Samson Madsen Krogness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samson Madsen Krogness
Fødd 1830
Død

1894 (64 år)

Yrke prest, lærar

Samson Madsen Krogness (18301894) var ein norsk prest, lærar, redaktør og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Krogness gjekk på Stord Lærarskule 1847-1849. Han var lærar i Naustdal, Kinn, Skien og Kristiania 1849-1866. Krogness studerte teologi 1862-1866 og emigrerte til Amerika i 1866 og vart ordinert same år. Han var prest 1866-1894 og var også redaktør for fleire blad og tidsskrift i det norsk-amerikanske miljøet.

Krogness gav ut andaktsbok og salmar før han reiste til Amerika, og i Amerika ei bok med religiøst innhald.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1854 – For den christelige huusandagt : bønner og psalmer til hver morgen og aften i ugen : for største deel efter ældre, christelige forfattere (Bergen: F. Beyers forlag)
  • 1858 – Psalmer til brug i missions-forsamlinger (Skien)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]