Øystein Vidnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Vidnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1976 (47 år)
Fiskå
Yrke skribent

Øystein Vidnes (fødd 18. august 1976 i Fiskå i Vanylven) er ein norsk forfattar, formgjevar og omsetjar. Han er busett i Leikanger.

Vidnes fullførte vidaregåande skule i Volda i 1995, og vart våren 1999 cand.mag. ved Universitetet i Bergen med mellomfag i medievitskap og allmenn litteraturvitskap. Han gjekk ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i året etter. Vidnes har skrive to bøker til no, Bondeforteljingar frå 2002 og Ekstasar frå 2006, og har i 2009 omsett ein del dikt av Fernando Pessoa og romanen Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Mellom 2005 og 2013 har han vore formgjevar i tidsskriftet Vagant og bokmeldar i Morgenbladet. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark.

Bøkene hans er humoristiske og eksperimentelle, og til tider nesten surrealistiske. Bondeforteljingar inneheld moderne og ironiske versjonar av tradisjonelle bondeforteljingar, og han parodierer også stereotypiar av bønder. I Ekstasar møter lesaren ein ein mentalt ustabil ordførar som brått vert anarkist.

Vidnes fekk i 2010 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Gjendiktingar - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Omsetjingar - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2016 – Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-239-6  [Av innhaldet: Dei beinlause / Øystein Vidnes]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]