Siri Ingvaldsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Ingvaldsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. september 1959 (64 år)
Bergen
Yrke bibliotekar, lærar
Språk norsk

Siri Ingvaldsen (fødd 19. september 1959) er ein norsk bibliotekar og lærar. Ho er fødd i Bergen og busett i Dale i Sunnfjord i Fjaler kommune sidan 1983.

Ingvaldsen er bibliotekar og lærar, med hovudfag i historie. Ho har vore tilsett mellom anna ved Universitetet i Agder, Haugland Internasjonale Forskings- og Utviklingssenter (HIFUS), Røde Kors Nordisk United World College, i Fjaler kommune og i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan 2013 har ho vore tilsett som fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane.

Ingvaldsen har bidrege i bokprosjekt og tidsskrift med artiklar om bibliotekfaglege og historiske emne, og mellom anna vore prosjektleiar for prosjekt knytte til Gulatinget i Gulen kommune og internasjonalt tingstadsamarbeid i Nord-Atlanteren. Boka Gulatinget, utgitt på norsk i 2011 og engelsk i 2012, er resultat av eit formidlingsprosjekt om tingstaden.

I perioden 2009-2013 var Siri Ingvaldsen leiar i Program for skulebibliotekutvikling, ei nasjonal satsing som Universitetet i Agder gjennomførte på vegner av Utdanningsdirektoratet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 – Rette foreldre og virkelige barn : norsk adopsjonslovgivning 1917-1986 (Bergen) I fulltekst ved nb.no  [Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Bergen, 1996 II]
  • 2002 – Blind høne kan finne korn, men kan ho skilje klinten frå kveiten? : undervisning i informasjonssøking i vidaregåande skule (Dale)
  • 2008 – Nogle ord til den vestlandske bonde : Landmark-familien i folkeopplysningsarbeid og nasjonsjonsbygging 1808-2008 (Tysse: Lillingstonheimen). ISBN 978-82-997871-0-9  [Utg. av Haugland internasjonale forskings- og utviklingssenter A/S. Red. av: Magne Bjergene og Siri Ingvaldsen]
  • 2009 – Democracy and the welfare state : the Nordic nations since 1800 (Aarhus: Turbine). ISBN 978-87-7090-105-5  [Av Siri Ingvaldsen, Thomas Larsson og Erik Overgaard Pedersen]
  • 2011 – Tekstmangfold og tilpasset opplæring i skolebiblioteket : ressursskoler 2010-2011 i Program for skolebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder). ISBN 978-82-998687-0-9
  • 2011 – Gulatinget (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-046-6
  • 2012 – Gulatinget (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-051-0  [Engelsk utgåve]
  • 2012 – Lærelyst og leseglede i skulebiblioteket : ressursskular 2011-2012 i Program for skulebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder). ISBN 978-82-998687-2-3  [Av Siri Ingvaldsen, Anne Kari Slettan og Inger Berg Wilhelmsen]
  • 2013 – Undre og spørje, skape og dele- : skulebiblioteket i undervisninga : ressursskular 2012-2013 i Program for skulebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder). ISBN 978-82-998687-4-7  [Av Mari-Anne Mørk, Inger Berg Wilhelmsen, Siri Ingvaldsen]
  • 2016 – Media and information literacy in higher education : educating the educators ( Chandos Publishing). ISBN 978-0-08-100630-6  [Red. av Dianne Oberg, Siri Ingvaldsen]
  • 2021 – Gulatinget : historia og landskapet (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-168-5  [Medforfattar: Torkjell Djupedal]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]