen til London blant Nordsjøhamnene ytterlegare styrkt.


Det var tydeleg tilflytting og innvandring til London også på denne tida, og folketalet steig frå omkring 50 000 i 1530 til 225 000 i 1605, 75 000 av dei i City. Det blei innført lovar og forordningar for å kontrollere veksten til byen, men dette var til liten eller ingen nytte. I 1580, 1583, 1593 og 1605 kom det lovar mot å bygge nye hus på tomter som var mindre enn 16 dekar, så langt ut frå City som Chiswick og Tottenham. Eit av resultata var ytterlegare inndeling av tomter kor det allereie stod eit hus, og mykje dårleg konstruksjonsarbeid i City.

East End utvikla seg som ikkje-planlagd busetjing langs eksisterande vegar. Mange starta industri der, fordi ein var utanfor rekkevidda til lauga og derfor kunne operere langt friare.

I 1561 blei St. Pauls katedral sterkt skada av lynnedslag. Taket blei reparert, men det høge spiret blei aldri erstatta. Det var ingen kyrkjebygging i London mellom ferdigstillinga av St. Giles Cripplegate og oppstarten på Inigo Jones' Queen's Chapel i 1623. Skular blei det derimot bygd fleire av, ettersom det var eit udekt behov etter bortfallet av klosterskulane. I 1565 opna Thomas Gresham ein børs, som i 1571 fekk namnet Royal Exchange av Elizabeth I. Ein del bygningar i London blei skada av eit jordskjelv i Doverstredet i april 1580.

Teateret til Shakespeare, The Globe, er blitt rekonstruert.

I siste del av 1500-talet levde og virka William Shakespeare og fleire andre forfattarar i London. Dette blir rekna som eit av høgdepunkta i kulturhistoria til byen. I samtida var det derimot ein sterkt fiendtleg innstilling til teater. Offentlege førestillingar førte til samlingar av menneskemengder, noko myndigheitene ikkje likte, då dei kunne utvikle seg til mobbar. Mange borgarar var også redde for at dei store forsamlingane kunne føre til spreiing av pest. Det var også motstand mot sjølve konseptet teater i den delen av innbyggjarane som var påverka av puritanisme. Dronning Elizabeth var svært glad i teater, og mange stykke blei sett opp for ho i private førestillingar. Den 11. april 1582 skreiv rådet til dronninga til Lord Mayor at sidan dronninga sette slik pris på teater, ville det ikkje vere upassande om ein, etter å ha tatt visse førehandsreglar, tillét at det blei sett opp stykke i London. Grunngjevinga var at dette ville gjere skodespelarane dyktigare, slik at dei kunne glede dronninga meir.

Dei fleste teatera blei bygde utanfor City. Det første teaterdistriktet låg i Shoreditch, nord for muren. Der blei The Theatre åpnet i 1576 og The Curtain i 1577. Seinare blei sørsida av Themsen det viktigaste teaterdistriktet, kor ein fann The Globe, The Rose, The Swan og The Hope. I dette området var det allereie mange arenaer for andre typar underhaldning, som bjørnekampar. Blackfriars Theatre låg innanfor murane, men utanfor jurisdiksjonen til City.

I regjeringstida til Elizabeth bygde fleire medlemmar av hoffet og rike borgarar landstader i Middlesex, Essex og Surrey. Dette var spira til det som seinare har blitt kalla «villabevegelsen», ønsket om hus som låg utanfor byen, men som ikkje var tilknytt landbruk.

Stuarttida[endre | endre wikiteksten]

1600-talet blei grensene til City of London definitivt sett. Områda utanfor City, med unntak av heimen til aristokratane mellom City og Westminster, blei rekna som mindre danna. Mot nord fann ein ny del av byen, Moorfields, eit drenert myrområde med eit nettverk av stiar. Tiggarar og reisande heldt til der, og dei som måtte krysse området for å komme inn til London bevega seg så raskt som mogleg forbi. Ved sida av Moorfields låg Finsbury Fields, som blant anna var eit populært øvingsområde for bogeskytarar. Mile End, som den gong var ein allmenning ved Great Eastern Road, var kjend som samlingsområde for militære styrkar.

Lord Mayor's Show har tradisjonar tilbake til 1215, og blei gjeninnført i 1609 etter ein pause som varte nokre år.
Foto: David Iliff

Under førebuingane til den engelske kroninga av den første Stuartkongen, Jakob I i 1603, braut det ut pest i London. Meir enn 30 000 menneskje kan ha blitt offer for epidemien. I 1609 blei Lord Mayor's Show arrangert igjen etter ein pause på fleire år.

Det oppløyste klosteret Charterhouse blei kjøpt av Thomas Button for 13 000 pund. Han opna eit sjukehus, eit kapell og ein skule der i 1611, og Charterhouse School blei ein av dei viktigaste privatskulane i London, inntil den blei flytta til Surrey i viktoriansk tid. Det ligg framleis ein skule på staden.

Ein av dei viktigaste møtestadene for Londonborgarane var St. Pauls katedral. Kyrkjeskipet blei brukt til å drive forretningar, og døypefonten blei brukt som disk når pengar skulle tellas opp. Advokatar hadde faste plasser kor dei tok imot klientar, og dei arbeidslause kom til katedralen for å finne jobbar. Kyrkjegarden var eit sentrum for handel med bøker, og Fleet Street for underhaldning. Teateret, som hadde blitt populært under Elizabeth I, blei ein enda viktigare del av underhaldningstilbodet under Jakob I.

I 1625 kom Karl I på trona. I regjeringstida hans starta aristokratane å busetje seg i West End. Mange jordeigarar frå landsbygda starta også å bu i London delar av året for å få med seg det sosiale livet i byen; dette blei kjend som «Londonsesongen». Lincoln's Inn Fields blei bygd omkring 1629, og i 1632 bygde Inigo Jones ein plass i Covent Garden. Gatene som går ut frå Covent Garden blei bygd i åra som følgde, og fekk namn etter kongefamilien: Henrietta, Charles, James, King og York Street.

I januar 1642 fekk fem parlamentsmedlemmar som kongen ønskte å arrestere asyl i City. Kongen reiste krigsbanneret i Nottingham i august same år. Under den engelske borgarkrigen tok London side med parlamentet. Kongen hadde i starten overtaket, og vann slaget ved Brentford nokre kilometer vest for London. City of London oppretta ein provisorisk hær, noko som fekk kongen til å nøle og trekke seg tilbake. Det blei etter dette reist eit omfattande nettverk av forsvarsverk rundt London for å verne byen mot angrep frå rojalistane. Dette omfatta langt meir enn City, blant anna heile Westminster og Southwark. London blei ikkje truga av rojalistane igjen. Dei økonomiske ressursane til City blei ein viktig faktor for parlamentarianarane, som gjekk sigrande ut av krigen.

Den overfolka og skitne byen opplevde mange pestepidemiar gjennom hundreåra. Det siste store utbrotet var også eit av dei verste etter Svartedauen. Pesten i 1665 drap anslagsvis 75 000–100 000 menneskje,[4] ein femtedel av folketalet til byen. Samuel Pepys skreiv om pesten i si dagbok.

Bybrannen

Søndag 2. september det året brøyt det ut brann i eit bakeri i Pudding Lane i City. Vind frå aust fekk brannen til å spreie seg raskt i dei tørre trehusa. Den einaste sjansen for å stoppe ein slik brann var å lage branngatar ved å rive hus, men innsatsen var uorganisert og var ikkje vellukka. På tysdagen løya vinden noko, og på onsdagen tok brannen til å døy ut. Neste dag var den sløkt, men på kvelden brøyt det igjen ut brann i Temple. Denne gongen var ein forberedt, og fleire hus blei sprengt med krut for å lage ei branngate. Søyla The Monument blei reist til minne om brannen. I halvtanna hundreår hadde den ei innskrift som tilskreiv brannen til papistisk hysteri; i røynda starta den fordi ein bakar hadde gløymt å ta brøda ut av omnen.

Omkring 60 prosent av byen blei lagd i oske. Dette inkluderte 13 000 bygningar, St. Pauls katedral, 87 soknekyrkjer, 44 laugshallar og Royal Exchange.[4] Tapet av menneskeliv var forbløffande lite, offisielt var det maksimalt seksten som omkom. Dette talet kan vere høgare, ettersom ein ikkje hadde den oversikt over folketalet som ein har fått i nyare tid. Uansett dreier det seg om ein svært låg dødsprosent.

Planen John Evelyn hadde for oppbygging av London etter brannen.

Rett i hælane på pesten kom ei anna katastrofe, bybrannen i 1666, som råka rundt 60 prosent av byen.

Innan tre dagar hadde gått, hadde tre planar for oppbygging blitt presentert for kongen. Arkitektane som stod bak var Christopher Wren, John Evelyn og Robert Hooke. Planen til Wren var å legga hovudgater frå nord til sør og frå aust til vest, plassere alle kyrkjer slik at dei var lettare tilgjengeleg, laga store plasser på opne område, foreine hallane til dei tolv viktigaste lauga ved Guildhall og å bygge ein kai frå Blackfriars til Tower. Gatene skulle vere rette, og ha standardbredder på tretti, seksti og nitti fot. Planen til Evelyn var forskjellig først og fremst i at det skulle gå ei gate frå St. Dunstans kyrkje i aust til St. Pauls katedral, og at det ikkje var nokon kai i planane.

Det var eit sterkt ønske om ei slik planlagd oppbygging, men det blei ikkje noko av det i praksis. Ein viktig årsak til det var at det gamle gatenettet i stor grad var bestemt av tomtegrenser, og londonborgarane starta derfor raskt å bygge opp hus innanfor desse grensene. Gatenettet er derfor i stor grad det same i det 21. hundreåret som det var før brannen. Ein del andre tiltak blei innført, som forbod mot halmtak. Dette forbodet står framleis ved lag, og ved rekonstruksjonen av Globe Theatre måtte ein søkje dispensasjon. Stein og tegl blei dei byggingsmaterialane som var å føretrekke, og etter eit parlamentsvedtak blei det forbode å oppføre nye hus i tre i City; berre dør- og vindaugskarmar og butikkfasadar kunne vere i treverk.

Det nye City of London var likevel annleis enn den gamle. Mange av aristokratane vendte aldri tilbake, men bygde i staden i West End. Der sprang det opp nye fasjonable område, først nær Whitehall Palace inntil det brann i 1690-årene, og seinare nær St. James's Palace. Langs Piccadilly, som hadde vore ein landeveg, kom det bustader for hoffmedlemmar, som Burlington House. Dermed var grensa mellom det finansielle City of London og kongens og aristokratiets Westminster komplett.

Sjølv om den store planen til Wren ikkje blei følgd opp, fekk han ansvaret for å bygge den nye katedralen og nye soknekyrkjer. Den barokke katedralen hans med ein enorm kuppel blei eit kjent symbol for London[4]. Robert Hooke fekk, som byplanleggar, ansvaret for å følgje oppbygginga av husa i City. I East End føregjekk det også stor byggeaktivitet. Særleg i Whitechapel, Wapping, Stepney og Limehouse sprang det opp bustader for arbeidarar, dei fleste av dei med slumforhold.

Vinteren 1683/1684 kom den store frosten, den kaldaste perioden i byen som er kjent. Det blei halde ein frostfestival på Themsen i løpet av dei tretten vekene den varte.

I 1685 og seinare kom fleire protestantiske utlendingar til London. Då Nantesediktet blei trekt tilbake flykta eit stort tal hugenotter til England. Dei grunnla mellom anna silkeindustri ved Spitalfields.

Bank of England blei oppretta i 1694.
Foto: Adrian Pingstone

City of London var i denne perioden i ferd med å bli det leiande finansielle sentrumet i verda, ein posisjon Amsterdam lenge hadde hatt. I 1694 blei Bank of England grunnlagd, og Ostindiakompaniet utvida innflytelsen sin. Lloyd's of London begynte drifta mot slutten av det 17. hundreåret. I 1700 gjekk 80 prosent av Englands import, 69 prosent av eksporten og 86 prosent av re-eksporten gjennom London. Ein begynte å få stadig fleire luksusvarer frå Amerika og Asia, som silke, sukker, te og tobakk. Re-eksporten illustrerer korleis London fungerte som handelssentrum; det var aldri eigen industri som var det viktigaste for økonomien, men redistribusjon av varer.

Vilhelm III brydde seg ikkje spesielt mykje om London, han fekk blant anna astmaanfall av røyken. Etter brannen i Whitehall Palace i 1691 kjøpte han Nottingham House, som blei bygd om til Kensington Palace. Kensington var då ein liten, uviktig landsby, men då hoffet kom blei byen viktigare. Seinare monarkar oppheldt seg lite der, men det hadde ein stor effekt for den vidare utvidinga av London. Under Vilhelm III blei Greenwich Hospital, også det utanfor grensene til London, påbegynt. Under dronning Anne blei det vedtatt å bygge femti nye kyrkjer for å handtera det stadig aukande folketalet i London utanfor City.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Oversikt over London i 1751, måleri av T. Bowles
Klokketårnet på den nye katedralen til Wren.

1700-talet opplevde London ein ny periode med rask vekst. Dette grunna fleire faktorar, spesielt ei generell auke i folketalet i landet, starten på den industrielle revolusjon og rolla London spelte som sentrum i eit veksande imperium. Med Act of Union 1707 blei det skotske og det engelske parlamentet slått saman, og kongeriket Storbritannia blei oppretta.

I 1708 stod den nye St. Pauls katedral ferdig, på bursdagen til arkitekten Christopher Wren. Den første gudstenesta i katedralen hadde blitt halde allereie 2. desember 1697, i ein svært uferdig bygning.

I georgiansk tid spreidde London seg utover sine tradisjonelle grenser i stadig aukande hastigheit. Nye område som Mayfair blei grunnlagd i West End for dei rike. I 1750 kom Westminster Bridge; heilt sidan romersk tid hadde London Bridge vore einaste bru over Themsen. Fleire bruer følgde, og bant saman byen ytterlegare.

I 1762 kjøpte Georg III Buckingham House av hertugen av Buckingham. I løpet av dei neste 75 årene blei det utvida av arkitektar som John Nash. Først på 1800-talet blei slottet den primære Londonresidensen til monarken.

Med vidareutviklinga av trykkpresser og aukande lesekunnskap i folket, blei litteratur og nyhende meir tilgjengelege. I London utvikla kaffihusa seg til å bli populære stader å møtast for å diskutere. Fleet Street gjekk i denne perioden over frå å vere ei underhaldningsgate til å bli avisgata i London.

London var sterkt plaga av kriminalitet på 1700-talet. I 1750 blei Bow Street Runners, ein profesjonell, men primitiv politistyrke oppretta. Straffene var drakoniske, med dødsstraff for det som i seinare tid blir rekna som små forbrytingar. Hengingar var offentlege, og trekte store folkemengder.

I 1780 blei London støkkja av Gordonopptøyene, ein protestantisk oppstand retta mot den katolske emansipasjon, leia av George Gordon. Ei folkemengd på 40 000 til 60 000 marsjerte mot parlamentet under banner med teksten «No Popery», og situasjonen kom ut av kontroll. Katolske kyrkjer og heimar blei sterkt skadde, deriblant kapell på ambassadeområde; på same måte blei blant anna to fengsel og Bank of England angripne. Hæren blei utkommandert og 285 plyndrarar blei drepen då opptøyane blei slått ned på. Av dei som blei arrestert blei 20 til 30 avretta. Charles Dickens gir ei annanhands skildring av opptøyane i den historiske romanen Barnaby Rudge.

I siste halvdel av hundreåret brøyt dei amerikanske koloniane seg laus frå imperiet. Samstundes opplevde London opplysningstid og store endringar som verkeleg førte byen inn i den moderne tid.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

1800-talet voks London til å bli den største byen i verda. Folketalet gjekk frå omkring ein million i 1800 til 6,7 millionar hundre år seinare. Byen blei eit globalt politisk og finansielt sentrum, og var meir eller mindre utan utfordrarar i denne posisjonen inntil Paris og New York starta å truge Londons dominerande stilling mot slutten av hundreåret.

Medan byen som ein heilskap blei stadig rikare, var det også store slumområde i London. Fleire millionar levde i overfolka og uhygieniske forhold, kjent blant anna frå Oliver Twist av Charles Dickens.

Krystallpalasset, der verdsutstillinga blei halde i 1851.

I 1829 oppretta premierminister Robert Peel Metropolitan Police, ein politistyrke som skulle betene heile det urbane området. Deira kallenamn «bobbies» kjem frå namnet hans.

Det urbaniserte området voks raskt med utviklinga av betre transportsystem, og spreidde seg inn i Islington, Paddington, Belgravia, Holborn, Finsbury, Shoreditch, Southwark og Lambeth. Mot midten av hundreåret hadde byen vokse frå sitt styresystem, som var basert på gamle soknegrenser.

The Great Exhibition blei arrangert i 1851, som den første av ein serie verdsutstillingar. Den blei halde i Krystallpalasset, og viste fram Storbritannia og London til menneskje frå heile verda.

I 1855 blei Metropolitan Board of Works oppretta for å sikre at infrastrukturen blei forbetra i takt med veksten. Ein av de første oppgåvene var å gjere noko med kloakkproblema. Urensa kloakk blei sendt rett ut i Themsen, og sommaren 1858 opplevde ein Den store stanken, som gjorde det uuthaldeleg i sentrale område. Drikkevatnet blei henta frå Themsem, og dermed var sjukdom og epidemiar vanlege. Parlamentet godkjente ein plan for å bygge eit enormt kloakknett. Joseph Bazalgette fekk i oppgåve å leie arbeidet, som var eit av dei største i sitt slag i det 19. hundreåret. Meir enn 2100 kilometer med tunnelar og røyr blei lagt ned under byen for å fjerne kloakk og sørgje for reint drikkevatn. Då arbeidet var ferdig sokk dødsprosenten i London dramatisk, ettersom kolera og andre sjukdomar praktisk talt forsvann. Systemet til Bazalgette er framleis i bruk som kjerne i Londons kloakk- og drikkevassnett.

Kollektivtransport

Med utviklinga av jernbanen blei London forandra. Eit nettverk av linjer gjorde det mogleg å opprette forstader i nabogrevskapa, og middelklassen og dei rike starta å pendle. Dette tydde at London igjen kunne vekse ut over grensene sine, men auka også klasseskilja mellom dei velståande i forstadene og dei fattige i indre by. Den første jernbanestrekninga i London gjekk frå London Bridge til Greenwich, og opna i 1836. Ho blei snart følgd av opninga av stasjonar med linjer til alle delar av Storbritannia: Euston stasjon i 1837, Paddington stasjon i 1838, Fenchurch Street stasjon i 1841, Waterloo stasjon i 1848, King's Cross stasjon i 1850 og St. Pancras stasjon i 1863. I sistnemnde år starta også konstruksjonen av London Underground.

Som hovudstad for eit enormt imperium tiltrekte London seg innvandrarar frå koloniane og fattigare delar av Europa. I viktoriansk tid kom mange irar til byen, spesielt etter potetpesten. På eit tidspunkt skal irske innvandrarar ha utgjort tjue prosent av folketalet i byen. Det oppstod også eit tydeleg jødisk samfunn, og fleire stader slo grupper av kinesarar og sør-asiatar seg ned.

I 1888 blei det nye grevskapet London oppretta.[11] Det blei styrt av grevskapsrådet i London, som var det første valde organet for heile byen. Det erstatta Metropolitan Board of Works, som hadde hatt utpeika medlemmar. Grevskapet dekte heile det urbane området, omtrent det som i seinare tid utgjer indre London. Det blei i 1900 delt inn i 28 distrikt, med lokale forvaltningsorgan.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Frå hundreårsskiftet til andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ved starten på 1900-talet var London på høgda av sin påverknad som hovudstad for Det britiske imperiet. Det nye hundreåret skulle føre med seg store forandringar i forhold til dette.

Folketalet i byen auka stadig dei første tiåra, og offentlege kommunikasjonsmiddel blei stadig betre. Det offentlege selskapet LCC Tramways oppretta eit trikkenett, og dei første bussrutene kom. Banenettet, både hovudlinjene og undergrunnsnettet, blei også stadig større og betre, blant anna gjennom innføringa av elektriske tog.

Under første verdskrigen opplevde London sine første bombeangrep, utført av tyske luftskip. Omkring 700 menneskje blei drepne, og borgarane blei svært skremde av utviklinga. Dette var berre ein forsmak på kva London skulle oppleve under neste storkrig.

I mellomkrigstida voks London raskare enn nokon gong tidlegare i utbreiing. Stadig fleire føretrekte å busetje seg i forstadane, noko som var enklare enn tidlegare, ikkje berre fordi kollektivtransporten var betre, men også fordi privatbilar blei meir utbreidd. Forstadene strekte seg langt inn i Essex, Hertfordshire, Kent, Middlesex og Surrey.

Saman med resten av landet hadde London svært høg arbeidsløyse under depresjonen i 1930-åra. I East End hadde ekstreme parti på både høgre- og venstresida godt rekrutteringsgrunnlag. Communist Party of Great Britain fekk eit sete Underhuset, og British Union of Fascists fekk tydeleg støtte. Det var fleire samanstøyt mellom høgre- og venstresida, som kulminerte i slaget på Cable Street i 1936.

I 1939 nådde London sitt høgste folketal nokon sinne, 8,6 millionar. I perioden før utbrotet av andre verdskrigen var det ei tydeleg jødisk innvandring; dei fleste busette seg i West End.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under blitzen i London

Under andre verdskrigen blei London, som mange andre britiske byar, sterkt skada av tysk bombing. Angrepa starta med Londonblitzen under slaget om Storbritannia. Før bombinga starta blei fleire hundre tusen barn evakuert til landsbygda. Sivile Londonborgarar måtte søke dekning i tilfluktsrom, mange av dei i undergrunnsnettet.

Den verste bombinga fann stad mellom 7. september 1940 og 10. mai 1941. I denne perioden var det 71 raid mot London, kor 18 000 tonn høgeksplosiv blei slept ned. I dei neste åra var bombinga ikkje like intens, fordi fokuset til Tyskland var flytta over til austfronten. Mot slutten av krigen kom London igjen under angrep, då med dei flygande bombene V1 og rakettane V2 som blei avfyrt frå kontinentet.

Området som blei verst ramma var Docklands, men også bustadområde blei treft. Nesten 30 000 londonborgarar omkom under bombeangrepa, og 50 000 blei alvorleg skada.[12] Fleire titusentals bygningar blei øydelagt, og fleire hundre tusen blei heimlause.

Etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Berre tre år etter krigen blei Sommar-OL 1948 arrangert på Wembley Stadium. Oppbygginga av London etter krigen var framleis i startfasen, og sjølv om det store arrangementet var ei kraftfull oppvising av pågangsmotet til borgarane, var det også tydeleg at London ikkje var som før. Då Festival of Britain blei arrangert i 1951, derimot, var det eit meir optimistisk London som tok imot dei besøkande.

Bustader var høgt prioritert i dei første etterkrigsåra, grunna dei mange som var heimlause etter bombeangrepa. For å dekke behovet satsa ein på høgblokker, og i løpet av 1950- og 1960-åra blei profilen til London dramatisk endra. Høgblokkene blei ikkje spesielt populære, og mange blei seinare fjerna. Eit anna satsingsområde var vidareutvikling av forstadane. Det som fekk størst effekt på demografien i London var ein nasjonal plan, med oppretting av nye byar. Utanfor London kom Milton Keynes i 1965, og i eksisterande byer rundt London blei det laga nye bustadområde for å tiltrekke heimlause Londonborgarar. Dermed fall folketalet i London kraftig; i 1980-årene var det 6,8 millionar, frå 8,9 millionar i 1939.

Smog hadde vore eit problem allereie i viktoriansk tid; i det 20. hundreår nådde den dødelege nivå

I første halvdel av det 20. hundreåret var kolfyring framleis den vanlegaste forma for oppvarming. Røyken frå dette blanda seg med den typiske Londontåka, og smog blei eit veksande problem. I 1952 kulminerte dette i den store smogen, då meir enn 4000 omkom på grunn av luftureininga. Clean Air Act 1956 blei vedteke for å betre tilstanden. Røykfritt brensel blei påbode i fleire sonar, og luftkvaliteten betra seg dramatisk.

Frå midten av 1960-åra blei London eit sentrum for ungdomskultur, spesielt på grunn av grupper som The Beatles og Rolling Stones. Subkulturen kjent som Swinging London, med Carnaby Street som arnestad, blei kjent i store delar av verda, og påverka ungdomsmote. I 1980-åra kom London igjen i sentrum med New Wave og punk; til ein viss grad blei statusen også gjenoppliva av britpop i 1990-åra.

London har alltid tatt imot store grupper innvandrarar, og i etterkrigstida auka talet. Det var særleg personar frå samveldelanda som kom, og London blei eitt av dei mest blanda folka i nokon europeisk by. Integreringa av nye grupper gjekk ikkje alltid like smertefritt, og rasisme har fleire gonger ført til større problem som Brixtonopptøyene i starten av 1980-åra.

Ken Livingstone, leiar for byrådet i 1980-åra, borgarmeister frå 2000-2008.

Då konflikten i Nord-Irland blussa opp frå 1968 blei London raskt eit mål. PIRA har sprengt fleire bomber i byen, retta både mot tilfeldige sivile, økonomiske mål og myndigheitene.

Etter andre verdskrig blei det definert eit grønt belte rundt London, kor det blei lagt restriksjonar på utbygging. Dette var for å hindre at byen voks heilt uhindra. I 1965 hadde London blitt så stor at grevskapet London ikkje lenger effektivt kunne styre, ettersom store delar av byen låg i andre grevskap. Dermed blei grensene endra slik at grevskapet Stor-London blei oppretta. Byen blei delt i 32 bydelar, og Rådet for Stor-London erstatta grevskapsrådet.

London var i hundreår ein viktig hamneby, men dei gamle kaiane kunne ikkje ta imot moderne containerskip. Trafikken flytta seg derfor til hamner som Felixstowe og Tilbury. Innan 1980-åra låg Docklands meir eller mindre øyde, og ein storstilt fornying av området, med omstilling til industri og bustader, begynte. I same tiår blei Thames Barrier bygd for å verne London mot flaumar.

Strid mellom rådet i Stor-London leia av Ken Livingstone og den konservative regjeringa leia av Margaret Thatcher førte til at rådet blei avskaffa i 1986. Dei fleste av funksjonane deira blei delegert til bydelane. Dette førte til at London blei den einaste store metropolen i verda utan ein sentraladministrasjon. Dette blei gjort om i 2000, då myndigheitene i Stor-London, beståande av Borgarmeisteren av London og Londonforsamlinga blei oppretta. Samtidig fekk London også status som region i England.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

London Eye har blitt eit nytt symbol for byen.

Ved inngangen til det nye millenniet blei den omstridde Millennium Dome reist i Greenwich for å markere det nye tusenåret. Andre prosjekt var meir vellukka, som London Eye, eit stort parisarhjul som opphavleg var tenkt som eit mellombels tilbod, men som blei permanent og trekker fire millionar besøkande i året. National Lottery tildelte store middel til utbetringar av eksisterande attraksjonar, som taket på Great Court i British Museum.

Londonplanen, som blei publisert av borgarmeistaren i 2004, reknar at folketalet vil nå 8,1 millionar innan 2016, med vidare vekst i påfølgjande år. Dette er ein konsekvens av tettare bygningsmasse med fleire høghus,[13] kombinert med store forbetringar av kollektivnettet. Det er framleis ikkje nok pengar til å finansiere enkelte prosjekt som blir sett på som naudsynte, til dømes Crossrail som skal gi jernbanesamband gjennom sentrum utan at ein må flytte seg frå ein stasjon til ein annan.

Den 6. juli 2005 fekk London tildelt Sommar-OL 2012. Feiringa stoppa brått neste dag då byen blei støkkja av ein serie bomber som blei utløyst av islamistiske sjølvmordsbombarar. Dette skjedde på ein buss og på tre undergrunnstog. Meir enn 50 blei drepne og 750 blei skada i angrepet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Billings, Malcolm, London: a companion to its history and archaeology, Kyle Cathie, 1994, ISBN 1-85626-153-0.
  • Herrmann, Richard, Mine gleders by: Historien om London gjennom to tusen år, Cappelen, 1983, ISBN 978-82-421-1113-5.
  • Inwood, Stephen, A History of London, Macmillan, 1998, ISBN 0-333-67153-8.
  • Swanton, Richard (red.): The Anglo-Saxon Chronicle, Phoenix Press, London 2000, ISBN 1-84212-003-4.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tim Allen, Gill Hey, David Miles, «A Line of Time: Approaches to Archaeology in the Upper and Middle Thames Valley, England» i World Archaeology, Vol. 29, No. 1, Riverine Archaeology, (Jun., 1997), pp. 114-129, side 115.
  2. «First `London Bridge' in River Thames at Vauxhall» Arkivert 2011-04-27 ved Wayback Machine. i British Archaeology, no 46, July 1999, Channel4: On the banks of the Thames
  3. Liza Picard, Elizabeth's London (London: Weidenfeld and Nicholson, 2003), side xxi
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Chiara Libero, London, Places and history, White Star Publisher, ISBN 88-8095-551-9
  5. Manuskript A Arkivert 2011-07-26 ved Wayback Machine. seier at «þa Brettas þa forleton Centlond mid micle ege flugon to Lundenbyrg.» i 457, Manuskript B Arkivert 2013-10-17 ved Wayback Machine. seier «þa Bryttas þa forletan Kentland mid myclum ege flugan to Lundenbyrig.» i 456.
  6. 6,0 6,1 Gunhild Riske, Turen går til London, Aschehoug, 2004, ISBN 82-03-22932-8
  7. 7,0 7,1 7,2 Peter Sawyer (ed.) The Oxford Illustrated History of the Vikings (Oxford: Oxford University Press, 1997)
  8. Simon Keynes, "A Tale of Two Kings: Alfred the Great and Æthelred the Unready" i Transactions of the Royal Historical Society, Fifth Series, Vol. 36, (1986), pp. 195-217
  9. «London» i Hutchinson UK Gazetteer, Helicon Publishing, March 2008
  10. 10,0 10,1 "London" i World Encyclopedia. Philip's, 2008. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
  11. Gyldendal Norsk Forlag, London, Gyldendals store konvensjonsleksikon, bind 3 H-L, 3. utg., Gyldendal Norsk Forlag, 1972.
  12. Risbey, P.N., Air Raid Precautions: The Blitz 7 September 1940 - 10 May 1941 Arkivert 2011-08-05 ved Wayback Machine.
  13. London - Full Summary of Projects, www.skyscrapercity.com