Ragnvald Fagerheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnvald Fagerheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1883
Rivedal
Død

19. mars 1961 (78 år)

Yrke lærar, skribent, lokalhistorikar, politikar
Politisk parti Venstre
Ragnvald Fagerheim på Commons
Minnesmerke over Ragnvald Fagerheim i Dale

Ragnvald Olson Fagerheim (8. mars 188319. mars 1961) var ein norsk lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar. Han var frå Rivedal og busett i Dale i Fjaler kommune. Fagerheim tok eksamen frå Elverum lærerskole 1903, og var lærar m.a. ved Dingemoen skule i Dale frå 1921. Han underviste i nynorsk i skulane før kommunestyret hadde gjort formelt vedtak om nynorskbruk.

Fagerheim var medlem av kommunestyret frå 1914, skulestyreformann 1917-1934 og ordførar 1935-1940 og 1945-1947.

Han var forfattar av bygdeboka for Fjaler, og artikkelsamlinga «Fjaler gjennom 1000 år» (utgj. 1977). Ragnvald Fagerheim var far til Oddleif Fagerheim og Magne Fagerheim. Han var den siste som dreiv lærargarden på Vollen, og borna hans har sett opp ein minnestein over faren på tunet i Klokkargarden.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1955? – Fjaler : heradet og næringsvegane : industrimessa i Dale 1955 (Førde: Øens prenteverk)
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 2. Dale sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 3. Dale og Guddal sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
  • 1977 – Fjaler gjennom 1000 år (Førde: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Artikkelsamling av Ragnvald Fagerheim]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]