Sigrid Henjum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Henjum

Fødd 3. april 1983 (40 år)
Yrke skribent, kayak instructor

Sigrid Henjum (fødd 3. april 1983) frå Leikanger, no busett i Sogndal, er utdanna sjukepleiar, har studert friluftsliv og er utdanna kajakkinstruktør. Ho har jobba som sjukepleiar, breførar, turistguide, matskribent og kokk.

Sigrid Henjum jobbar fast som guide på padleturar på austkysten av Grønland. Ho er også blitt ein ettertrakta foredragshaldar. Vinteren 2012/2013 starta ho, saman med Sander Buene, opp Sogndal Lodge, ein samlingsstad for fjellfolk med overnatting og guida opplevingar.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2010 la Sigrid, som einaste jente, ut på ein tur med ei gruppe som hadde som mål å padle rundt Sør-Georgia i Antarktis. Gruppa lukkast og var dei fyrste i verda som gjorde dette sjølvforsynte. I 2011 leia ho ein ekspedisjon over Grønlandsisen. Våren 2013 jobba Sigrid Henjum som scooterguide på Svalbard.[1]

Fjellsportpris[endre | endre wikiteksten]

I 2011 fekk Sigrid Henjum Den Store Fjellsportprisen, som er ein årleg pris oppretta og administrert av Bratt moro AS. Denne prisen skal gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon som har fremja fjellsporten. I juryen sat Rolf Sanne Gundersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane, Kristina Klokkehaug, lærar og tryggleikssjef Fjellsportfestivalen og Andreas Haslestad, fjellførar/tindevegleiar.[2]

Fjellfolk[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2012 var ho eit av portretta i NRK-dokumentaren «Fjellfolk». Serien handlar om korleis ulike folk lever i, av og med naturen og ser på dette som noko av det viktigaste i livet. Serien set også fokus på kva personane må ofre for å leve slik. Serien er laga av Arve Uglum og Torje Bjellaas og over 700.000 såg første episode 12. februar 2012. Dei andre som vart portrettert i serien var Kjell Nyøygard, Solbjørg Kvålshaugen, Familien Krüger/Getsch og Andreas Haslestad.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gamme: 10 kjappe: Sigrid Henjum
  2. Sogn Avis: Fekk fersk fjellsportpris
  3. UT.no: 700.000 ble med til fjells., arkivert frå originalen 18. april 2012, henta 3. mai 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]