Kari Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Bakke

Foto: Alv Reidar Dale
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1908
Lærdal kommune
Død

17. mai 1998 (89 år)

Yrke Forfattar, stenograf
Sjanger Dikt, forteljingar
Debut Finnes du?, dikt (1959)

Kari Kristina Lenvik Bakke, fødd Frydenlund (21. oktober 190817. mai 1998), var ein forfattar og stenograf frå Lærdal i Sogn.[1] Etter framhaldsskule gjekk Bakke på Sogndal folkehøgskule i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografer i Oslo. Saman med to andre kvinner etablerte Bakke eige firma og arbeidde som stenograf før ho flytta til Hønefoss i 1935. Ho var spaltist i Dagbladet frå 1960 og skreiv petitdikt under merket «Gråspurven» i drygt ti år. Frå 1966 var Bakke forfattar på heiltid.

Bakke debuterte med diktsamlinga «Finnes du?» i 1959. Ho gav ut i alt seks bøker. «Gråspurven» (1974) inneheld tekstar som tidlegare hadde vore prenta i Dagbladet. Einar Økland tok initiativ til, og skreiv forord, til samlinga. Han skreiv: Det er ein heilt anna diktar vi møter i Gråspurvens dikt enn når vi les Kari Bakkes diktbøker. Kari Bakke...er kjend som ein følsom og varm humanist, undrande og stundom sjølvgranskande i sin lyrikk. Gråspurven...er også følsom og varm i sin humanisme, men langt meir utovervend.[2]

Kari Bakke skreiv både sentrallyrikk og politisk radikale dikt. Mange av tekstane er tydeleg feministiske og har trivielt kvinneliv og kvinnearbeid i fortid og samtid som tema. Språket er konkret og kvardagsleg. Bakke nytta begge målformene, men skreiv helst på nynorsk og si eiga dialekt. Det siste arbeidet var ei samling dikt og forteljingar på lærdalsmål med tittelen «Fetang : mennesje so mærkte me» (1984). Nokre av tekstane har fått melodi av Tone Ringen. Boka har etterord av Andreas Bjørkum, der han kommenterer Bakke sin bruk av lærdalsmålet. Ho er elles representert med eit titals dikt i boka «Dikting og diktarar frå Sogn», redigert av Bjørkum og Jarle Bondevik. Nokre dikt av Bakke er også komne med i antologiar for barn. Bakke fekk fleire stipend og hadde studieopphald i Danmark, Sverige og Nord-Afrika. Frå 1973 fekk ho Statens faste stipend for eldre fortjente kunstnere. I 1980 vann ho førsteprisen i ei dialekttevling i Sogn Mållag.

Kari Bakke er gravlagd på Hønefoss.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørkum og Bondevik 1998, side 374
  2. Bakke 1974, side 7-8
  3. DIS-Norge : gravminner i Norge, 2015

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]