Oddlaug Reiakvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddlaug Reiakvam
Fødd16. september 1940
Død11. november 1996
Yrkeetnolog, folklorist
EktefelleAtle Kittang

Oddlaug Reiakvam (16. september 194011. november 1996) var ein norsk etnolog og folklorist knytt til Universitetet i Bergen, kjend for å ha gjort fotografiet interessant i forskinga som eit uttrykk for både moderne folkekultur og som historisk og etnologisk kjeldemateriale. Ho bidrog til å forme fagmiljøet for ein heil generasjon av yngre etnologar og kulturvitarar ved Universitetet i Bergen, og til å tone ned det sterke samtidsperspektivet som til då hadde prega den etnologiske og folkloristiske miljøet ved dette universitetet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oddlaug Reiakvam vart fødd i Naustdal i Sogn og Fjordane. Ho tok examen artium ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane i 1960 og ved Statens bibliotekhøgskole i 1964, og hovudfag i etnologi ved Universitetet i Bergen i 1989. Frå 1964 var ho tilsett hjå Universitetsbiblioteket i Bergen i ulike periodar, og frå 1982 ved den store biletsamlinga som er der. I 1995 vart ho tilsett som fyrsteamanuensis i etnologi hjå Institutt for kulturhistorie og kulturvitskap, og frå 1996 hjå Etno-folkloristisk institutt ved Universitetet i Bergen. Ho døydde i Bergen etter å ha vore sjuk ei tid.

Oddlaug Reiakvam vart dr.art. i 1995 ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Bilderøyndom – røyndomsbilete. Fotografi i kulturanalytisk perspektiv. I ei lettare omarbeidd utgåve som enkjemannen Atle Kittang stod for, kom denne avhandlinga ut som bok i 1997 med tittelen Bilderøyndom, røyndomsbilde. Med utgangspunkt i fotografia i fotoarkiva hjå Universitetsbiblioteket i Bergen etter ein turistfotograf, ein bygdefotograf og ein familiefotograf gjev Oddlaug Reiakvam her, på bakgrunn av historiske, kulturanalytiske og biletanalytiske kunnskapar og teoriar, ei skisse av nasjonen, bygda og familien på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gilje, Nils. 2013. Oddlaug Reiakvam (1940-1996), i Rogan, Bjarne og Eriksen, Anne (red.), Etnologi og folkloristikk : En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie, Instituttet for sammenlignende kulturforskning (trykt utgåve) Serie B Skrifter vol. 147. Oslo: Novus forlag.
  • Om Oddlaug Reiakvam i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane


Kjelder[endre | endre wikiteksten]