Asbjørn Aarseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Aarseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1935
Inderøy kommune
Død

31. august 2009 (73 år)

Yrke professor, litteraturhistorikar
Språk norsk
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009)[1] var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å studera litteratur, fransk og historie ved Universitetet i Oslo. Han var utvekslingsstudent til Kansas eitt år før han heldt fram studia ved UiB der han tok magistergrad i litteraturvitskap. Aarseth var den fyrste som fekk fast stilling innan allmenn litteraturvitskap ved UiB, og heldt denne stillinga fram til han vart utnemnd til professor i nordisk litteratur i 1985.

Aarseth hadde stor interesse for forfattarskapen til Henrik Ibsen, og skreiv mykje faglitteratur om han, særleg om dramaet Peer Gynt. Han var inspirert av nykritikken, og kritiserte gjerne periodeomgrep som romantikken og realismen ved å argumentera for at ein gjerne deler inn dei litteraturhistoriske epokane i meir kontrastive periodar enn dei faktisk var. Dette synet kjem fram i verktitlar som Realismen som myte. Tradisjonskritiske studier i norsk litteraturhistorie. (1981), og Romantikken som konstruksjon. Tradisjonskritiske studier i nordisk litteraturhistorie. (1985). I den sistnemnde boka går Aarseth gjennom dei epokane som tradisjonelt har vorte kalla realisme og naturalisme og erstattar periodenamna med eit nyansert romantikk-omgrep.

Frå 1986 var han redaktør av bladet Edda. Ti år seinare, i 1996, vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, utnemnd til professor II i litteraturvitskap ved NTNU[2] og engasjert ved Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Denne stillinga hadde han fram til 2001. Aarseth var ei av drivkreftene til prosjektet Henrik Ibsens skrifter. I 2005 gjekk Asbjørn Aarseth av med pensjon, men han heldt fram med Henrik Ibsens skrifter heilt fram til han gjekk bort i 2009.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dnva.no: Minnetale over professor Asbjørn Aarseth. Forfattar: Atle Kittang, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 21. august 2013 
  2. Profil på sidene til Universitetsforlaget, arkivert frå originalen 24. mars 2015, henta 21. august 2013