Olav Anfinnson Refsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Anfinnson Refsdal

Fødd 18. november 1862
Død

29. mai 1945 (82 år)

Yrke skribent

Olav Anfinnson Refsdal (18. november 186229. mai 1945) var ein norskamerikansk prest, målmann og forfattar. Han var fødd i Vik og døydde i Amerika. Refsdal gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var lærar i sju år, før han utvandra til Amerika i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og vart uteksaminert som teolog ved Augsburg Seminary i Minnesota i 1893.

Refsdal arbeidde deretter som prest i nesten 50 år i ulike statar i USA. I tillegg til prestegjerninga redigerte han to tidsskift: Barnets Ven (1899–1903) og fråhaldsbladet Lyngblomsten (1907–15). Han publiserte preiker, gav ut bøker og i tillegg publiserte han ei mengd dikt i ulike norskamerikanske aviser og blad.

Refsdal synte stor interesse for målsaka og skreiv fleire tekstar og heldt preiker på nynorsk. Læsebogen er den einaste leseboka på norsk i Amerika med nynorske tekstar. Fagerliens Tvillinger inneheld sju dikt på nynorsk. Refsdal var òg med i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna. Her publiserte han dikt og korte innlegg der han tala varmt for målsaka. Refsdal var fråhaldsmann og var i fleire år sekretær i den nasjonale fråhaldsrørsla.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1898 – Barnebogen (Minneapolis, Minnesota)
  • 1902 – To konfirmanter : fortælling for børn (Minneapolis, Minnesota: The Free Church Book Concern)
  • 1903 – Læsebogen (Minneapolis, Minnesota: The Free Church Book Concern)
  • 1912 – Fagerliens tvillinger : eller Hverdagslivet (Chetek, Wisconsin) I fulltekst ved nb.no
  • 1916 – Elias : digt (Eau Claire, Wisconsin: Fremad)
  • 1916 – Samuel (Eau Claire, Wisconsin: Fremad) I fulltekst ved nb.no
  • 1916 – Sange (Deer Park, Wisconsin)
  • 1917 – Salmernes bog i Bibelen : skrevet til kjendte salmemelodier, saa salmerne kan synges i menigheden (Deer Park, Wisconsin)
  • 1934 – Forandringen paa Stone Hill (Minneapolis, Wisconsin)

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]