Reidar Djupedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Djupedal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1921
Oslo
Død

29. juli 1989 (68 år)

Yrke Professor i nordisk språk og litteratur, forfattar
Born Øystein Djupedal, Torkjell Djupedal

Reidar Djupedal (22. mars 192129. juli 1989) var ein norsk språkforskar som var professor i nordisk språk og litteratur ved NTNU i Trondheim.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Djupedal var fødd i Oslo. Til 1927 budde han på Gol. Då flytte familien til Selje.

Etter folkeskulen gjekk han eit år på snikkarskule på Gol, der faren var styrar. Reidar Djupedal tok eksamen på engelsklinja ved Firda gymnasSandane i 1941. Han studerte ved Universitetet i Oslo til hausten 1943. Då vart han arrestert og send til konsentrasjonsleiren Buchenwald. Han kom heim våren 1945. Han tok opp att studia ved Universitetet i Oslo, og i 1950 tok han språkleg-historisk embetseksamen.

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

I 1950-1951 arbeidde Reidar Djupedal med Norsk Ordbok. Frå 1951 til 1956 var han lektor i norsk ved Universitetet i København. Til 1962 var han stipendiat i Oslo. Frå 1962 til 1969 var han dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1969 vart han professor ved Noregs lærarhøgskule, seinare NTNU. Det var han til han vart pensjonist i 1988.

Djupedal er spesielt kjend for arbeidet sitt med Ivar Aasen, m.a. gav han ut Aasens brev og dagbøker ut i tre band, og i lag med Johannes Gjerdåker gav han også ut Aasens Norske ordsprog, og skreiv eit langt etterord til dei. Aasen-samlinga til Djupedal ligg på Aasentunet. Djupedal skreiv også mykje om færøysk og om målreisinga på Færøyane, han skreiv om Aasmund Olavsson Vinje og Dølen, og han skreiv om norske folkeeventyr og om lyrikk. Han var og oppteken av å gje Olea Crøger den merksemda ho fortende i innsamlingsarbeidet med norske folkeeventyr.

Djupedal var filolog snarare enn lingvist, og såg granskinga av språk, litteratur og historie som ein heilskap.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Reidar Djupedal er far til Øystein Djupedal og Torkjell Djupedal.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]