Peder Rasmussøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Rasmussøn
Død

1640

Yrke Prest
Sjanger Salmar

Peder Rasmussøn (d. 1640) var ein norsk prest, og av dei første salmediktarane etter reformasjonen.

Peder Rasmussøn vart fødd på Ytre Fure på Stadlandet i Selje kommune i Nordfjord. Bondesonen Rasmussøn var prest i VoldaSunnmøre frå om lag 1600 til 1640.[1] Peder Rasmussøn fekk i 1630 i boka Peder Rafns Visebok, utgitt i København, prenta fire åndelege songar han hadde skrive.

Desse songane hadde eit religiøst innhald med titlar som «Ah Herre vor Gud i æuighed, Aff Hiertet wi for dig klage», «Siunger Herren loff, prjs alle til lige», «See, oc sku', huor deiligt det er» og «Ah Herre ieg beder dig for ditt Naffn». Truleg er tekstane dikta over salmar i Salmenes Bok i Det gamle testamentet, skrivne nokre år før prentinga fann stad i 1630.[2]

Eitt eksemplar av boka vart funnen på ein bondegard og teken hand om av museet De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum i Sogndal. Etterpå vart boka kjøpt av Universitetsbiblioteket i Oslo. Eigaren av dette eksemplaret var Peder Laugesøn Rafn, tidlegare lagmann i Bergen og i Stavanger, og i følgje ei innskrift på innsida av fremste perm av boka fekk han den i København i 1641 av drettemager Poul Mauryson.

Boka innheld 104 såkalla visetrykk og av desse er 81 på dansk (eigentleg 77 sidan fire av visene er dublettar) og 23 på tysk språk.[3]

Funnet av dei prenta åndelege songane til Peder Rasmussøn gjorde kjent at presten frå Selje var ein av dei aller fyrste salmediktarane i Noreg etter reformasjonen på 1500-talet. Peder Rasmussøn, i lag med Axel Olsen Rødberg frå Selje som blei prest i Vanylven på Sunnmøre, var blant dei få bondegutane frå Nord-Vestlandet som studerte seg fram til å bli teolog på 1600-1700-talet i Noreg.[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1630 – Peder Rafns Visebok (København: Forlag ikkje kjent)  [Peder Rasmussøn med fleire (av desse fem norske forfattarar). Fire Nye Vjser. Nummer 28 i Peder Rafns visebok]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fet 2003, side 118
  2. Tunold 1936, side 146 og Fet 1977, side 12
  3. Tunold 1936, side 135 og Fet 1977, side 11-12
  4. Fet 1977, side 12 og Fet 2003, side 137

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]