Arne Domben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Domben
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mai 1906
Flora kommune
Død

27. september 1985 (79 år)

Yrke politi, songtekstforfattar, skribent
Sjanger lyrikk

Arne Domben (fødd 2. mai 1906 på Kinn, død 27. september 1985)[1] var ein norsk politimann og diktar.[2] Han gav ut to diktsamlingar på Fonna Forlag, No er eg blitt politi! i 1943, og Mørk natt i 1976. Domben arbeidde i politiet i mellom anna Florø og Måløy.[2]

I august 1943 vart Domben, og kring 500 andre norske politifolk, arrestert av tyskarane. Han vart send til Grini fangeleir og sidan til Stutthof konsentrasjonsleir der han vart sitjande i fangenskap ut krigen.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 30. september 1985, morgonutgåva, s. 11
  2. 2,0 2,1 ««Kjende personar i Flora fødde år 1900-1940»». Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. 
  3. ««Folk frå Flora i tysk fangenskap»». Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]