Kåre Hovland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Hovland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1944 (80 år)
Lærdal kommune
Yrke lærar, skribent, politikar
Politisk parti Senterpartiet

Kåre Hovland (fødd 1944) er ein norsk lærar, bygdebokredaktør og Senterparti-politikar. Han er frå Borgund i Lærdal kommune.

Hovland har arbeidd som lærar ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og som rektor ved Berge skule.

Han vart seinare tilsett som kulturvernkonsulent i Lærdal kommune og har vore redaktør for Lærdal bygdebok.

Hovland har vore medlem i skulestyret i 20 år og varaordførar frå Senterpartiet 1991-1993.

I 2018 fekk Hovland utdelt Kongens Fortenstmedalje for kulturarbeidet han har lagt ned i Lærdal, mellom anna for Kongevegen over Filefjell.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 – Lærdal bygdebok. 1. Heim og ætt : Borgund sokn (Lærdal: Lærdal kommune). ISBN 8299209501 I fulltekst ved nb.no  [Red. av: Alfred Espe, Ola Gram, Kåre Hovland]
  • 1988 – Arbeidsliv i gamle Lærdal og Borgund (Lærdal: Lærdal Lions Club)  [Frå Lærdal Bygdebok sitt arkiv ; nr 2, 1988]
  • 1990 – Lærdal bygdebok. 2. Heim og ætt : Tønjum sokn : Galdane - Bø (Lærdal: Lærdal kommune). ISBN 82-992095-3-6 I fulltekst ved nb.no  [Red. av: Alfred Espe, Kåre Hovland]
  • 1994 – Lærdal bygdebok. 3. Heim og ætt : Tønjum og Hauge sokn : Grøto - Hunderi (Lærdal: Lærdal kommune). ISBN 82-992095-0-1 I fulltekst ved nb.no  [Red. av: Alfred Espe, Kåre Hovland]
  • 1995 – 'No lukta det fred!' : glimt frå Lærdal og Borgund 1940-1945 (Lærdal: Lærdal kommune)  [Av: Kristian Gjerde, Kåre Hovland, Knut Nesse. Skrifter frå Lærdal og Borgund ; 5]
  • 1999 – Frå vatn til watt : Borgund Kraftverk 25 år 1974-99 (Sarpsborg: Østfold Energi). ISBN 82-995016-2-8 I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Lærdal bygdebok. 4. Heim og ætt : Hauge sokn : Lærdalsøyri, Mjelde - Øye - Stødno (Lærdal: Lærdal kommune). ISBN 82-992095-5-2  [Red. av: Alfred Espe, Kåre Hovland]
  • 2005 – Lærdal bygdebok. 5. Heim og ætt : Hauge sokn : Erdal - Strendene - Vindedal - Frønningen (Lærdal: Lærdal kommune). ISBN 82-992095-6-0  [Red. av: Alfred Espe, Kåre Hovland]
  • 2012 – A/S Trevaren 90 år : frå snikkarverkstad til totalentreprenør (Lærdal: A/S Trevaren). ISBN 978-82-303-2167-6

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kongens fortenestemedalje til Kåre Hovland», Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, henta 2. juni 2021