Anders Nilsen Haave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Nilsen Haave

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1809
Død

31. januar 1867 (57 år)

Anders Nilsen Haave (21. juli 180931. januar 1867) var ein norsk lekpredikant, fråhaldstalar, bonde og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Haave vart gripen av Hauge-vekkinga og vart ein av dei fremste haugianarane i landet. Han reiste rundt i heile landet som forkynnar 1836-1849 og som fråhaldstalar for Den norsk forening mot brændevinsdrik 1855-1866. Han betalte reisene sjølv på arbeid som snikkar og smed.

Frå 1853 var Haave gardbrukar i Stavang i Flora kommune, der slekta sidan m.a. har tidlegare drive landhandel og byggjevareforretning. Han er far til Abraham Hove.

I 1887 gav nokre vener ut «Nogle aandelige Sange», dikta av Anders Haave.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1887 – Nogle aandelige sange (Haugesund: S.A.Nilsens bogtrykkeri)  [Av Tollef Aaraas og Anders Nilsen Haave]

Notar[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]