Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1853
Alstahaug kommune
Død

5. februar 1937 (83 år)

Yrke skribent, prest
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Milda Dorothea Prytz

Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (6. oktober 18535. februar 1937) var ein norsk prest og forfattar. Han var frå Alstahaug.

Prytz var cand.theol., frå Universitetet i Oslo i 1883. Han var lærar i to år ved kvinnefengselet i Oslo, hadde teneste som kapellan i Valdres før han drog ut og var sjømannsprest i Leith i Skottland frå 1887 til 1893. Prytz returnerte til Norge og var stiftsprest i Bjørgvin i åra 1893 til 1901. Han flytta deretter til Vereide i Gloppen kommune, og vart sokneprest i Gloppen og Breim frå 1904 til 1911, og var i denne perioden prost i Nordfjord frå 1907 til 1911. Han flytta deretter til Porsgrunn der han var sokneprest fram til 1923, då han 70 år gamal trekte seg tilbake.

Medan han var i Gloppen hadde han tillitsverv i Nordfjord Indremisjon. Han var også ein aktiv forfattar og diktar. Han gav ut bøker med preikesamlingar som vart prislønna. Han skreiv også andre bøker med religiøse emne, og dikta songer og salmar. Han skreiv mellom anna «O Jesus min ven, o Jesus min bror».

Prytz skal ha vore modell for kristusfiguren på altartavla til Randbygda kyrkje måla av Ferdinand Kiærulf Tranaas.

Prytz sine foreldre var Eiler Hagerup Krog Prytz (1812-1900) og Anna Margrethe Thomesen (1820-1900) som var frå Bodø.[1] Han var far til kjemikaren Milda Prytz (1891–1977) og politikar og forretningsmann Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (1878–1945).

Statsråd Torolf Prytz var ein yngre bror av Anton Jakhelln Prytz.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1875 – Kortfattet norsk grammatik (Kristiania: Gram) I fulltekst ved nb.no
  • 1880 – Livsbilleder fra Kristi Kirkes Historie (Gjøvik: Bodding) I fulltekst ved nb.no
  • 1880 – Livsbilleder fra Kristi Kirkes Historie : mestendels efter det Tyske (Kristiania: Mallings Boghandels Forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1883 – Livsbilleder fra den nyere Kirkehistorie (Kristiania: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
  • 1884 – Et trekløver fra Norges kirke : Livsbilleder av Gjertrud Egede, Berte Kanutte Aarflot og Henriette Gislesen (Kristiania: Den Norske Lutherstiftelse) I fulltekst ved nb.no
  • 1885 – Nogle Vidner i Kristi Kirke : Livsbilleder (Kristiania: Den Norske Lutherstiftelse) I fulltekst ved nb.no
  • 1893 – Veien til Himmelen : en Samling Prædikener af norske Prester over første Rækkeaf vor Kirkes nye Høimessetekster (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1910 – For hjemmets søndag : Prækener over 1ste tekstrækkes evangelier (Nordfjordeid: Brødrene Totlands forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1913 – For det daglige liv : betragtninger over utvalgte bibelsteder : for et halvaar (Bergen: John Grieg) I fulltekst ved nb.no
  • 1924 – Søndagen i hjemmet : korte prækener over de tre tekstrekkers evangelier (Porsgrund: Dyring) I fulltekst ved nb.no
  • 1926 – Søndagen (Oslo: Indremissionsselskapets forlag) I fulltekst ved nb.no

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølge dåpsprotokollen til mora (fødd 1820) var hennar foreldre Thomas Christophersen og Maren M. Nielsdatter. To av fadrane var Christian Jakhelln og Andreas Jakhelln—sjå Jakhelln (slekt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]