Søren Nordeide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søren Nordeide

Fødd 4. februar 1872
Død

11. august 1941 (69 år)

Yrke skribent

Søren Andreas Nordeide (4. februar 187211. august 1941) var ein norsk pedagog frå Askvoll, forfattar av ei rad bøker om pedagogikk, filosofi og psykologinynorsk. Han var rektor ved Norges Lærarhøgskole i tida 1922-36.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nordeide var son til ein gardbrukar på Nordeidet i Askvoll. Han vart utdanna lærar i 1894 og skulte dei neste åtte åra i ymse folkeskular. Frå 1902 underviste han fyrst nokre få år på Volda lærarskule, og seinare på lærarskulen i Levanger. Då Norges Lærarhøgskule vart skipa i Trondheim i 1922, vart han tilsett som professor og rektor ved skulen. Denne posisjonen hadde han til 1936, då han slutta for skuld vanhelse.

I 1914 gav Nordeide ut Lærebok i sjælelæra, saman med Erling Kristvik. Dei neste tjue åra skreiv han mange verk og artiklar om pedagogikk og psykologi. Mange av bøkene hans kom i fleire opplag og hadde «mykje å seia for nynorsk målbruk i psykologi og filosofi».[1]

Nordeide var nestformann i Noregs Mållag frå 1917, og elles aktiv Venstre-mann og i fråhaldsrørsla. Han var medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok VIII:1005/6