Johan Lindstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Lindstrøm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. november 1893
Lærdal kommune
Død

6. mai 1958 (64 år)

Yrke arkitekt
Lindstrøm leia gjenreisinga av Håkonshallen.
Foto: Petr Šmerkl
Fjærland kyrkje fekk ein heilt anna utsjånad etter ei ombygging planlagd av Lindstrøm.
Foto: Chell Hill

Johan Lindstrøm (25. november 18936. mai 1958) var ein norsk arkitekt. Han var frå Lærdal.

Lindstrøm fullførte studiane ved Norges tekniske høgskole i 1921. Han arbeidde deretter som arkitekt i Bergen og oppførte eit stort antall bygningar frå 1920-talet til 1950-talet. Johan Lindstrøm hadde slektsrøtene sine i den gamle hotell- og handelsfamilien på Lærdalsøyri og han var den første som tok opp arbeidet med å få verna det gamle trebygningsmiljøet der. Han var ein sentral skikkelse innanfor den såkalla Bergensskulen av arkitektar på 1930-talet. Desse arkitektane nytta ofte den lokale trebygningskulturen som inspirasjonskjelde. Lindstrøm var oppteken av å vidareføra nasjonal byggeskikk i samtidas arkitektur[1] I 1927 gav han ut boka Tunbrot og nybygnad på Vestlandet som hadde som program å «...vekkje og auke sansen for ein betre byggjemåte i bygdene våre»[2] I 1955 vann han konkurransen om restaurering av Håkonshallen, der store delar måtte gjenreisast etter ein eksplosjonsulykke i 1944. Dette prosjektet vart fullført av sønene hans Jon Lindstrøm og Claus Lindstrøm saman med Peter Helland-Hansen.

Sonen Claus Lindstrøm førte faren sitt arbeid vidare, og han gav i 2004 ut boka Mellom aust og vest : eldre bygninger i Lærdal, Alvheim og Eide, som er eit stort dokumentasjonsverk med registrering og oppmåling av gamle bygningar m.a. i Lærdal.

Bygninger[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. riksantikvaren.no Lesetips: Arkitekten Johan Lindstrøm
  2. Johan Lindstrøm i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
  3. Hotel Grandane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]