Svale Solheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svale Solheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1903
Død

20. desember 1971 (68 år)

Yrke skribent
Språk norsk
Politisk parti Norges Kommunistiske Parti

Svale Solheim (15. februar 19031971) var ein norsk folklorist, politikar og forfattar. Han var fødd i Naustdal. Solheim tok studenteksamen med latin og gresk i 1923, studerte eit par år filologi før han drog til sjøs. Han var eit aktivt medlem av Norges Kommunistiske Parti og deltok også aktivt i motstandskampen under krigen. Solheim tok filologisk embetseksamen 1934 med norsk som hovudfag, historie og geografi som bifag. Frå 1935 til 1956 var han tilsett ved Institutt for sammenlignende Kulturforskning som leiar av den folkloristiske forskninga. Han tok doktorgraden i 1940 på avhandlinga Nemningsfordomar ved fiske. 1952–1956 var han førstearkivar ved Norsk Folkeminnesamling og frå 1. august 1956 professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. Han etterfølgde Reidar Th. Christiansen og vart etterfølgd av Olav Bø.

Forskninga hans var prega av materialistisk funksjonalisme. Dette er tydlegast i hovudverket hans: Norsk sætertradisjon frå 1952. Sjølv om boka er deskriptiv og manglar kapittel om teori og metode, ser vi at han klart og oftast overtydande forklarar førestillingar om det overnaturlege ut ifrå materielle forhold. I 1958 skreiv han ein epokegjerande artikkel om historisitet i folkeviser, og han var ein av redaktørane som utarbeidde katalogen over dei skandinaviske balladetypane (TSB katalogen).

Solheim var ein dyktig pedagog og ein avhalden førelesar. Han vekte oppsikt med sine førelesningar om Draumkvedet midt på 1900-talet, og ga inspirasjon til mange yngre, sjølvstendige forskarar som var opptekne av dette materialet, m.a. Olav Bø, Brynjulf Alver, Ådel Gjøstein Blom.

Norsk fjellfestival 2008 vart Norsk Sætertradisjon som einaste fagbok, kåra som ei av dei ti beste norske fjellbøker.(Aftenposten 11. juli 2008)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]